Stortinget - Møte tirsdag den 14. november 2023

Dato: 14.11.2023
President: Nils T. Bjørke

Søk

Innhold

Formalia

President: Nils T. Bjørke

Minnetale over tidlegare stortingsrepresentant Rigmor Kofoed-Larsen

Presidenten []: Vyrde medrepresentantar!

Tidlegare stortingsrepresentant Rigmor Kofoed-Larsen frå Lillehammer døydde brått om morgonen den 22. mars, på sin 79-års fødselsdag.

Rigmor Kofoed-Larsen vart fødd i Halden, men budde størsteparten av sitt vaksne liv i Lillehammer. Ho utdanna seg til sjukepleiar og gjekk tidleg inn i politikken.

Rigmor Kofoed-Larsen vert hugsa som eit varmt og raust medmenneske. Ho representerte Kristeleg Folkeparti på Stortinget frå 1997 til 2001. Då ho vart vald inn på Stortinget, hadde ho allereie bak seg ei lang fartstid med mangeårig engasjement i både kommunestyre og fylkesstyre.

Rigmor Kofoed-Larsen vart Kristeleg Folkepartis representant i samferdselskomiteen, ein viktig post med tanke på at Kristeleg Folkeparti var det leiande partiet i sentrumsregjeringa det meste av denne perioden. Det var ei oppgåve ho gjekk inn i med stor entusiasme.

Lista over verv i partiorganisasjonen er òg lang. I 2002 vart Rigmor Kofoed-Larsen vald som leiar i KrF Kvinner, ho sat seks år i Kristeleg Folkepartis sentralstyre og hadde leiarvervet i partiet sitt miljøpolitiske utval. Ho var òg Kristeleg Folkepartis representant i pensjonsutvalet som vart leia av Sigbjørn Johnsen. Etter at ho slutta i rikspolitikken, tok ho på seg verv i Kristeleg Folkeparti, både i fylkeslaget og i lokallaget. Ho vart utnemnd til æresmedlem i Lillehammer KrF.

Rigmor Kofoed-Larsen hadde eit stort politisk engasjement, men ho var så mykje meir. Ho var mor, kone, bestemor og ven, ei kvinne som på imponerande vis beherska balansen mellom familieliv, ein krevjande jobb, eit sterkt politisk engasjement og aktiv fritid.

Rigmor Kofoed-Larsen etterlèt seg mann, barn, barnebarn og ein stor vene- og kjennskapskrins.

Me vil hugsa Rigmor Kofoed-Larsen for latteren hennar, smilet, omgjengelegheita og det brennande samfunnsengasjementet. Me lyser fred over minnet hennar.

Representantane høyrde ståande på presidentens minnetale.

Presidenten []: Representanten Stein Erik Lauvås, som har vore permittert, har igjen teke sete.

Følgjande innkalla vararepresentantar tek no sete:

  • For Aust-Agder: Ramani Nordli og Kenneth Engvoll Løland

  • For Vest-Agder: Kai Steffen Østensen

  • For Akershus: Ragnhild Male Hartviksen og Signe Bakke Sølberg

  • For Hedmark: Ole Mathias Rønaasen

  • For Nordland: Marianne Dobak Kvensjø

  • Det ligg føre fem permisjonssøknader:

  • frå Framstegspartiets stortingsgruppe om permisjon etter Stortingets forretningsordens § 5 andre punktum for representantane Gisle Meininger Saudland og Silje Hjemdal frå og med 14. november og inntil vidare

  • frå Arbeidarpartiets stortingsgruppe om permisjon etter Stortingets forretningsordens § 5 andre punktum for representanten Anette Trettebergstuen frå og med 14. november og inntil vidare

  • frå Framstegspartiets stortingsgruppe om velferdspermisjon for representanten Helge André Njåstad i tida frå og med 14. til og med 22. november

  • frå Raudts stortingsgruppe om permisjon etter Stortingets forretningsordens § 5 andre punktum for representanten Bjørnar Moxnes frå og med 14. november og inntil vidare

Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:

  1. Søknadene vert handsama straks og innvilga.

  2. Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida slik:

    • For Vest-Agder: Alf Erik Bergstøl Andersen 14. november og inntil vidare

    • For Hedmark: Bente Irene Aaland 14. november og inntil vidare

    • For Hordaland: Sigbjørn Framnes 14. november og inntil vidare og Stig Atle Abrahamsen 14.–22. november

    • For Oslo: Stine Westrum 14. november og inntil vidare

Presidenten []: Alf Erik Bergstøl Andersen, Bente Irene Aaland, Sigbjørn Framnes, Stig Atle Abrahamsen og Stine Westrum er til stades og vil ta sete.

Statsråd Lubna Boby Jaffery la fram 3 kgl. proposisjonar (sjå under Referat).

Val av setjepresident

Presidenten []: Presidenten vil gjera framlegg om at det vert valt ein setjepresident for stortingsmøtet i dag – og ser det som vedteke.

Presidenten vil tilrå Heidi Greni. – Andre framlegg ligg ikkje føre, og presidenten reknar Heidi Greni som samrøystes vald som setjepresident for stortingsmøtet i dag.

Sakene nr. 1–4 vert handsama under eitt.