Stortinget - Møte torsdag den 19. juni 2025 *

Dato: 19.06.2025
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 511 S (2024–2025), jf. Dokument 8:241 S (2024–2025))

Søk

Innhold

*) Referatet er ennå ikke korrekturlest​.

Sak nr. 4 [12:32:08]

Innstilling fra Stortingets presidentskap om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marie Sneve Martinussen, Seher Aydar og Tobias Drevland Lund om innføring av lobbyistregister på Stortinget (Innst. 511 S (2024–2025), jf. Dokument 8:241 S (2024–2025))

Talere

Presidenten []: Presidenten vil ordne debatten slik: 5 minutter til hver partigruppe.

Videre vil det ikke bli gitt anledning til replikker, og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

Andre visepresident Nils T. Bjørke []: Eg vil på vegner av presidentskapet leggja fram innstilling om representantforslag fremja i Dokument 8 241 S, frå stortingsrepresentantane Marie Sneve Martinussen, Seher Aydar og Tobias Drevland Lund. Til forslag om etablering av lobbyregister for Stortinget vil eg starta med at liknande forslag har vorte fremja fleire gonger tidlegare, utan at desse har vorte vedtekne. Stortinget handsama eit liknande forslag seinast i januar 2024, utan at det fekk fleirtal. Fleirtalet i presidentskapet kan ikkje sjå at saka står i eit vesentleg anna ljos enn då det sist vart handsama og meiner difor dette representantforslaget ikkje bør verta vedteke.

Forslaget om at Stortinget skal be regjeringa setja ned eit utval for å greia ut korleis eit lobbyregister kan innførast, liknar òg forslag som er fremja tidlegare, utanfor fleirtalet. Presidentskapet har lagt fram punkt 1 og 3 i det nye representantforslaget for kommunal- distriktsministeren. Kommunal- og distriktsministeren har i si fråsegn vist til at det bør vurderast grundig kva som er problemet før ein set i gang eit slikt utval. Det er usikkert om eit lobbyregister er den rette løysinga på utfordringa. Kommunal- og distriktsministeren viser òg til at ein del av omsyna eit lobbyregister skal ivaretaka, alt er ivaretekne av andre verkemiddel som e-innsyn og publiserte kalenderoppføringar. I tillegg kjem at Noregs NOU-system og offentlege høyringar sikrar at politikkutforming er kunnskapsbasert, og at forslag kan diskuterast offentleg.

Fleirtalet i presidentskapet er samd i dei momenta kommunal- og distriktsministeren legg fram, og meiner at det ikkje er føremålstenleg å setja ned eit utval med mandat å greia ut korleis eit lobbyregister kan innførast. Fleirtalet i presidentskapet sluttar seg difor ikkje til representantforslaget om at Stortinget skal be regjeringa setja ned eit slikt utval.

Punkt 3 i representantforslaget er forslag om at regjeringa vert oppmoda om å fremja forslag om å endra lov om registrering av verv og økonomiske interesser for regjeringsmedlemer, statssekretærar og politisk rådgjevarar, slik at tidlegare oppdragsgjevarar og innhaldet i oppdraget skal opplysast om. Dette forslaget er ei oppfølging av eit oppmodingsvedtak frå 2018. Presidentskapet viser til at kommunal- og distriktsministeren si fråsegn til dette forslaget opplyser at regjeringas arbeid med eit høyringsnotat om saka er forseinka, men at departementet tek sikte på at eit høyringsnotat vil verta ferdig i løpet av 2025. Fleirtalet i presidentskapet finn på denne bakgrunnen ikkje å kunna støtta oppmodingsforslaget til regjeringa om å fremja forslag om å endra lov om registrering av verva og dei økonomiske interessene til regjeringsmedlemer, statssekretærar og politiske rådgjevarar. Eg oppfattar at eit samla presidentskap er samd i at det ikkje er grunn til å vedtaka ei slik oppmoding til regjeringa no.

Når det er sagt, ynskjer eg å understreka at eit samla presidentskap ser det som positivt med merksemd om lobbyverksemd og moglege interessekonfliktar, både knytt til regjeringa og Stortinget. Stortinget har òg i dei seinare år teke fleire grep for å leggja til rette for openheit. Eg vil elles visa til merknadane i innstillinga i saka.

Femte visepresident Ingrid Fiskaa []: Denne saka er ein gjengangar. Forslag om lobbyistregister har blitt fremja fleire gonger før. Denne gongen er det på initiativ frå Raudt. Òg i dag ser det ut til å bli nedstemt. Det er synd, for eit lobbyistregister er verken farleg eller komplisert. Det kan gjerast ganske enkelt, med å bruka det allereie eksisterande besøksregisteret for alle som besøker Stortinget, og ha openheit om lobbyistar sine besøk her. Dette er ein av modellane ein kan sjå føre seg.

Det er allereie gjort endringar i åtgangsreglementet her på Stortinget, sånn at tidlegare stortingsrepresentantar må underteikna ei erklæring om ikkje å bruka åtgangskortet til politisk påverkingsarbeid. Tidlegare representantar er hjarteleg velkomne til Stortinget. Dei fleste vil eg tru er her for å treffa gamle kjende, drikka kaffi og kjenna litt på korleis det var den gongen, men enkelte tidlegare representantar gjer den politiske kapitalen dei opparbeidde seg som folkevalde, om til eit levebrød, der dei mot betaling brukar nettverket og kjennskapen til politiske prosessar til fordel for oftast pengesterke aktørar.

Det er det òg andre enn tidlegare stortingsrepresentantar som gjer. Lobbyisme eller påverkingsarbeid er i utgangspunktet heilt legitimt og ein naturleg del av demokratiet. Problemet er delvis at ressursane til å driva sånt påverkingsarbeid er skeivt fordelt, og at omfattande lobbyisme derfor er til fordel for dei mest pengesterke. Delvis er det eit problem at delar av denne lobbyismen skjer i det skjulte, og at offentlegheita ikkje er kjend med korleis makt blir brukt, og korleis vedtak blir påverka.

Eit lobbyistregister på Stortinget løyser ikkje alle desse problema, og lobbyisme kan skje mange andre plassar enn her, noko varianten med å lovfesta lobbyistregisteret kan skapa endå meir openheit om. Likevel er sjølv den enkle varianten eit steg på vegen til meir openheit og meir kunnskap. Det har me ikkje vondt av, og det vil kunna skapa meir tillit til dei demokratiske prosessane. SV fremjar difor to av forslaga i representantforslaget inn i denne innstillinga. Det er å greia ut ulike variantar av lobbyistregister – ein variant med lovfesting og ein variant med endringar i forretningsordenen.

Eit tredje av forslaga i det opphavlege representantforslaget handlar om å endra lova om registreringar av verva og dei økonomiske interessene til regjeringsmedlemmar, statssekretærar og politiske rådgjevarar, sånn at tidlegare oppdragsgjevarar og innhaldet i oppdraget blir oppgjeve. Dette er oppfølging av eit forslag som blei vedteke av Stortinget allereie i 2018. Her har det teke særs lang tid for skiftande regjeringar å levera på Stortingets vedtak. Etter fyrst å ha brukt lang tid på saka skulle eit høyringsnotat vore klart i fjor. No seier regjeringa at høyringsnotatet vil vera ferdig i løpet av inneverande år, altså 2025. SV vil difor ikkje fremja dette forslaget no, men eg vil understreka at det ikkje må forseinkast endå meir, og at det heller ikkje må vatnast ut. No må me snart få på plass openheit om tidlegare oppdragsgjevarar og innhaldet i oppdraget.

Det er òg fremja eit par lause forslag til saka i dag, for å sikra openheit om stortingsrepresentantane sine eventuelle inntekter frå og økonomiske avtalar med kommersielle selskap, styreverv og ymse oppdrag, og eit forslag om å forby honorerte styreverv i kommersielle selskap for stortingsrepresentantar. Dette kom i kjølvatnet av konkrete avsløringar. SV stemmar for desse forslaga. Det er heilt på sin plass å stramma opp reglane når enkelte stortingsrepresentantar ikkje forstår poenget med å vera opne om alle sånne bindingar og rollekonfliktar, og tydelegvis ikkje har nokre hemningar mot å bruka tida si på svært godt betalte oppdrag for heilt andre enn dei innbyggjarane som har stemt dei inn i landets øvste folkevalde forsamling.

Samtidig vil eg visa til at det sitjande presidentskapet nyleg har gjeve det neste presidentskapet i oppdrag å ta tak i akkurat desse problemstillingane. Det er eit arbeid som bør koma i gang raskt til hausten.

Då tek eg opp forslaga frå SV:

Presidenten []: Representanten Ingrid Fiskaa har tatt opp de forslagene hun refererte til.

Tobias Drevland Lund (R) []: Jeg kan starte med å slutte meg til mye av det den siste taleren har vært inne på.

PR- og kommunikasjonsbyråer sysselsetter i Norge hundrevis av arbeidstakere, som hver dag går på jobb med mål om å påvirke politiske beslutningsprosesser. På disse byråenes kundelister står ofte kapitalsterke aktører som har både betalingsevne og vilje til å bruke store summer på å påvirke de folkevalgte, bl.a. de som sitter i denne salen. At det finnes et såpass betydelig marked for påvirkningtjenester, tyder på at påvirkningsbransjens kunder opplever å få valuta for pengene. Dette er kanskje godt nytt for den som har et markedsføringsbudsjett stort nok til å kjøpe en plass på kundelisten til First House eller TRY, men for folk flest og demokratiet er dette svært dårlig nytt.

I takt med påvirkningsbransjens vekst har det også blitt stadig mer utbredt at tidligere statsråder, statssekretærer og stortingsrepresentanter melder overgang til stillinger i påvirkningsbyråer, hvor de i tjeneste for disse byråenes kunder omsetter kontaktnettverk og politisk knowhow til klekkelige honorarer. Vi har også sett eksempler på stortingsrepresentanter som jobber som lobbyister, mens de sitter på Stortinget. Svingdøren mellom politikken og lobbybransjen er ekstremt farlig for tilliten til demokratiet, for det blir vanskelig å vite om politikerne er på jobb for velgerne eller en annen steinrik kunde. Dersom folk blir sittende igjen med et inntrykk av at pengesedler har større påvirkning på politikernes beslutninger enn stemmeseddelen, og at skillet mellom toppolitikere og næringslivsinteresser er svært uklart, risikerer man at tilliten til det norske demokratiet også forvitrer.

Det er etter Rødts syn derfor på høy tid at det innføres et obligatorisk lobbyregister for å sikre åpenhet om hvem som betaler hvem for å påvirke hvem. Ulike former for lobbyregister er allerede på plass i andre land som Irland, Canada, Frankrike, Tyskland og Finland, og per i dag er det minst 15 europeiske land som har innført en eller annen form for registreringsordning.

Rødt foreslår at det innføres et lobbyregister etter en modell fra det finske öppenhenhetsregistret, som ble innført 1. januar 2024 og er det første av sitt slag i Norden. Den finske ordningen pålegger, med hjemmel i den finske åpenhetsloven, juridiske personer og selvstendig næringsdrivende som bedriver lobbyvirksomhet rettet mot folkevalgte parlamentarikere, partigruppenes rådgivere, regjeringsmedlemmer eller departementets politiske ledelse, å registrere seg som lobbyister og å innrapportere hver enkelt lobbyaktivitet de gjennomfører for å påvirke forberedelsen eller utfallet av en sak som er til behandling.

Ved å hjemle en slik registerordning i lov kan også lobbyvirksomhet som fysisk finner sted utenfor Stortinget, kunne omfattes av registeret, noe regulering gjennom Stortingets forretningsorden, som er blitt foreslått før, ikke vil kunne gjøre. Dette er viktig. En lovfesting vil også kunne åpne for at brudd på reglementet kan sanksjoneres med bøter eller andre sanksjoner, noe forslagsstillerne mener forvaltningen bør ha adgang til for å påse at også lovverket etterleves. Her kan igjen den finske modellen, hvor Riksrevisjonen kan ilegge bøter ved manglende etterlevelse av regelverket, være til inspirasjon.

Velgerne fortjener å vite hvilke særinteresser som bruker penger på å påvirke politikere som skal representere dem, så vel som hvordan påvirkningen foregår. Et lobbyregister vil kunne være med på å sikre dette.

Med det tar jeg opp Rødts forslag i saken.

Presidenten []: Representanten Tobias Drevland Lund har tatt opp Rødts forslag i saken.

Grunde Almeland (V) []: Jeg benytter bare kort muligheten til å redegjøre for at Venstre også selvsagt støtter forslagene nr. 1 og 2 i denne saken. Det er kanskje ikke en overraskelse, all den tid Venstre bærer mye av skylden for at dette er en gjenganger i Stortinget, også i inneværende periode.

Jeg kan slutte meg til mye av det som er sagt av foregående talere. Jeg vil bare gjenta at et lobbyregister verken er særlig dyrt eller komplisert, men er en ganske enkel måte for velgerne og offentligheten å se litt oss mer i kortene på. Hvorfor er det viktig? Jo, for når vi er i en tid da en stadig større andel av den offentlige samtalen beveger seg over på digitale flater der andre interesser er med på å prøve å påvirke hvordan diskursen er, og påvirke virkelighetsoppfatningen til vår egen offentlighet og våre egne innbyggere, da er det viktigste og beste botemiddelet mot gryende konspirasjoner nettopp mest mulig åpenhet om prosesser. Er en prosess lukket, vet ikke folk hvem det er som snakker med oss, hva som skjer og hvordan politikk utformes, og da er det også lettere å tro på konspirasjoner om at det som foregår på Stortinget, er veldig mye skumlere enn det faktisk er.

Jeg tror vi kunne ha hatt litt lavere skuldre til dette forslaget enn det jeg opplever at veldig mange representanter har, for dette handler ene og alene om å gi folk muligheten til å se det helt fine og flotte arbeidet som pågår på Stortinget.

Presidenten []: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 4.

Votering, se voteringskapittel