Odd Harald Hovland (A) [12:23:10 ] (ordførar for sakene):
Eg vil takke komiteen, og det er ein samla komité som legg fram
innstilling.
Forordningane presidenten har referert, tek
sikte på å leggje til rette for ei meir effektiv utnytting av EU-informasjonssystema
som understøttar forvaltninga av grense-, migrasjons- og sikkerheitsområdet.
Det vert oppretta ein portal som gjer det mogleg for medlemsstatane sine
system å søkje i fleire EU-informasjonssystem samtidig. Tilgangen
til biografiske og biometriske opplysningar som i dag vert lagra
i enkeltdatabasar, vert samla, og det vert etablert moglegheiter
for å identifisere personar som er registrerte i fleire system.
Dette vil også styrkje moglegheita for å oppdage personar som er
registrerte med ulike identitetar, eller som brukar identiteten
til ein annan.
Noreg som Schengen-medlem er del av eit felles
regelverk om visum som gjev tredjelandsborgarar frå land med visumplikt
tilgang til å besøkje Schengen-området i inntil 90 dagar i løpet
av ein 180-dagarsperiode. Endringane inneber bl.a. at verkeområdet
for visuminformasjonssystemet, som er forkorta VIS, vert utvida
til at også informasjon om visum for langvarig opphald og opphaldsløyve
skal leggjast inn i databasen, og at VIS vert knytt til andre EU-informasjonssystem
for grensekontroll, sikkerheit og migrasjon gjennom interoperabilitet.
Justiskomiteen har lagt fram ei førebels innstilling for
utanriks- og forsvarskomiteen, og dei har svart at dei ikkje har
ytterlegare merknader.
Når det gjeld sak nr. 8 på dagsordenen, er
det også ei samla innstilling frå komiteen. Der vert lovdelen til
proposisjonen behandla. Ein føreslår at forordningane vert gjennomførte
i grenselova, utlendingslova og SIS-lova ved inkorporasjon. Proposisjonen
inneheld også forslag til endringar i utlendingslova, slik at VIS-forordninga med
endringar vert gjord til norsk lov, og enkelte endringar i politilova
og utlendingslova om opptak og bruk av biometriske opplysningar.
Det vert også føreslått endringar i utlendingslova § 100 b
som følgjer opp ei høyring frå 2019, der det etter gjeldande regelverk
kan takast ansiktsfoto og fingeravtrykk i utlendingskontrollen og
gjerast samanlikningssøk med biometriske opplysningar registrerte
i opphaldskort eller grensebuarbevis mv. Forslaget inneber at ein
også skal kunne ta søk med biometriske opplysningar mot oppføringar
i utlendingsregisteret i slike situasjonar.