Stortinget - Møte fredag den 12. mai 2023

Dato: 12.05.2023
President: Svein Harberg
Dokumenter: (Innst. 322 L (2022–2023), jf. Prop. 62 L (2022–2023))

Sak nr. 4 [09:32:58]

Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Endringar i Finnmarksloven (endringar som følgje av delinga av Troms og Finnmark fylke) (Innst. 322 L (2022–2023), jf. Prop. 62 L (2022–2023))

Talere

Presidenten []: Etter ønske fra kommunal- og forvaltningskomiteen vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil det – innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.

Terje Sørvik (A) [] (ordfører for saken): Komiteen har i denne innstillingen behandlet endringer i Finnmarksloven som følge av deling av Troms og Finnmark fylke tilbake til de opprinnelige to fylkene fra før sammenslåingen i 2020. Finnmarksloven gjelder forvaltning av grunn og naturressurser i Finnmark. Endringene i loven medfører navneendringer, og forvaltning av oppgavene i loven legges til Finnmark fylke.

Komiteen inviterte til skriftlig høring i behandlingen. Det kom ingen skriftlige innspill.

Det er en samlet komité som fremmer tilrådingen i saken, og jeg vil takke komiteen og komitéråden for samarbeidet.

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik []: Som følgje av at Stortinget har vedteke at Troms og Finnmark fylke skal delast frå 1. januar 2024, og Finnmark igjen vert eit eige fylke, må det òg gjerast endringar i Finnmarkslova.

Finnmarkslova gjeld forvaltning av grunn og naturressursar i Finnmark fylke. Lova vart vedteken i 2005 av eit breitt og tverrpolitisk fleirtal i Stortinget. I samband med samanslåinga av fylka Troms og Finnmark vedtok Stortinget endringar i Finnmarkslova. Dette var reglar om det geografiske verkeområdet for lova, val av medlemmar til styret i Finnmarkseiendommen og reglar for utdeling av overskot. Desse endringane var påkravde fordi nemninga Finnmark fekk endra tyding i lova.

Når Finnmark no igjen vert eit eige fylke, må dette gjerast om. I lova er det vist til Troms og Finnmark fylke, Troms og Finnmark fylkeskommune og Troms og Finnmark fylkesting. Regjeringa gjer framlegg om å endre lova slik at det vert vist til instansane i Finnmark. På denne måten vil ein gå tilbake til ordninga som var før fylkeskommunane Troms og Finnmark vart samanslegne.

Når det gjeld statsforvaltaren, gjer regjeringa framlegg om å utforme føresegnene slik at det vil fungere uavhengig av korleis den geografiske inndelinga er mellom dei ulike statsforvaltarembeta. Dei endringane regjeringa gjer framlegg om, er altså tekniske endringar der regjeringa inviterer Stortinget til å gjere dei endringane som er naudsynte i samband med at Finnmark vert eit eige fylke igjen.

Når departementet vurderer endringane i Finnmarkslova, har departementet plikt til å tilby Sametinget konsultasjonar. Sametinget har ikkje ønskt å konsultere om desse endringane, men viser til standpunktet dei hadde i konsultasjonane om endringane i Finnmarkslova då fylka vart slegne saman. Troms og Finnmark fylkeskommune fekk òg høve til å kome med innspel til forslaget. Dei meinte det ikkje var behov for det.

Eg er glad for at komiteen samla støttar regjeringa sitt forslag om endringar i Finnmarkslova.

Presidenten []: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 4.

Votering, se mandag 15. mai