President: Nils
T. Bjørke
Minnetale over tidlegare stortingsrepresentant
Jan Helge Jansen
Presidenten [10:00:09 ]: Vyrde medrepresentantar!
Tidlegare stortingsrepresentant Jan Helge Jansen gjekk
bort 7. mai fjor, 86 år gamal. På Stortinget representerte han Telemark
Høgre, frå 1985 til 1989, og sat der som medlem av sosialkomiteen.
Etter oppveksten i Bergen fullførte Jansen
teologiske studiar ved Universitetet i Oslo, med embetseksamen i
1965. Undervegs hadde han kortare og lengre studieopphold i Göttingen,
Lund og München. Han tok òg aktivt del i studentpolitikken, bl.a.
som formann i Den Konservative Studenterforening og Det Norske Studentersamfund.
Etter ordinasjon til prest i Hamar domkyrkje
i 1966 var han feltprest i Hans Majestet Kongens Garde, før han gjennom
nærmare fire tiår verka som prest i Skien. Der var han kallskapellan
i Gjerpen kyrkjelyd og seinare kapellan og sokneprest i Gulset kyrkjelyd.
I ei årrekkje var han òg formann for Kirkelig Forum i Grenland.
Etter studietida tok det ikkje lang tid før
han vart trekt inn i lokalpolitikken. Han var bystyremedlem i Skien
frå 1971 til han vart vald inn på Stortinget, dei siste seks årene
òg i formannskapet. Deretter var han medlem av Skien bystyre i ytterlegare
to periodar frå 1991. Her engasjerte han seg særleg innan kultur-
og utdanningspolitikken og var bl.a. medlem av Fylkeskulturnemnda
i Telemark, formann i kulturstyret i Skien, varamedlem til Teaterrådet
og medlem av Hovedutvalget for kultur og undervisning. Han hadde
òg framståande tillitsverv i Høgre og var bl.a. formann for Telemark
Høgre og medlem av Høgres sentralstyre frå 1976 til 1986.
Medrepresentantar på Stortinget beskriver han som
ein kunnskapsrik og engasjert kollega, glad i ein frisk debatt og
med sans for den gode replikk.
Me lyser fred over Jan Helge Jansens minne.
Representantane høyrde ståande på
presidentens minnetale.
Presidenten [10:03:18 ]: Representantane
Jan Tore Sanner , Trine Lise Sundnes og Heidi Nordby Lunde ,
som har vore permitterte, har igjen teke sete.
Det ligg føre ei rekkje permisjonssøknader:
frå Høgre si stortingsgruppe om permisjon
for representanten Jan Tore Sanner i tida frå og med 4. februar
til og med 7. februar for å delta på OECDs parlamentarikarmøte i
Paris, Frankrike
frå representantane Åsmund Aukrust ,
Anne Kristine Linnestad , Turid Kristensen , Kathy Lie ,
Sigurd Kvammen Rafaelsen , Nils T. Bjørke , Sveinung Stensland ,
Tove Elise Madland og Hege Bae Nyholt om permisjon i tida frå og med
2. februar til og med 7. februar – alle for å delta på studieopphald
for representantar i Brussel, Belgia
frå høvesvis Arbeidarpartiet si stortingsgruppe og Høgre
si stortingsgruppe om permisjon for representantane Trine Lise Sundnes
og Aleksander Stokkebø i tida frå og
med 3. februar til og med 5. februar, begge for å delta i den oppnemnde
stortingsdelegasjonen til Storbritannia
frå representanten Mathilde Tybring-Gjedde om permisjon
etter Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum i tida frå
og med 3. februar til og med 5. februar, og deretter foreldrepermisjon
i tida frå og med 6. februar til og med 20. juni
Presidenten vil føreslå at desse søknadene
vert handsama straks og innvilga – og ser det som vedteke.
Frå andre vararepresentant for Rogaland, Athar
Ali Tajik , ligg det føre søknad om fritak
for å møta i Stortinget under representanten Aleksander Stokkebø
sin permisjon.
Etter forslag frå presidenten vart
samrøystes vedteke:
Søknaden vert handsama straks og innvilga.
Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møta i
permisjonstida:
For Akershus: Tore Grobæk Vamraak , Tobias Hangaard Linge ,
Kari Sofie Bjørnsen og Tonje Anderson Olsen 4.–6. februar
For Buskerud: Audun Hammer Hovda 4.–6. februar
For Finnmark: Agnete Masternes Hanssen 4.–6. februar
For Hordaland: Sara Hamre Sekkingstad 3.–6. februar
For Oslo: Agnes Nærland Viljugrein 4.–5. februar og
Michael Tetzschner 4. februar–20. juni
For Rogaland: Irene Heng Lauvsnes og
Marte Eide Klovning 4.–6. feb. og Karoline
Sjøen Andersen 4.–5. februar
For Sør-Trøndelag: John-Peder Denstad 4.–6. februar
Presidenten [10:05:49 ]: Representanten
Kathy Lie vil setja fram eit representantforslag.
Kathy Lie (SV) [10:06:06 ]: Jeg har den glede av på vegne
av representantene Grete Wold, Marian Hussein, Sigrid Zurbuchen
Heiberg, Une Bastholm, Rasmus Hansson og meg selv å framsette et
representantforslag om lovfesting av fritidstilbud.
Presidenten [10:06:21 ]: Representanten
Olve Grotle vil setja fram eit representantforslag.
Olve Grotle (H) [10:06:35 ]: På vegner av Helge Orten, Nikolai
Astrup, Liv Kari Eskeland, Mari Holm Lønseth, Erlend Svardal Bøe,
Sveinung Stensland og meg sjølv har eg gleda av å fremje eit representantforslag
om å avvikle normprisordninga ved fastsetting av grunnrenteskatt
i havbruket.
Presidenten [10:06:53 ]: Representanten
Mathilde Tybring-Gjedde vil setja fram eit representantforslag.
Mathilde Tybring-Gjedde (H) [10:07:05 ]: På vegne av representantene
Bård Ludvig Thorheim, Tina Bru, Trond Helleland, Mahmoud Farahmand
og Liv Kari Eskeland og meg selv har jeg gleden av å framsette et
representantforslag om raskere konsesjonsbehandling og mer kraft.
Presidenten [10:07:21 ]: Representanten
Hege Bae Nyholt vil setja fram eit representantforslag.
Hege Bae Nyholt (R) [10:07:37 ]: På vegne av stortingsrepresentantene
Sofie Marhaug og Geir Jørgensen og meg selv har jeg gleden av å
framsette et representantforslag om en norsk utlånsordning for undervisningsmateriell.
Presidenten [10:07:51 ]: Representanten
Une Bastholm vil setja fram eit representantforslag.
Une Bastholm (MDG) [10:08:02 ]: Jeg har gleden av å framsette
et representantforslag på vegne av Rasmus Hansson, Sigrid Zurbuchen
Heiberg og meg selv om å utrede jaktfrie områder i nasjonalparker.
Presidenten [10:08:14 ]: Representanten
Kjell Ingolf Ropstad vil setja fram eit representantforslag.
Kjell Ingolf Ropstad (KrF) [10:08:24 ]: På vegne av Kristelig
Folkepartis representanter Olaug Vervik Bollestad, Dag-Inge Ulstein
og meg selv vil jeg sette fram et representantforslag om å be det
internasjonale atomenergibyrået foreta en gjennomgang av forutsetningene for
å etablere kjernekraft i Norge.
Presidenten [10:08:39 ]: Forslaga vil
verta handsama etter reglementet.