Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte torsdag den 5. februar 2026 *

Dato:
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: 

Innhold

*) Referatet er ennå ikke korrekturlest​.

Sak nr. 7 [18:32:45]

Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud, Frank Edvard Sve, Dagfinn Henrik Olsen, May Helen Hetland Ervik, Mats Henriksen og Sylvi Listhaug om å prioritere E39 Solavågseidet–Blindheim–Moa (Innst. 92 S (2025–2026), jf. Dokument 8:34 S (2025–2026))

Talere

Presidenten []: Etter ønske frå transport- og kommunikasjonskomiteen vil presidenten ordna debatten slik: 3 minutt til kvar partigruppe og 3 minutt til medlemer av regjeringa.

Vidare vil det – innanfor den fordelte taletida – verta gjeve anledning til inntil sju replikkar med svar etter innlegg frå medlemer av regjeringa, og dei som måtte teikna seg på talarlista utover den fordelte taletida, får òg ei taletid på inntil 3 minutt.

Geir Inge Lien (Sp) [] (ordførar for saka): I dag behandlar vi eit representantforslag frå Framstegspartiet om å prioritere bygging av E39 Solavågseidet–Blindheim–Moa. Strekninga er ei av dei mest trafikkerte og ulykkesutsette strekningane på E39 nord for Bergen. Det er ein flaskehals for både pendlarar, næringstransport og beredskap, og det er difor ikkje nokon tvil om at dette er eit viktig prosjekt for regionen.

Eg vil takke komiteen for det gode samarbeidet i saka.

Sjølv om strekninga er viktig, er prosjektet ikkje modent for å verte bygt i dag. Det er ikkje regulert, finansiering er ikkje avklart, bompengeopplegget er ikkje politisk behandla lokalt, og det står att både kvalitetssikring og vidare planarbeid. Prosjektet er heller ikkje inne i noverande NTP. Prosjektet manglar dessverre heilt grunnleggjande føresetnader for at ein kan gje klarsignal for utbygging.

Samtidig er det òg viktig å minne om kvifor delar av dette prosjektet kunne ha vore både meir modent og kanskje allereie under bygging – dersom det ikkje hadde vorte stoppa under Framstegspartiet si tid i regjering. Delar av strekninga var opphavleg meint å inngå i Bypakke Ålesund, men vart teke ut av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen før saka kom til Stortinget. Det har kosta tid, og det har kosta framdrift. Det er difor litt spesielt å behandle eit forslag frå Framstegspartiet som dei ikkje har sett av ei einaste krone til i sitt alternative budsjett. Dette gjev lite truverd.

Eg er glad for at Statens vegvesen no har valt å gå vidare med løysinga med lang tunnel, som varetek lokale ønske og innspel. Det gjev eit betre utgangspunkt for vidare planlegging og for lokal forankring. Nasjonal transportplan skal gje føreseielege vilkår for folk og næringsliv, og er basert på lokale prioriteringar. Vi kan ikkje styre rekkefølgja på prosjekt etter representantforslag, spesielt der prosjekta er umodne.

Senterpartiet er positive til at E39 Solavågseidet–Blindheim–Moa kjem inn i neste NTP dersom ein prioriterer dette lokalpolitisk.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Denne saka her viser litt av den frustrasjonen iallfall underteikna har knytt til spesielt samferdselssaker og korleis ting fungerer i dette huset her, på ein veldig god måte.

Representanten Geir Inge Lien, Høgre og Arbeidarpartiet stod i valkampen og lova høgt og tydeleg at dette prosjektet, Solavågseidet–Blindheim–Moa – til representanten Geir Inge Lien: Solavågseidet–Blindheim kjem før Moa – skulle ein byggje. Alle skulle prioritere det prosjektet. Det var berre å køyre på, det var ikkje måte på korleis ein skulle prioritere det.

Forslaget er ikkje at ein skal løyve pengane i dag, ein ber om å få ein plan for korleis ein har tenkt å gjere det med prosjektering, planlegging og også finansiering. For å kunne få det inn i ein framtidig NTP, må ein faktisk ha den rekkefølgja, og ein må gjere det for å kunne få dette opp og fram i prosjektering.

I førre periode stod vi her i ein initiativdebatt angåande trafikktrygging og trafikksikkerheit. Vi var alle partia einige om at antalet hardt skadde og drepne i trafikken er ei kjempeutfordring. Tala for 2025 vart dessverre høgare enn tidlegare, og vi ser det dessverre så langt i år òg.

Alt dreier seg om å gjere alle moglege tiltak for å få ned antalet hardt skadde og drepne i trafikken. Det er vi alle hjartans einige om, men der stoppar det. Det stoppar gjennom at vi i FrP faktisk ønskjer å gjere noko med det. Grunnen til at vi tok opp den initiativdebatten, var å få gjort noko med dei farlegaste vegane vi har i landet.

E16 Skaret–Hønefoss er kanskje den aller verste. Ein veg som kjem veldig høgt opp på lista – han er sannsynlegvis nummer to – er akkurat denne strekninga her. Det er enormt mange alvorlege ulukker og mange dødsulukker der. Det er ei kjempefarleg vegstrekning, med opp mot 25 000 bilar i ein eittløpstunnel. Det er Noregs mest trafikkerte eittløpstunnel, og det smell i tide og utide.

Kva gjer vi som storting då? Kva gjer vi som politikarar? Når systemet ikkje fungerer, er det vårt ansvar som politikarar faktisk å gjere noko med det, men det evnar vi ikkje. Då snakkar vi om ein nasjonal transportplan som ikkje eksisterer. Det er ingen vedteken nasjonal transportplan. Det er seks prosjekt som vart vedtekne i seks romartalsvedtak, men NTP-en er ikkje vedteken. Det er ein Arbeidarparti–Senterparti-NTP, som hadde mindretal. Vi hadde eit mindretal, Høgre hadde eit mindretal, SV og andre parti hadde mindretal. Det er ingen NTP som gjeld i dag, så slutt og snakk om det – det vert berre heilt feil.

Eg er skuffa over at ingen har vyar, ingen har idear om kva som skal til for å få trafikken tryggare på den strekninga – eller for den saks skuld andre strekningar. Det er synd. Det er synd for bilistane, det er synd for trafikktrygging.

Eg tek opp forslaget vi hadde.

Presidenten []: Representanten Frank Edvard Sve har teke opp det forslaget han refererte til.

Anne Kristine Linnestad (H) []: Det er ingen tvil om at E39 Solavågseidet–Blindheim–Moa er en sterkt trafikkert og viktig transportkorridor i Møre og Romsdal, med tidvis 25 000 kjøretøy i døgnet. Næringslivet i Møre og Romsdal beskriver kjøreruten gjennom fylket som å stå 29 minutter på rødt og 1 minutt på grønt lys, og det ene grønne minuttet er i tillegg bompengefinansiert eller man må betale for en ferge. Dette er altså en strekning som går mellom flere viktige fergestrekninger, som har mye trafikk, og som er svært utsatt for ulykker, både alvorlige dødsulykker og ulykker med hardt skadde.

Høyre er opptatt av å binde landet tettere sammen, slik at folk og næringsliv kommer seg raskt og trygt fram, men vi mener allikevel at prioriteringer av samferdselsprosjekter i størst mulig grad må skje i nasjonal transportplan, og at prosjektene må finansieres i de årlige budsjettene. Dette prosjektet vi nå debatterer, er ikke prioritert i NTP for 2025–2036, og det er bakgrunnen for at vi vil komme tilbake til prioriteringer av nye veiprosjekter ved neste rullering av NTP.

Sett i lys av forrige sak og ikke minst representanten Sves utblåsning i denne saken, vil jeg si at dersom FrP virkelig hadde ment at denne strekningen skulle prioriteres nå, hadde de vel i hvert fall nevnt den med et lite ord i det alternative statsbudsjettet de selv har lagt fram for 2026. Den er verken nevnt, beskrevet eller satt av penger til. Ja, Høyre har snakket om strekningen i valgkampen, men FrP har foreslått et vedtak de overhodet ikke har nevnt i eget budsjettforslag.

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: E39 Solavågseidet–Blindheim–Moa er en viktig transportkorridor i Møre og Romsdal. Det er en ÅDT på cirka 13 000 ved Solavågseidet og 22 000 ved Blindheimstunnelen. Kommunedelplan for prosjektet var på høring i 2025, og etter innsigelser og faglige vurderinger ble alternativet med vei i dagen skrinlagt. Statens vegvesen har gått videre med alternativ 1, som er tunnel fra Blindheim til Breivika.

Det er likevel aktivitet på strekningen, og det er viktig, siden dette er en ulykkesutsatt strekning. Regjeringen varslet i Nasjonal transportplan at det kunne være aktuelt å starte utbedring av E39 Veibustkrysset. Nå har Statens vegvesen satt i gang arbeidet med å etablere et toplanskryss og et nytt fortau i Veibustkrysset. Denne utbedringen vil gjøre det tryggere og mer forutsigbart for bilistene som bruker veien til og fra Ålesund.

Planporteføljen til Statens vegvesen er fastsatt i Nasjonal transportplan for 2025–2036 og Stortingets behandling av denne. I tildelingsbrevet til Statens vegvesen er det gitt føringer om at det ikke skal brukes unødig mye ressurser på planlegging. Det innebærer at vi må tilpasse den planleggingsaktiviteten til den til enhver tid gjeldende innfasing av Nasjonal transportplan.

Som representantene er kjent med, er ikke E39 Vegsund-Breivika i Statens vegvesens planportefølje. Det er naturlig å vurdere – som flere har vært inne på – hvilke prosjekter som skal inngå i Statens vegvesens planportefølje ved neste rullering av nasjonal transportplan. Man kan mene at det er et byråkratisk og tungrodd system, men det er det systemet vi benytter oss av alle sammen for å prioritere i transportsektoren, og jeg synes det er et ganske godt system.

Presidenten []: Det vert replikkordskifte.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Når det gjeld NTP, som det vert snakka om heile tida, er systemet slik at det ikkje var nokon nasjonal transportplan som fekk fleirtal i behandlinga. NTP-en frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet kom frå eit mindretal. Vi hadde vår eigen NTP og var i mindretal. Høgre sin NTP var òg støtta av eit mindretal. I NTP-en til Framstegspartiet var dette prosjektet inne som eit viktig prosjekt. Det sto ikkje i forslaget til NTP frå den dåverande regjeringa, altså Arbeidarparti–Senterparti-regjeringa.

Når ein har så mange trafikkulykker, meiner regjeringa at det ikkje er nødvendig å ta fatt i slike prosjekt, som er enormt trafikkfarlege, eller er ein nøydd til å vente på prosedyrane, mens folk vert hardt skadd og drepne, fordi ein ikkje evnar å kunne ta grep når det er så alvorleg som det er på den strekninga?

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: Det er ikke mer enn 4 minutter siden at jeg sto på talerstolen og fortalte om Veibustkrysset, som har vært et trafikkfarlig og utsatt kryss, men som denne regjeringen nå prioriterer. Det skal nå bygges om, og det vil være med på å gjøre strekningen mer trafikksikker. Jeg har sagt at dette prosjektet har vært i en planprosess. Det prosjektet kan vurderes for planporteføljen i Nasjonal transportplan, når den skal rulleres. Arbeidet med å rullere Nasjonal transportplan starter som kjent opp.

Vi forholder oss til NTP-en vi la fram, pluss det som Stortinget ga flertallstilslutning til. Det var ingen votering i Stortinget som tilsier at den planporteføljen vi har, ikke skal være styrende for Vegvesenets arbeid.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Det er eg fullstendig klar over, og det er bra at regjeringa tok tak i Veibustkrysset etter at underteikna og Sylvi Listhaug fremja kanskje tre, fire eller fem Dokument 8-forslag. Til slutt tok regjeringa saka, og det er vi veldig glade for. Det viser at det nytter å stå på; det er akkurat det vi gjer no også.

Det er rett at det ikkje vart stemt over Nasjonal transportplan, og at det er førande for det arbeidet som ligg, men det opnar også opp for at ein faktisk kan ta grep når det er heilt nødvendig for veldig viktige vegstrekningar. Det er det som er grunnlaget her. Skal vi kome oss vidare og få det prosjektet inn i Nasjonal transportplan i framtida, er ein heilt avhengig av å kome vidare i planlegginga og prosjekteringa. Det er slik i Stortinget – og slik må det vere – at ein må kunne ta spesielle grep når ein ser at heilt spesifikke vegstrekningar er veldig ulykkesutsette, som denne strekninga er.

Er det fullstendig umogleg?

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: Først kan jeg forsikre representanten Sve om at det som gjorde inntrykk på oss når det gjaldt å prioritere Veibustkrysset, var trafikksikkerhetsutfordringene som var på stedet, og de befaringene jeg selv var til stede på. Jeg skal ikke si at Dokument 8-forslagene ikke gjorde inntrykk, men det var ikke grunnlaget for regjeringens prioritering.

Vi har laget et system i Norge for å prioritere prosjekter opp mot hverandre. Jeg kan ikke nå stå og si at dette prosjektet er viktigere enn x antall andre prosjekter i landet. Det tror jeg heller ikke at representanten Sve kan gjøre. Han kan sikkert gjøre det, med sitt utgangspunkt fra sitt hjemfylke, men hele poenget med Nasjonalt transportplan er jo at vi avveier mot hverandre og prioriterer de ulike prosjektene mot hverandre. Hvis vi skal ha en løsrevet prosess, hvor vi tar stilling til enkeltprosjekter, tror jeg det blir veldig vanskelig for oss å styre landet.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Det er eg for så vidt einig i. Vi må ha prioriteringar, men statsråden bekreftar jo sjølv at etter mange Dokument 8-forslag – kva slags inntrykk dei gjorde, veit eg ikkje, men det vart jo garantert registrert, for vi behandla det i Stortinget kvar gong – prioriterte ein til slutt Veibustkrysset på grunn av den trafikkfarlege situasjonen i det krysset. Då må det jo vere mogleg å behandle andre saker om andre vegar som er spesielt trafikkfarlege. Det er poenget mitt: Når ein her har ein heilt spesiell situasjon, med eit område som har så enormt mange ulykker at ein tek tak i eitt av kryssa som er farlege, mens det har skjedd endå fleire ulykker i hovudstrekningane vidare, må det vere mogleg å ta grep som kan få ned talet på hardt skadde og drepne. Det er poenget mitt. Eg forstår at det er svært vanskeleg, men det burde det ikkje vere. Eg håpar inderleg at statsråden kan bekrefte at det går an å gå ut av boksen og prioritere slike prosjekt.

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: Representanten Geir Inge Lien redegjorde godt for prosjektets forhistorie. Dette prosjektet var, så vidt meg bekjent, en del av bypakken i regionen. Så ble det tatt ut av en tidligere statsråd fra Fremskrittspartiet. Så det er noe med å gå litt inn i sin egen forhistorie når det gjelder disse prosjektene. Men jeg har full respekt for at representanten Sve jobber for dette prosjektet – det er et godt prosjekt på mange vis – men det må prioriteres i sammenheng med alle de andre prosjektene i Norge.

Presidenten []: Replikkordskiftet er avslutta.

Dei talarane som heretter får ordet, har òg ei taletid på inntil 3 minutt.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Dei tilbakemeldingane om bypakken som kom frå bl.a. representanten Geir Inge Lien, som også statsråden nemnte no nettopp, er ganske spesielle. Eg kunne ha halde eit ganske langt innlegg om innhaldet i desse bypakkane, men ein ting er bra sikkert: Strekninga på E136, som snart er ferdig bygd, hadde aldri vorte starta på viss ein hadde drege andre prosjekt inn i det. Det var det som var grunnlaget for at statsråden vår sa at viss ein skal ha inn mykje meir, ville porteføljen ha vorte kanskje tre gonger så stor som den som vart vedteken for E136, som er den bypakken som er i dag. Det ville ført til full ny behandling på alle felt, noko som ville ført til mange års utsetjing. Ein ville sannsynlegvis også hatt store problem med å få gjennom eit prosjekt til 10 mrd. kr, samanlikna med eit prosjekt til ca. 3 mrd. kr. Vi veit alle kor krevjande det er. Det var litt av grunnlaget og forhistoria til det.

Når det gjeld prosjekt for så viktige trafikktryggingsområder, er det ei svakheit i systemet vårt – Nasjonal transportplan – at det er ei behandling i Stortinget utan noko fleirtal for ein plan. Det vert gjort nokre fleirtalsvedtak, men resten flyter på ein måte når det gjeld styring. Eg er klar over at Vegvesenet har sine styringssystem rundt NTP-en til regjeringa. No har vi igjen ei mindretalsregjering, med Arbeidarpartiet aleine, og det kan ikkje vere slik at viss det ikkje vert fleirtal for nokon NTP, så er det Arbeidarpartiet som aleine skal styre all samferdselspolitikk vidare. Det er ikkje demokratisk. Det er eit system som er fullstendig feil. Difor meiner eg at når det kjem viktige saker, med mange hardt skadde og trafikkdrepne i tillegg, må det vere mogleg å ta grep og innføre tiltak på vegar som er så farlege. Det var heile grunnlaget for å få fram den saka – å få sett i gang planlegging, prosjektering og å få ein plan for korleis ein kan få prosjektet inn i ein NTP, sjølvsagt seinare. Men for å kunne få han inn i ein NTP, må det faktisk vere planlagd og prosjektert. Vi veit alle korleis dette er.

Det er i alle fall eit veldig dårleg argument å seie at vi ikkje la det inn i vårt eige budsjett, når vi i ei sak bad om å få ein plan for ei finansiering. Etter at planen er klar, ville det vore naturleg å få inn budsjettering. Det trur eg at Høgre også forstår – dei forstår seg ganske godt på pengar, trur eg. Det kan ikkje vere byråkratiet som skal styre alt dette.

Ønskjer vi tryggare vegar og færre hardt skadde og drepne i trafikken, må vi evne å gjere noko med det – men det gjer vi dessverre ikkje i dag når det gjeld viktige vegar.

Presidenten []: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 7.

Votering, se tirsdag 10. februar