Presidenten
[10:27:04 ]: Etter ønske fra næringskomiteen vil presidenten
ordne debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter
til medlemmer av regjeringen.
Videre vil det
– innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til et replikkordskifte
på inntil tre replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av
regjeringen, og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte
taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.
Per Olav Tyldum (Sp) [10:27:33 ] (ordfører for saken): La
meg først få takke komiteen for samarbeidet.
Representantforslaget
som skal behandles her i dag, omhandler vilkår for næringsvirksomhet
i statsallmenningene, spesielt reglene om avhending av statsallmenningsgrunn
og retningslinjer for fastsetting av festeavgifter.
Hovedregelen i
fjellova er at grunn i statsallmenning ikke kan selges. Tomtefeste
reguleres gjennom tomtefesteloven og er utgangspunkt for alle typer
festeforhold. Loven skal sikre grunneiers rettigheter samtidig som
den skal sikre også festeren mot urimelige vilkår. I hovedsak kommer
grunneierinntektene i statsallmenninger fra festekontrakter. Øvrige
inntekter forvaltes av Statskog og brukes til administrasjon av
statsallmenningene og fjellstyresambandet og til andre tiltak med
mål om verdiskaping og arbeidsplasser i statsallmenningene.
Senterpartiet
mener det er viktig at Statskog spiller en aktiv og viktig rolle
i lokal næringsutvikling der de har eiendommer i form av statsallmenning
eller statsgrunn. Hurdalsplattformen slår også fast at Statskog
skal brukes som et verktøy for industribygging og næringsutvikling.
Jeg ser det derfor som naturlig at Statskog, i dialog med de kommunalt
oppnevnte fjellstyrene og de aktuelle kommunene, sikrer en god dialog.
Det er ikke hensiktsmessig
med egne retningslinjer for taksering av statsallmenningsgrunn.
Statens eierinteresser ivaretas innenfor gjeldende lovverk. Egne
retningslinjer vil heller ikke være i samsvar med statens prinsipper
for god eierstyring.
Statsråden skriver
i sitt brev til komiteen at Statskog SF skal ta riktig pris ved
utleie av fellesskapets grunn. Uenighet mellom fester og grunneier
kan selvsagt oppstå, og kan da om mulig måtte prøves rettslig. Jeg
vil tro at landbruks- og matministeren gjennom sine eiermøter med
Statskog SF blir holdt oppdatert på selskapets aktivitet. Jeg mener
at eventuelle uenigheter må kunne løses innenfor gjeldende lovverk,
som nevnt, og gjerne på lavest mulig nivå.
Olve Grotle (H) [10:30:16 ] : Bedrifter, særleg i distriktskommunar,
har gjerne tilhald på statsallmenningar dei festar. Fleire av desse
opplever at Statskog SF terminerer gamle festekontraktar og aukar
festeleiga vesentleg basert på nye takseringar utførte av Statskog sjølv.
Dette pressar bedriftene til å vurdere kjøp av tomtene for å sikre
drift og investeringar. Dette gjeld gjerne kapitalkrevjande bedrifter
med små fortenestemarginar i næringsfattige kommunar. Som følgje
av dette ønskjer mange bedrifter difor å innløyse tomtene for å
få betre tryggleik for drifta og dessutan betre pantsetjing knytt
til lån og investeringar.
Etter fjellova
§ 13 kan statsallmenningar som hovudregel ikkje avhendast, med nokre
få unntak. Desse er knytte til landbruk, grunn til byggetomter og
innløysing av bustadtomter etter tomtefestelova. Det vil seie at
næringsdrivande som hovudregel ikkje har moglegheit til å kjøpe
eigedom som dei har festa på statsallmenningar. Trass i dette er
det ifølgje NHO Reiseliv likevel døme på at nokre bedrifter har
fått kjøpe grunnen sin av Statskog. Det gjev eit forvirrande bilete
av i kva grad forbodet i fjellova faktisk blir praktisert.
Det er klare og
legitime omsyn som styrer dagens avhendingsforbod for statsallmenningar
i fjellova. Statskog SF er ein aktør som forvaltar store areal til
det beste for fellesskapet. Samstundes må næringsfattige kommunar
med lågt folketal òg kunne leve av det næringslivet dei har, og
dei er avhengige av gode og stabile rammevilkår for dei næringsdrivande.
Å feste tomt på statsallmenningar viser seg i fleire tilfelle å
bli svært kostbart når Statskog aukar festeleigene utan at det har skjedd
ein tilsvarande auke i overskotet til dei aktuelle bedriftene. Det
rammar også kommunane.
Det bør difor
innførast eit unntak i fjellova for sal av næringseigedom på visse
vilkår. Desse vilkåra kan til dømes vere at det må vere lokal einigheit
rundt eit sal i den aktuelle kommunen. Med lokal einigheit meiner
ein òg at fjellstyra får høve til å uttale seg før ei eventuell
avhending. I tillegg til dette kan det vere grunn til å sjå på retningslinjene
Statskog brukar for å fastsetje festeleiga. Det er i dag som hovudregel
Statskog sjølv som takserer eigedomane og fastset festesummen på
bakgrunn av takseringa. Det skjer ingen forhandlingar med dei involverte
partane.
Med dette fremjar
eg dei to forslaga i saka.
Presidenten
[10:32:45 ]: Representanten Olve Grotle har tatt opp de forslagene
han refererte til.
Statsråd Geir Pollestad [10:32:58 ] : Regjeringa er oppteken
av vilkår for næringsutvikling i distrikta og fører ein politikk
med mål om levande lokalsamfunn og arbeidsplassar i heile landet.
Eg registrerer at forslagsstillarane no vil betra vilkåra for næringsutvikling
i statsallmenningane, men eg er litt overraska over at ein vil gjera
dette gjennom å instruera Statskog SF til å leiga ut eigedomen til
fellesskapet for mindre enn det som er verdien, eller ved å selja,
sjølv om lova i dag ikkje tillèt det.
Dei lokale sakene,
som alle kan ivra for, møter i denne saka nokre prinsipp som er
viktige. Då er eg oppteken av å finna gode løysingar på det, men
likevel ha respekt for dei prinsippa som gjeld.
Inntektene Statskog SF
får frå tomtefeste, kjem statsallmenningane til gode. Dei lokale
fjellstyra får halvparten av festeinntektene for hytter og hotell.
Andre inntekter går til Grunneigarfondet og vert forvalta av Statskog SF.
Grunneigarfondet vert bl.a. nytta til administrasjon av statsallmenningane,
støtte til Norges Fjellstyresamband og ulike tiltak i statsallmenningane. Dette
omfattar òg tiltak for verdiskaping og lønsame arbeidsplassar.
Som kjent er hovudregelen
i fjellova at statsallmenningen ikkje kan seljast. Grunngjevinga
for dette er at statsallmenningane skal forvaltast i eit langsiktig
perspektiv og ikkje delast ut bit for bit.
Tomtefeste er
regulert i tomtefestelova. Denne lova gjeld uavhengig av kven som
eig grunnen, og skal sikra rettane til grunneigaren samtidig som
ho skal sikra festaren mot urimelege vilkår. Lova set forbod mot
urimeleg høg festeavgift. Dette må sjølvsagt Statskog SF forhalda
seg til. Så gjeld det å finna den rette verdien gjennom takst. I
situasjonar der partane er ueinige, kan det vera nødvendig å innhenta
fleire takstar. Eg meiner at forvaltninga av statsallmenningane
og rammene for dette er gode, og forventar at Statskog SF i dialog
med fjellstyra og dei aktuelle kommunane legg til rette for aktiv bruk
av resursane i statsallmenningane.
Dette er ei sak
som står i Hurdalsplattforma, og som det vil vera naturleg for meg
som statsråd å gå inn i. Eg meiner at dette skal skje innanfor rammene
av dagens lov og prinsippa for eigarstyring, men tenkjer at me må bruka
sunn fornuft og sjå om ein i framtida kan gjera ting betre enn det
som har vore gjort så langt.
Presidenten
[10:35:59 ]: Det blir replikkordskifte.
Olve Grotle (H) [10:36:12 ] : Det er i ordskiftet allereie
slått fast at det finst to unntak i fjellova der ein kan få avhende
eigedom. Det eine er til gardsbruk, det andre gjeld grunn til byggjetomter.
I tillegg har ein særregelen i tomtefestelova som gjeld bustadeigedom,
men det er altså ikkje eit unntak som kan knyte seg til etablert
næringsverksemd, trass i at det kan vere behov for det.
Eg merka meg at
det siste ministeren sa, var at det bør brukast sunn fornuft, og
så får ein sjå kva som skjer framover. Skal eg oppfatte ministeren
slik at det er ein indikasjon på at ein vil sjå på lova på nytt,
og sjå om det er fornuftig å få med eit nytt unntak for næringseigedom?
Statsråd Geir Pollestad [10:37:06 ] : Eg sa òg at eg meiner
den vurderinga me må gjera, og som det er naturleg å gjera, må skje
innanfor rammene av dagens lov. Eg er oppteken av at lova skal fylgjast.
Det vert i representantforslaget vist til at det har skjedd sal,
men det at det har skjedd sal, eventuelt i strid med lova, er ikkje
eit argument for at den typen lovbrot kan skje i framtida.
Eg trur løysinga
i denne saka ligg i at ein bruker dei rammene som ein har i dag,
anten det er eigarstyring eller lov. Det vil òg vera viktig at me
ser på korleis denne dialogen vert ført, og ha dialog med Statskog
om det. Det er klart at det er veldig skeive maktforhold her i mange situasjonar.
Eg har tenkt at
det alltid skal vera mogleg å gjera ting betre i framtida enn det
me har gjort så langt, og så er det viktig å halda fast på dei prinsipielle
utgangspunkta.
Olve Grotle (H) [10:38:10 ] : No bruker jo statsråden den eksisterande
lovteksten, den eksisterande lova, som eit argument for at ein ikkje
skal kunne selje eller avhende areal, men det Dokument 8-forslaget
inneber, er nettopp forsøk på å få endra lova ved at ein tek inn eit
nytt unntak. Det vil då ikkje vere i strid med eksisterande lov.
Ein skal altså endre lova; det er det ein ber om.
Då må spørsmålet
igjen vere: Ser ikkje statsråden at det kan vere behov for eit særskilt
unntak knytt til næringseigedom?
Statsråd Geir Pollestad [10:38:56 ] : Eg ser jo kva forslaget
går ut på, og eg ser òg at det ikkje ligg an til å få fleirtal her.
Eg meiner at det
er rom for fleksibilitet innanfor dagens lov. Viss ein gjer for
mange unntak, vil ein til sjuande og sist uthola det grunnleggjande
knytt til forvaltinga av Statskog, statsallmenningane og vår felles
eigedom. Der trur eg nok at partia har litt ulik tilnærming.
Eg vil, så lenge
lova gjeld, forhalda meg til ho. Får ein beskjed frå Stortinget
om at ein ønskjer å endra lova, må ein forhalda seg til det, men
eg trur det er mogleg å oppnå mykje av det som eg høyrer at både
posisjon og opposisjon er opptekne av, innanfor rammene av dagens
lov.
Olve Grotle (H) [10:39:47 ] : Eg blir litt usikker på kva ministeren
eigenleg meiner. No blir det sagt at det ikkje ligg an til eit fleirtal,
og dermed blir det ikkje noko unntak, men det ligg ikkje an til
eit fleirtal fordi regjeringspartia ikkje vil det. Viss Arbeidarpartiet
og Senterpartiet går inn for dette, vil det jo kunne bli eit slikt unntak
– så eg skjønar ikkje heilt logikken.
Oppsummert må
det vel bli slik at ein ikkje meiner at næringsareal er like viktig
som gardsbruk eller for den del bustadtomter. Er det ei presis eller
korrekt beskriving av den vurderinga ministeren har av kor viktig
det er med næringsdrift, gjerne i kapitalsvake kommunar?
Statsråd Geir Pollestad [10:40:40 ] : Eg er oppteken av at
Statskog skal bidra til næringsutvikling lokalt. Så har eg òg i
brevet mitt til Stortinget anbefalt at ein ikkje går inn på det
forslaget som ligg føre om å utvida unntak på dette feltet.
Eg seier òg at
ein må sjå på om det er rom for å gjera ting betre innanfor dagens
lov og dagens retningslinjer for eigarstyring. Eg har peikt på at
maktforholdet ofte er skeivt, og at prosessane vert opplevde som
tunge. Det er ting som det er naturleg å ha med når ein skal fylgja
opp dette punktet i Hurdalsplattforma.
Eg meiner det
er mogleg å finna ei god løysing som varetek behova til lokalt næringsliv
innanfor rammene av lova, og at ein då samtidig vedtek å sikra det
prinsipielle, nemleg at desse verdiane, som fellesskapet eig, vert
forvalta til beste for fellesskapet.
Presidenten
[10:41:38 ]: Replikkordskiftet er dermed omme.
Flere har ikke
bedt om ordet til sak nr. 2.
Votering, se voteringskapittel