Stortinget - Møte tirsdag den 11. juni 2024 *

Dato: 11.06.2024
President: Morten Wold
Dokumenter: (Innst. 411 S (2023–2024), jf. Dokument 14 (2023–2024))

Søk

Innhold

*) Referatet er ennå ikke korrekturlest​.

Sak nr. 29 [17:17:33]

Innstilling fra justiskomiteen om Årsrapport for 2023 fra Stortingets utvalg for rettferdsvederlag (Innst. 411 S (2023–2024), jf. Dokument 14 (2023–2024))

Talere

Hadia Tajik (A) [] (ordførar for saka): I denne saka står komiteen samla. Det er ein styrke, for saka handlar om dei mest uheldige i landet, dei som har kome verkeleg dårleg ut, og som me har eit felles ansvar for å stille opp for.

Rettferdsvederlagsordninga er ei ordning under Stortinget, og ho er laga nettopp for at enkeltpersonar skal kunna få ein skjønsmessig kompensasjon frå staten når dei er vortne påførte skade eller ulempe som ikkje har vorte dekt innanfor dei meir ordinære ordningane.

Me ser at antalet søknader til ordninga har auka. Det kan ha samanheng med at Statens sivilrettsforvaltning har jobba for å gjera ordninga meir kjend. I alle fall ser ein at det er ein merkbar auke frå grupper som Statens sivilrettsforvaltning har jobba særskilt overfor, bl.a. innsette i fengslar og til ein viss grad òg pasientar ved helseføretak.

Me merkar oss at behandlingstida går noko ned, samtidig som me ser at sakstilfanget har auka. Det er ei positiv utvikling, og me legg til grunn at det vert utvikla planar for at den utviklinga skal fortsetja. Utover det viser eg til årsrapporten og innstillinga, og eg takkar justiskomiteen for arbeidet.

Presidenten []: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 29.

Votering, se onsdag 12. juni