President: Nils
T. Bjørke
Presidenten [10:00:26 ]: Representantane
Une Bastholm og Nils-Ole Foshaug ,
som har vore permitterte, har igjen teke sete.
Det ligg føre ei rekkje permisjonssøknadar:
frå representantane Tone Wilhelmsen Trøen , Ragnhild Male Hartviksen ,
Himanshu Gulati , Tobias Hangaard Linge , Kathy Lie ,
Helge André Njåstad , Silje Hjemdal , Tove Elise Madland ,
André N. Skjelstad , Jorodd Asphjell , Kirsti Leirtrø ,
Truls Vasvik og Lene Westgaard-Halle om
permisjon i dagane 31. mars og 1. april – alle for å delta i Nordisk
råd sin temasesjon i Finland
frå Senterpartiet si stortingsgruppe om permisjon for representanten
Willfred Nordlund i tida frå og med 30. mars
til og med 5. april for å delta på Arctic Encounter i Alaska, USA,
på vegner av delegasjonen for arktisk parlamentarisk samarbeid
Presidenten vil tilrå at desse søknadene vert
handsama straks og innvilga. – Det er vedteke.
Frå fyrste vararepresentant for Akershus, Tore Grobæk Vamraak , ligg det føre søknad om fritak
frå å møta i Stortinget under representanten Tone Wilhelmsen Trøen
sin permisjon, av velferdsgrunnar.
Etter forslag frå presidenten vart samrøystes
vedteke:
Søknaden vert handsama straks og innvilga.
Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møta i
permisjonstida slik:
For Akershus: Kari Sofie Bjørnsen , Anita Patel ,
Liv Gustavsen og Rita Hirsum Lystad 31. mars–1. april
For Buskerud: Audun Hammer Hovda 31.
mars–1. april
For Hordaland: Sigbjørn Framnes og
Stig Atle Abrahamsen 31. mars–1. april
For Nordland: Trine Fagervik 31.
mars–2. april
For Rogaland: Marte Eide Klovning 31.
mars–1. april
For Nord-Trøndelag: Guro Holm Skillingstad 31. mars–1.
april
For Sør-Trøndelag: Steinar Krogstad og
Kristian Torve 31. mars–1. april
For Vestfold: Camilla Maria Brekke og
Henning Wold 31. mars–1. april
Presidenten [10:02:35 ]: Representanten
Hege Bae Nyholt vil setja fram eit representantforslag.
Hege Bae Nyholt (R) [10:02:53 ]: På vegne av stortingsrepresentantene
Sofie Marhaug, Mímir Kristjánsson og meg selv har jeg gleden av
å framsette et representantforslag om en kritisk gransking av skjerm
i skolen.
Presidenten [10:03:02 ]: Representanten
Sofie Marhaug vil setja fram eit representantforslag.
Sofie Marhaug (R) [10:03:20 ]: På vegne av Rødt-representantene
Geir Jørgensen, Tobias Drevland Lund, Mímir Kristjánsson, Marie
Sneve Martinussen og meg selv har jeg gleden av å framsette et representantforslag om
å forhindre rutekutt og prisøkning i kollektivtransporten.
Jeg ber om at forslaget behandles etter Stortingets forretningsorden
§ 39 c, altså at det hastebehandles.
Presidenten [10:03:50 ]: Representanten
Sigrid Zurbuchen Heiberg vil setja fram eit representantforslag.
Sigrid Zurbuchen Heiberg (MDG) [10:04:04 ]: På vegner av meg
sjølv og representantane Une Bastholm og Irene Ojala vil eg setja
fram eit representantforslag om å gjeninnføra heistilskot for å
sikra at fleire eldre og personar med funksjonsnedsettingar kan
bu i eigen bustad lenger.
Presidenten [10:04:21 ]: Representanten
Sveinung Rotevatn vil setja fram eit representantforslag.
Sveinung Rotevatn (V) [10:04:36 ]: På vegner av representantane
Guri Melby, Grunde Almeland, Ola Elvestuen og meg sjølv vil eg setje
fram eit forslag om å suspendere norsk bistand til Rwanda som følgje
av landet si rolle i konflikten i Den demokratiske republikken Kongo.
Presidenten [10:04:48 ]: Representanten
Grunde Almeland vil setja fram eit representantforslag.
Grunde Almeland (V) [10:05:04 ]: På vegne av representantene
Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Abid Raja, Ola Elvestuen, André N.
Skjelstad, Ingvild Wetrhus Thorsvik, Alfred Jens Bjørlo og meg sjølv
ønsker jeg å framsette et representantforslag om en inkluderende skolehverdag,
et forpliktende samarbeid for å bekjempe mobbing og utrygt skolemiljø.
Presidenten [10:05:22 ]: Representanten
Bård Hoksrud vil setja fram eit representantforslag.
Bård Hoksrud (FrP) [10:05:37 ]: På vegne av Fremskrittsparti-representanten
Morten Wold og meg selv vil jeg framsette et representantforslag
om erstatning til ofrene i Varhaug-saken.
Presidenten [10:05:46 ]: Representanten
Sigbjørn Gjelsvik vil setja fram eit representantforslag.
Sigbjørn Gjelsvik (Sp) [10:06:00 ]: På vegner av representanten
Mona Fagerås og meg sjølv vil eg fremje eit representantforslag
om tiltak for ei meir seriøs drosjenæring.
Presidenten [10:06:11 ]: Forslaga vil
verta handsama etter reglementet.