Sigrid Zurbuchen Heiberg (MDG) [10:01:58 ] (ordførar for saka):
Reindriftsavtalen er den viktigaste reiskapen for å følgje opp måla
og retningslinjene i reindriftspolitikken ved sidan av reindriftslova. Reindriftspolitikken
i Noreg byggjer på Stortingets behandling av Meld. St. 32 for 2016–2017,
Reindrift – Lang tradisjon – unike muligheter. Det overordna politiske målet
er at reindrifta skal vere økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig.
Regjeringa har lagt fram for Stortinget ein
proposisjon om reindriftsavtalen 2024/2025, som blei inngått av
staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund den 8. februar 2024.
Partane i avtalen er einige om ei ramme for avtalen på 225 mill. kr,
som er ein auke på 25 mill. kr samanlikna med inneverande avtale.
Hovudprioriteringane i avtalen er direkte tilskot, ivaretaking av
areala til reindrifta, klimatilpassing og beredskap.
Alle partia unntatt Framstegspartiet står bak
tilrådinga i innstillinga. Framstegspartiet fremjar i tillegg fire mindretalsforslag.
Dei foreslår å
be regjeringa om å endre tilskotsordningane
slik at dei i større grad stimulerer til auka produksjon
revidere reindriftslova
innføre fritak frå vegbruksavgifta for reindriftskøyretøy
redusere bestandsmåla for rovvilt
Proposisjonen inneheld òg ein lengre omtale
av Fosen-saka, som har skapt mykje debatt og engasjement dei siste
åra. I domen frå Høgsterett den 11. oktober 2021 blei vedtaket om
konsesjon til vindkraftutbygging på Fosen kjend ugyldig fordi utbygginga
krenkjer retten reindriftssamane har til kulturutøving. Høgsterett
fann vidare at dei avbøtande tiltaka i konsesjonane ikkje var tilstrekkeleg
for å unngå vesentlege negative konsekvensar for reindrifta i området,
og at vedtaket difor var i strid med artikkel 27 i FN-konvensjonen
om sivile og politiske rettar.
Ein meklingsprosess blei igangsett i mars 2023,
og det er no inngått minnelege avtaler mellom sijtene i Fosen reinbeitedistrikt
og vindkraftselskapa. Sør-Fosen sijte og Fosen Vind DA kom til einigheit
om ein avtale 18. desember 2023, mens Nord-Fosen sijte og Roan Vind
DA kom til einigheit om ein avtale 6. mars 2024. Avtalen forpliktar
staten til bl.a. å skaffe til vege eit tilleggsareal utanfor Fosen
reinbeitedistrikt som kan brukast som vinterbeite for begge sijtene.
Bengt Rune Strifeldt (FrP) [10:04:46 ] : I dag vil jeg utbringe
store gratulasjoner til reindriftsnæringen, men jeg burde kanskje
heller kondolere. Aldri før har reindriftsnæringen vært så subsidiert
som nå. Reindriftsavtalen har de siste seks årene økt med formidable
101,9 mill. kr og er nær doblet til årets historisk høye tilskudd
på 225 mill. kr. Det er fantastisk når man tar utgangspunkt i at
det er en næring bestående av kun 961 årsverk.
Det er stor politisk enighet om at reindriftsavtalen må
videreføre arbeidet for å utvikle reindriftsnæringen som en rasjonell,
markedsorientert næring som er bærekraftig i et langsiktig perspektiv,
men det er få parti som er villig til å gjøre de nødvendige grepene
for å nå de målene. En enstemmig komité er også enig i viktigheten av
at økologisk, økonomisk og kulturell bærekraft er likestilt, men
det er få partier som er villig til å gjøre de nødvendige grepene
for å nå de målene. Det virker heller å være en politisk villet
handling å gjøre denne viktige næringen og kulturbæreren mer og
mer tilskuddsavhengig, framfor å utvikle reindriftsnæringen som
en rasjonell, markedsorientert næring som er bærekraftig i et langsiktig
perspektiv.
Fremskrittspartiet mener det er bekymringsfullt
at det legges opp til en så betydelig økning i tilskudd. Det vil
gjøre reindriftsnæringen ytterligere avhengig av statstilskudd.
Produksjonsbaserte inntekter utgjør knappe 45 pst. av inntektene
i næringen. Reindriftsnæringen er en arealavhengig næring, og tilgangen
til nødvendige arealer er en sentral forutsetning for at næringen
oppnår målene om økt produksjon og lønnsomhet. De siste tiårene
har mediebildet av reindriften vært preget av beitekrise, nedbygging
av natur og beiteområder og at reindriften må sikres tilgang til
nødvendige arealer. Det er en sannhet med store modifikasjoner.
Det er avgjørende at reintallet er tilpasset beitegrunnlaget for
å nå målet om en bærekraftig reindrift. Det er i den sammenheng
viktig å påpeke at reintallet i Finnmark er doblet fra 1970 og fram
til 2019–2020.
Vi kan i stor grad konkludere med at den store
økningen i reintall er reindriftens største utfordring, uten at
det er politisk vilje til å gjøre de nødvendige grepene. I dag er
det meste av beitekapasiteten utnyttet utover det som er bærekraftig,
og med de siste års gjentatte beitekriser er det tvingende nødvendig
å gjøre nye vurderinger av om reintallet er i samsvar med beiteressursene. I
store deler av Finnmark er naturen såpass nedbeitet at den framstår
nærmest som en arktisk ørken, og man burde kanskje vurdert å rødliste
reinlav.
Det er dessverre ikke politisk vilje i denne
salen til å gjøre de nødvendige grepene. For hvert år som går, blir reindriften
mindre og mindre økologisk og økonomisk bærekraftig, og den vil
som følge av det over tid også tape sin kulturelle bærekraft – med
Stortingets velsignelse. Det er kanskje en villet politisk handling.
Jeg tar med det opp Fremskrittspartiets forslag.
Presidenten [10:08:41 ]: Da har representanten Bengt
Rune Strifeldt tatt opp de forslagene han refererte til.
Statsråd Geir Pollestad [10:08:56 ] : Reindriftsavtalen er
ved sida av reindriftsloven den viktigaste reiskapen for å følgja
opp måla og retningslinene i reindriftspolitikken. Reindriftsavtalen
2024/2025 legg til rette for ei berekraftig reindrift. Med ei ramme
på 225 mill. kr inneber denne avtalen eit betydeleg løft for næringa.
Avtalen omfattar både direkte tilskot og utviklings- og
investeringstiltak for næringa. Hovudprioriteringa til avtalepartane
er direkte tilskot, ivaretaking av arealet til reindrifta, klimatilpassing
og beredskap. Avtalen bidreg til å styrkja rammevilkåra for reindrifta.
Dei direkte tilskota aukar med 16 mill. kr.
Tilskota er produksjonsavhengige og premierer dei som har god produksjon.
I denne avtalen er både inntektsgrensa for produksjonspremien og
kalveslakttilskotet auka, dette for å gje eit insentiv til å auka
verdiskapinga og produksjonen ytterlegare.
Slakteuttaket i driftsåret 2023/2024 var det
høgaste på fire år, og prisen på reinkjøt har dei siste ti åra auka med
120 pst. Det er gjort eit godt arbeid over tid med marknadstiltak
og profesjonalisering av verdikjeda, som har bidrege til at reinkjøtet
har fått ein plass blant eksklusive råvarer. Eit eksempel på dette
er at reinkjøtet var hovudråvare under Bocuse d’Or i Trondheim tidlegare
i år.
Reindrifta er ei næring med store moglegheiter. Reindrifta
er ein heilt sentral del av samisk kultur, og ei berekraftig reindrift
bidreg til å oppretthalda og styrkja både kultur og språk. Det er
moglegheiter for å utvikla tilleggsnæringar knytt til reindrift
og med det auka inntektsgrunnlaget.
Samtidig er det ei rekkje forhold som påverkar reindrifta
og skapar utfordringar. Reindrifta er ei naturbasert næring og har
allereie merka konsekvensane av klimaendringane i mange år. Sidan
2020 har det vore beitekrise i større eller mindre delar av Reindrifts-Noreg kvart
år. Låste beite gjer at reinen ikkje finn mat, og at reineigarar
må fôra. Det er gjennomført omfattande tiltak for å sikra dyrevelferd
og produksjon i desse periodane.
Konkurransen om areala er aukande. Denne utfordringa
vert forsterka av at klimaendringane gjer det nødvendig å endra
arealbruken. Konfliktnivået mellom reindrifta og energisektoren
har vore høgt. Særleg er dette synleggjort i Fosen-saka. Regjeringa
la difor fram ein tiltakspakke for reindrift og energi i desember
2023. Tiltakspakken skal bidra til å nå måla om auka energiutbygging
og samtidig ivareta dei reindriftspolitiske måla om ei berekraftig
reindrift.
I nokon område har reindrifta eit så høgt tap
av rovvilt at det går ut over produksjon og lønsemd, i tillegg til den
belastinga dette utgjer for den enkelte reineigar. Eg vil understreka
at regjeringa følgjer opp signala frå Hurdalsplattforma om ein meir
restriktiv rovviltpolitikk, og eg er einig med komiteens medlemmar
frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet i at beiteprioriterte område
skal respekterast.
Torgeir Knag Fylkesnes (SV) [10:13:10 ] : Eg skal gjere dette
raskt, for dette er først og fremst ein kommentar til innlegget
og initiativet til Framstegspartiet.
Her er det veldig stor distanse mellom det
som er Framstegspartiet sitt syn på reindrifta, og det som er iallfall
SV – og eg vil tru dei fleste andre partia på Stortinget – sitt
syn på reindrifta. Framstegspartiet anerkjenner ikkje at dette er
ei kulturberande næring, og ser på det meir som ei rein produksjonsnæring
og legg opp forslag deretter. Eg vil seie at dersom det er éin ting
vi som nasjon har forplikta oss til – og så vidt eg hugsar, har
også Framstegspartiet støtta det – er det ved tilslutning til både
ILO-konvensjonar og andre konvensjonar, rammeverket i FN og endringar
av Grunnloven som gjer at menneskerettar kjem inn der, å anerkjenne
samane som urfolk i Noreg og dei forpliktingane det også gir oss. Da
er det openbart at det å ha ei reindriftsnæring som mange i den
samiske befolkninga kan ha kontakt med, er eit poeng i seg sjølv,
når vi veit kor nært knytt delar av den samiske kulturen er til
reindrifta, både i språk, praksisar osv. – det som utgjer ei kulturberande
næring.
Så veit vi også at den samiske kulturen er
mangefasilitert. Både i innlandet og langs kysten er den knytt til reindrift,
andre delar av den er ikkje det, men reindrifta er ei viktig kulturberande
næring, som gjer at vi ikkje kan ha heilt vanleg næringspolitikk
på den.
Elles vil eg seie at eg har sympati når det
gjeld det trykket som rovvilt har på reindrifta, og bare det å få gjennomført
dagens vedtatte bestandsmål vil i seg sjølv vere viktig for å forhindre
ei såpass stor øydelegging av ei såpass viktig kulturberande næring.
Bengt Rune Strifeldt (FrP) [10:15:27 ] : Jeg tegnet meg, og
så trakk jeg meg, men så måtte jeg tegne meg igjen da Knag Fylkesnes
gikk på talerstolen. Jeg vil ha meg frabedt påstanden om at Fremskrittspartiet
ikke anerkjenner reindriften som en viktig kulturbærer. Det står
vi fullt og helt på. Min bekymring er at den økologiske bærekraften
kommer til å ødelegge for den kulturelle bærekraften, som jeg var
inne på i mitt innlegg. Vi har områder som er tilnærmet arktisk
ørken. Det er ikke i nærheten av å være økologisk bærekraftig. Reintallet
er nær doblet fra 1970 og fram til i dag. Skal vi i framtiden ha
en økologisk bærekraftig reindrift som også er en viktig kulturbærer
for den samiske kulturen, er vi nødt til å ta de nødvendige politiske
grepene i dag. Men det er ikke regjeringspartiene og SV villig til.
På samme måte som på andre matproduksjonsområder er det planøkonomisk
styre, og det er planøkonomisk styre av reindriften som er verktøyet
for SV og regjeringen.
Som statsråden var inne på, har det vært økt slakteuttak
de siste årene. Prisene på reinkjøtt har skutt i været. Det gjør,
som Arbeiderpartiet formulerer det, at vanlige folk ikke har råd
til det lenger. Det har medført at vi nå sitter med 558 tonn reinkjøtt
på lager, som man sliter med å bli kvitt. Det er vel en av grunnene
til at man er nødt til å øke tilskuddene for at reindriften skal
framstå som økonomisk bærekraftig.
I 2004 var det rundt 500 tonn reinkjøtt på
lager. Da ble det ropt krise. I fjor var det 225 tonn reinkjøtt
på lager. I år er det økt til 558 tonn. Så det er en bekymringsfull
utvikling innenfor reindriftsnæringen, og jeg må jo bare si at det
er også en villet politisk handling fra regjeringspartiene, med
støtte fra SV.
Så er det flere grep man kan gjøre overfor
reindriftsnæringen for å lette det for dem som driver dette seriøst, bl.a.
med tanke på avgiftslette for drivstoff til kjøretøy som benyttes
i reindriftsnæringen. Tidligere har andre partier støttet det, men
vi ser at de har ramlet av lasset i år, så vi står i dag alene om
å ønske det for reindriftsnæringen. Vi ønsker også å se på hvordan
rovviltforvaltningen på en bedre måte kan innrettes for å ivareta
reindriften på en bedre måte. Intensjonen til Fremskrittspartiet er
at vi skal jobbe for at reindriftsnæringen skal være økologisk bærekraftig,
den skal være økonomisk bærekraftig og derigjennom også kunne være
kulturelt bærekraftig i framtiden.
Torgeir Knag Fylkesnes (SV) [10:19:22 ] : Eg vil beklage til
representanten Strifeldt at eg berre trudde det. Eg synest det er
veldig bra viss Framstegspartiet anerkjenner reindrifta som ei viktig,
kulturberande næring. Og ingenting er betre enn å høyre at også
Framstegspartiet tar omgrepet «økologisk berekraft» i sin munn. Det
gjer at eg får troa på framtida.
Det er også nokre viktige poeng i innlegget
til Strifeldt. Ta det han kallar planøkonomi eller planstyrt forvaltning
av reindrifta, og at det har vore ei ulykke: Viss ein tar bort antydinga
om kommunisme som ligg i det, og erstattar det med «statleg styring»
– altså at det har vore for mykje statleg styring av reindrifta
– er det heilt riktig. Det har vore ein grunnleggjande kritikk som
ikkje berre har kome frå SV. Representanten Strifeldt vil kunne
sjå at vi har vore tydelege på det også i dei periodane han ikkje
har vore på Stortinget. Noko av ulykka i reindrifta har vore at
staten har forsøkt å overføre forvaltningstrekk ein finn i jordbruket
i dag, noko som av forskarar blir kalla «agrarifisering» av reindrifta.
Ein har tenkt at ein har kunnskap om kyr, så la oss berre overføre
det til sauehald og reindrift.
Det kom nyleg ut ei bok som hadde ei stor samling artiklar
der gjennomgangstonen var at noko av det mest problematiske som
har skjedd med den norske reindrifta, og som har vore til skade
for denne kulturnæringa, har vore at staten har overført denne typen
forvaltningstrekk, antakeleg på autopilot. Ein har ikkje gått inn
i næringa og sett på særeigenheitene og den forvaltninga som har
vore der – den siida-baserte og interne forvaltninga, som fungerte
i lang tid, men som no slår veldige sprekker.
Dei same forskarane problematiserer også kritikken om
at dette ikkje er økologisk berekraftig, og at det har vore eit
overbeite. For det første nyanserer dei det. Det er ikkje i alle
delar av reinbeiteområda i landet at dette er eit problem.
Dei peiker også på at ein betydeleg del av
problema dette har ført til, kjem frå at ein har fått ei orientering mot
auka produksjon som mål. Det er der eg meiner Framstegspartiet må
sjå seg sjølv i spegelen. Forslag nr. 1 handlar jo om nettopp det
– at auka produksjon skal vere målet. Auka produksjon vil føre til
færre aktørar, meir konsentrasjon, færre vil få ta del i denne kulturberande
næringa, og det vil bli ei viktig kulturnæring for stadig færre
i det samiske samfunn. Ikkje minst vil det også starte eit kappløp
mot det som vil bli redusert økologisk berekraft. Det som var den
opphavlege modellen, var ikkje storproduksjon og store volum. Det
har vore ein heilt annan måte å gjere reindrift på.
Dette er ein viktig og grunnleggjande diskusjon
som det ikkje følgjer med nokon forslag frå SV si side til, men det
er i alle fall ei sterk grunngjeving av kvifor vi ikkje går inn
på dei forslaga som Framstegspartiet legg fram i denne saka.
Runar Sjåstad (A) [10:23:19 ] : Det var fornøyelig å høre småkranglingen
mellom Fremskrittsparti-representanten Strifeldt og Knag Fylkesnes
fra SV, og jeg burde kanskje bare ha lent meg tilbake og ikke blandet meg
inn. Strifeldt ble veldig fornærmet på egne vegner av at Knag Fylkesnes
hadde tillagt ham og Fremskrittspartiet meninger de slett ikke har.
Samtidig var Strifeldt rimelig klar på – og brukte mye av taletiden
sin på det – å beskrive det han mente var meningen bak regjeringspartienes
politikk og SVs politikk.
Det er ingen tvil om at reindriften er en viktig
næring. Den er viktig for sysselsetting, og den er viktig i sin rolle
som kulturbærer. Den er også viktig for å bevare det samiske språket
og samisk identitet. Samtidig vet vi at det er en veldig arealkrevende
næring. Da er det viktig at vi har en bærekraftig reindrift der
antall dyr er tilpasset ressursgrunnlaget. Det er også en prioritert
oppgave for regjeringen. Det har også noe å si når det gjelder å
ta ned konfliktnivået knyttet til annen aktivitet og annen næringsutøvelse,
men også når det gjelder dyrevelferd.
Det ble vist til at det har vært en ganske
stor prosentvis økning i overføringene til reindriften gjennom reindriftsavtalen.
Det er en avtale som har blitt framforhandlet. Reindriften har –
som alle andre – sett økte kostnader knyttet til å få driften sin
til å gå opp. Det er da ikke unaturlig at rammene for avtalen øker.
Det er helt korrekt, som representanten Strifeldt
sier, at det nå meldes om at det er 558 tonn på lager. Det er også
blitt vist til en stor prisøkning på reinsdyrkjøtt som én av årsakene.
Det kan godt hende, og reindriften er også veldig klar over dette
og ser etter nye markeder, bl.a. Asia, hvor man kanskje er villig
til å betale, for dette er et ganske eksklusivt produkt. Ja, det
er 558 tonn på lager, men hvis vi setter det i perspektiv, er den
årlige produksjonen – eller slakteuttaket – ca. 1 600 tonn. Det
er ikke uvanlig å ha sauekjøtt, korn og andre ting også på lager
til det er sesong og økt etterspørsel og til man får oppnådd pris.
Så det er ikke noe rart i seg selv.
Når det gjelder 1 600 tonn reinkjøtt, tar man
ut seks ganger så mye elg – ca. 9 000 tonn elg – som springer fritt i
de norske skogene. Det skjer selvfølgelig over hele landet, men
det betyr at vi her har et eksklusivt produkt som utgjør ca. én
sjettedel av uttaket vi har av elg det samme året. Så det skal ikke
nødvendigvis prises lavt og selges på billigsalg. Det er også sesongbetont,
vi må få nye markeder, og vi må få opp kjennskapen til, kunnskapen
om og bruken av reinkjøtt.
Presidenten [10:26:47 ]: Representanten
Bengt Rune Strifeldt har hatt ordet to ganger tidligere og får ordet
til en kort merknad, begrenset til 1 minutt.
Bengt Rune Strifeldt (FrP) [10:27:01 ] : Representanten Knag
Fylkesnes var inne på statlig styring. Jeg mener reindriften i stor
grad har en manglende statlig styring, og at man stilltiende har
akseptert en dobling av reintallet fra 1970 og fram til i dag, noe
som gjør at vi har arktisk ørken rundt omkring.
Vi har siidaene og indre selvstyre, men vi
ser at det ikke har fungert. Vi har bl.a. hatt flere saker i denne
salen hvor vi har diskutert siidaene. Vi har et så høyt reintall
at man – litt humoristisk sagt – må fôre rein jevnlig med blomster
fra gravsteder. Hammerfest har store utfordringer med å holde reinen
borte fra gravplassene sine.
Færre får ta del i næringen, sies det. Ja,
det er en næring som er begrenset av begrensede beiteressurser. Man
kan ikke la den utvikle seg i antall. Det ville være drepen for
næringen.
Presidenten [10:28:04 ]: Flere har ikke
bedt om ordet til sak nr. 1.
Votering, se voteringskapittel