Presidenten
[12:29:26 ]: Etter ønske fra transport- og kommunikasjonskomiteen
vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe
og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.
Videre vil det
– innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til fem replikker
med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte
tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får også en
taletid på inntil 3 minutter.
Geir Inge Lien (Sp) [12:29:47 ] (ordførar for saka): Først
vil eg få takke forslagsstillarane for representantforslaget, og
komiteen for eit veldig godt samarbeid i saka.
Det denne saka
dreier seg om, er den mest trafikkerte vegstrekninga på E39 i Møre
og Romsdal som har ein ÅDT på over 20 000 bilar i døgnet. Strekninga
Veibust–Blindheim–Breivika er òg ulykkesutsett.
Planarbeidet er
i gang. Kommunar, fylkeskommunar og ikkje minst Statens vegvesen
prioriterer strekninga E39 Veibust–Blindheim–Breivika. Dette er
eit prosjekt som kan byggjast ut gjennom ramma av mindre investeringstiltak
og er prioritert i Statens vegvesens gjennomføringsplan for perioden
2022–2027.
Senterpartiet
og Arbeidarpartiet i regjering vil levere ein ny NTP i 2024. Der
vil dette prosjektet på nytt kunne løftast og prioriterast frå fylkeskommunen
si side. Dei prioriteringane som kjem frå eit samla fylke, vil verte lytta
til.
Betre framkome
og trafikktryggleik ligg til grunn for samferdselspolitikken til
regjeringa. Utbetring av ulykkesutsette flaskehalsar er en viktig
del av å sikre samferdsel i dette landet. Dette prosjektet er heilt
klart eit slikt prosjekt.
Bakgrunnen for
representantforslaget frå Framstegspartiet lyder som følgjer:
«Stortinget ber regjeringen komme
tilbake til Stortinget med en egen plan for snarlig realisering av
E39 Veibust–Blindheim–Moa i Sula kommune og Ålesund kommune. Det
skal også legges frem en egen finansieringsplan for utbyggingen
når planlegging og prosjektering er klart.»
Ja, eg er glad
for at strekninga får det nødvendige fokuset, og eg er glad for
at dette no vert sett på dagsordenen. Likevel synest eg det er rart
at det kjem frå nettopp Framstegspartiet, for den tidlegare Framstegsparti-statsråden
frå Møre og Romsdal i Ernas regjering tok strekninga Veibust–Blindheim–Breivik
ut av Bypakke Ålesund, fordi dei meinte ho vart for stor. Den investeringa
som då skjedde, er i gang, og dette kunne no òg ha vore under bygging.
Dette prosjektet er dessverre teke ut og stansa av Framstegspartiets
eiga regjering.
Dette er eit viktig
prosjekt som Senterpartiet heiar på, og vi vil jobbe for å få dette
realisert snarast mogleg.
Liv Kari Eskeland (H) [12:32:47 ] : Det er ikkje vanskeleg
å forstå utolmodet til forslagsstillarane etter å få fortgang i
dette prosjektet. Komiteen har ved sjølvsyn sett dei prosjekta som
er ønskte i Møre og Romsdal, og dette er eit av dei. Samtidig er
det krevjande for Stortinget å ta stilling til slike enkeltprosjekt
parallelt med at Nasjonal transportplan no er under revidering,
og Stortinget bør vera varsam med å gå inn i enkeltforslag utan å
ha heilskapen med oss, om det då ikkje er heilt spesielle forhold
som har gjort at det fortener Stortingets merksemd.
Difor kjem Høgre
til å stemma mot dette framlegget i dag. Likevel: Me skal byggja
landet for framtidige generasjonar, og skal me syta for at næringslivet
får gode rammevilkår, er det utelukkande slik at infrastruktur er ein
av dei topp tre sakene som næringslivet løftar når me spør kva som
skal til for å skapa gode rammevilkår for næringslivet og for framtidige
arbeidsplassar.
Difor er det bra
at Framstegspartiet stadig løftar fram viktige prosjekt. Denne store
diskusjonen og prioriteringane bør altså skje i rullering av Nasjonal
transportplan. Då har me det faglege grunnlaget på plass og vurderingane
til fagetatane med oss.
Frank Edvard Sve (FrP) [12:34:20 ] : Her var det verkeleg mykje
å ta fatt i, og eg skal starte med siste talar og Høgre. Det er
ganske spesielt at det må eit veldig sterkt Framstegsparti til for
at Høgre skal begynne å drive Høgre-politikk. Det viste vi i regjering,
for då bygde vi faktisk veg og prioriterte viktige vegar. No stemmer
Høgre imot dei aller fleste vegprosjekta som vi fremjar, sjølv om
dei sit i opposisjon. Det forstår eg lite av. Men eg forstår kanskje
dette, for denne strekninga tok Høgre faktisk ut av sitt forslag
til NTP, som ikkje vart vedteke, men som vart lagt ved protokollen,
og som berre hadde støtte frå Venstre og Kristeleg Folkeparti. Framstegspartiet
støtta ikkje den NTP-en. Vi hadde vår eigen. Vi la inn denne strekningen
fordi han er ein av dei farlegaste vegstrekningane i Noreg og definitivt
ein dødsveg.
Eg synest det
er rart at ein ikkje kan sjå framover for desse dødsvegane. Vi har
Skaret–Hønefoss på E16, og vi har Blindheim–Breivika–Veibust, dette
området, som to heilt klare døme på strekningar i Noreg der det
er mange alvorlege ulykker, også dødsulykker. Vi må gjere alt vi kan
for å stoppe det. Då eg såg det statsråden svarte sine eigne ordførarar
angåande Skaret–Hønefoss, er det eigentleg ikkje rart å sjå svaret
vi får her knytt til denne dødsvegen, den mest trafikkerte vegen
i heile Møre og Romsdal med over 20 000 bilar på ein tofeltsveg,
der det seinast for kort tid sidan, under eitt år, var ei alvorleg ulykke
med tre dødsfall, og litt lenger sør, noko seinare, eit nytt dødsfall.
Det er alvorleg når slikt ikkje vert teke fatt i.
Det vert vist
til, også frå saksordføraren, at dette vegområdet skal byggjast
ut og er prioritert av Statens vegvesen. Det er det slett ikkje,
det er ikkje riktig. Det som vart vist til av statsråden, er at
det er gjeve 5 mill. kr til sjølve Veibustkrysset, for å sjå på
ei løysing for det. Det har ikkje skjedd.
Eg var ikkje i
Stortinget i førre periode, og eg var heller ikkje i regjering.
Eg har utfordra både dagens regjering og dagens politiske parti
på kva ein har tenkt å gjere med slike vegstrekningar, der det er
alvorlege dødsulykker og på mange måtar livsfarleg å køyre. Det
er det som er viktig, det er her og no vi må sjå på det. Eg får
garantert eit svar frå statsråden om at tidlegare regjering gjorde slik
og slik. Det er heilt uinteressant. Det er kva ein ønskjer å gjere
frå no og framover og dagens sak som gjeld. Dette er ein dødsveg,
og det burde openbert ha vorte støtta av dei andre partia.
Vi ber om ein
plan. Det er greitt at det kjem i ein NTP, men då hamnar det i det
store sluket. Her burde ein kunna gått inn og teke dei viktige vegane,
der det er mange dødsulykker, og sett på dei spesielt. Eg er ikkje imponert
over at vi ikkje får støtte.
Eg fremjar framlegget
vårt.
Presidenten
[12:37:18 ]: Dermed har representanten Frank Edvard Sve tatt
opp det forslaget han refererte til.
Mona Fagerås (SV) [12:37:33 ] : Vi i SV er enig med Fremskrittspartiet
i at veiprosjektet Møreaksen er feil prioritering av veipenger.
Møreaksen er i altfor stor grad ny vei, som vil gå gjennom ny trasé,
med betydelige inngrep i kulturlandskap, med nedbygging av myr og
med store klimagassutslipp. Møreaksen vil skape ny biltrafikk og
mer klimagassutslipp.
Vi er også enig
i at flaskehalser som Veibustkrysset bør prioriteres før Møreaksen.
For det er riktig, som forslagsstillerne, altså Fremskrittspartiet,
påpeker: Dette er den store flaskehalsen i Ålesund, og Veibustkrysset
er en stor utfordring der.
Jeg vil likevel
minne Fremskrittspartiet om at dette er en strekning som opprinnelig
lå inne i bypakken for Ålesund, men da Solberg-regjeringen og Fremskrittspartiets
minister skulle slanke Bypakke Ålesund, ble denne strekningen prioritert
bort – av Fremskrittspartiets samferdselsminister. I motsetning
til representanten Sve synes jeg ikke det er helt uinteressant å
få fram hva Fremskrittspartiets egen minister har gjort.
Det mest naturlige
for denne strekningen nå er å få på plass planarbeidet. Prioriteringer
mellom store veiprosjekter vil være naturlig å ta inn i behandlingen
av ny NTP, slik at vi kan prioritere helheten, slik representanten
fra Høyre var inne på. Som kjent skal ny NTP legges fram om et års
tid. Da får vi gode muligheter til å diskutere dette krysset.
André N. Skjelstad (V) [12:39:47 ] : Det er korrekt at representanten
Sve ikke satt her i forrige periode, men dette huset fungerer jo
sånn at vi for så vidt er nødt til å ta med oss hva som er vedtatt
før. Jeg mener at dette er et stort og viktig prosjekt. Som representanten
Fagerås nå sa, lå dette i utgangspunktet inne i den tidligere bypakken.
Det betyr ikke at dette er mindre viktig av den grunn. Jeg synes
likevel at det naturlige her – vi slutter oss til flertallet i komiteen,
bortsett fra Fremskrittspartiet – er at dette kommer når vi får
NTP-en om et års tid. Derfor stemmer vi sammen med flertallet i
komiteen og ikke sammen med Fremskrittspartiet, selv om vi synes
dette er et særs viktig prosjekt.
Statsråd Jon-Ivar Nygård [12:40:59 ] : Strekningen E39 Veibust–Blindheim–Moa
går gjennom Ålesund og Sula kommuner i Møre og Romsdal. Veien er
hovedinnfartsåre mot Ålesund fra sør og er en av de mest trafikkerte
i fylket, som flere har vært innom. Det var om lag 22 000 biler
per døgn i gjennomsnitt i 2022. Både Blindheimstunnelen og Moatunnelen
har bare ett løp, og trafikken stopper ofte i tunnelen i rushtidsperiodene morgen
og ettermiddag. Det er også riktig, som det ble sagt, at strekningene
er ulykkesutsatt, og det er daglige forsinkelser og framkommelighetsproblemer.
Små uhell kan gi lange køer og ringvirkninger langt utenfor planområdet.
Så vidt jeg forstår,
var i hvert fall deler av dette prosjektet inne i tidligere forslag
til Bypakke Ålesund, men det ble tatt ut av lokale myndigheter etter
en nærmere gjennomgang av kostnader og inntekter i pakken. Jeg mener
det er riktig beskrevet, som det ble sagt i salen her, at det var
etter påtrykk fra daværende regjering, med Solvik-Olsen som statsråd.
Jeg må si at jeg slutter meg til de øvrige i salen når jeg sier
at det må være interessant å se hva politikere gjør når de har makt.
Det mener jeg vi faktisk må tåle å få høre i salen.
Strekningen E39
Vegsund–Breivika er heller ikke prioritert i gjeldende nasjonal
transportplan. Statens vegvesen vil likevel vurdere utbyggingen
av E39 Veibustkrysset innenfor rammen til mindre investeringstiltak på
kapittel 1320, post 30, Riksveiinvesteringer.
Jeg registrerer
at Fremskrittspartiet, som generelt er imot bompenger – i hvert
fall sier at de er det, og som også er kritisk til bompengeopplegget
i vedtatt Bypakke Ålesund – er de som roper høyest om at også denne
veistrekningen skal prioriteres. Slik jeg ser det, må alle prioriteringer,
altså alle veiprosjekter, uansett vurderes innenfor realistiske
økonomiske rammer. I praksis vil det si at finansieringen enten
må bestå av statlige midler og/eller bompenger.
Som salen er godt
kjent med, vil regjeringen om ca. et år legge fram en ny nasjonal
transportplan, for 2025–2036. Her vil alle veiprosjekter, inkludert
det prosjektet vi debatterer her i dag, bli vurdert opp mot hverandre innenfor
ansvarlige økonomiske rammer. I arbeidet med å utforme regjeringens
forslag til ny NTP vil jeg selvfølgelig lytte til lokale prioriteringer
i Møre og Romsdal. Det er jo en høringsprosess knyttet til dette,
så jeg ser fram til å høre hvordan fylkeskommunen prioriterer.
Ved behandlingen
av ny nasjonal transportplan i 2024 vil Stortinget få rikelig anledning
til å drøfte prioriteringer av dette prosjektet opp mot andre aktuelle veiprosjekter
i den kommende tolvårsperioden.
Presidenten
[12:43:43 ]: Det blir replikkordskifte.
Frank Edvard Sve (FrP) [12:43:58 ] : Det som er litt spesielt,
er at ein viser til at ein skal satse på viktige vegar i distrikta
for å få ned talet på dødsulykker. Det var 118 dødsulykker i Noreg
i 2022, og ministeren har vore veldig tydeleg på at ein skal gjere
alt ein kan for å få det talet ned.
E39 Veibust–Blindheim–Breivika,
som er omtalt her, er eit av dei verste ulykkesområda vi har i Møre
og Romsdal. Det var fire dødsulykker for ikkje altfor lang tid tilbake.
Kan ministeren forklare kva slags styringssignal ministeren har
gjeve Statens vegvesen, som gjer at dei har kome tilbake med eit
forslag til NTP der dette området er teke heilt ut?
Statsråd Jon-Ivar Nygård [12:44:46 ] : Ja, det kan jeg veldig
enkelt forklare. Det handler ikke om dette prosjektet, men om hvordan
prosessen med NTP er. Da bes våre etater og virksomheter komme tilbake
med en prioritert liste, slik de ser det ut fra faglige vurderinger, gjerne
tungt basert på samfunnsøkonomisk nytte innenfor noen teoretisk
beregnede rammer. Det er ingen fasit, men det er et utgangspunkt
for de vurderingene som vi fra regjeringens side skal gjøre i arbeidet
med ny NTP. Ny NTP legges fram våren 2024. I forkant av det skal
vi også ha politiske prosesser hvor vi involverer fylkeskommunene.
Så det er masse prosess før vi får en output i den andre enden.
Det betyr ikke at man kan være sikker på at dette prosjektet kommer
med, men heller ikke det motsatte.
Frank Edvard Sve (FrP) [12:45:31 ] : Det gjeld ei uttale frå
fleire i salen, også frå ministeren, om at E39 Blindheim–Breivika
og det som er omtalt her, låg inne i Bypakke 1 og at førre regjering
tok det ut av bypakken. Det vart sagt av statsråden frå talarstolen
no. Eg har undersøkt det undervegs for å sjekke min eigen hukommelse.
E39 Veibust–Blindheim–Moa har ikkje lege inne i Bypakke 1, men i
Bypakke 2, som ikkje er fremja. Det var Bypakke 1 tidlegare regjering
og statsråd kutta i, ikkje Bypakke 2, som omhandlar dette området.
Er ministeren
heilt sikker på at dette prosjektet har lege inne i Bypakke 1 –
ja eller nei?
Statsråd Jon-Ivar Nygård [12:46:15 ] : Nei, jeg er ikke helt
sikker på det, men jeg vet at det ble tatt ut av lokale myndigheter
etter en nærmere gjennomgang av kostnader og inntekter i pakken.
Det ble gitt styringssignaler fra den foregående regjeringen om
at man skulle slanke bypakkene, og jeg antar at det har fått gjeldende
virkning også for denne.
Frank Edvard Sve (FrP) [12:46:31 ] : Eg er ikkje fornøgd med
svaret, for ein har vore veldig tydeleg på talarstolen her og sagt
at dette vart teke ut av førre statsråd. Det er, slik eg oppfattar
det, ikkje riktig. Bypakken som ein skalerte ned under førre regjering,
med Jon Georg Dale som statsråd, var Bypakke 1. Der fekk ein beskjed
om å gå tilbake og få ned kostnadene. Dette prosjektet ligg langt
bak med tanke på planlegging og låg inne med ca. 2 mrd. kr i førre
NTP, altså NTP-en bak der igjen. Men staten og Vegvesenet har ikkje
kome langt i planlegginga og har på langt nær klart å kome inn i
verken den eine eller andre bypakken.
Eg forventar at
statsråden svarar riktig: Låg dette prosjektet inne i Bypakke 1
– ja eller nei?
Statsråd Jon-Ivar Nygård [12:47:22 ] : Det klarer jeg ikke
å svare spesifikt på. Det jeg refererte til, er at den ble tatt
ut av lokale myndigheter, og så mener jeg det er riktig at det var
etter påtrykk fra sentrale myndigheter. Hvis det er feil, har jeg
ingen problemer med å beklage det. Poenget er at den foregående
regjeringen delte opp en rekke av bypakkene i flere faser. Hensikten
var å slanke dem, og det står seg.
Presidenten
[12:47:43 ]: Replikkordskiftet er omme.
De talere som
heretter får ordet, har også en taletid på inntil 3 minutter.
Frank Edvard Sve (FrP) [12:47:57 ] : Det er slik at underteikna
og Framstegspartiet har gjort framlegg om dei store, viktige prosjekta
i Møre og Romsdal og i resten av landet. Stort sett dei fleste prosjekta
vi har sett fram framlegg om, har vorte stemt ned av dei andre partia.
I Møre og Romsdal
har vi fremja framlegg om å prioritere E136 frå Ålesund til Bjorli.
Det vart stemt ned av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre, som
er dei store partia i Møre og Romsdal. Dei gjorde nesten det same med
rv. 15 Strynefjellet. Der var rett nok Høgre med, og det var veldig
bra, men Senterpartiet og Arbeidarpartiet stemte imot eit framlegg
der dette skulle verte behandla og sett i gang med i fyrste seksårsperioden.
Og no gjeld det den mest trafikkerte vegen i Møre og Romsdal, E39, Veibust–Blindheim–Moa,
som også ser ut til å verte stemt ned.
Det er spesielt
at vi i mange valkampar ser at det er desse tre store partia, som
nemnt, som snakkar veldig mykje om å prioritere samferdsel, også
i mitt eige heimfylke. Men når vi kjem til praksis, viser det seg
at ein ikkje gjer det. Så er ein veldig oppteken av å vise kva andre
har gjort tidlegare. Det kan ein sikkert gjere, men det er viktig
at ein fokuserer på styring og det ein skal gjere framover sjølv.
Saksordføraren
var inne på det og sa ein del om at Statens vegvesen skulle prioritere
dette innanfor små rammer. Det er sjølvsagt umogleg. Det ein snakkar
om i så måte er Veibustkrysset – det har det ikkje skjedd noko som
helst med. Vegvesenet prøver å stoppe det med at det ikkje går etter
handbøkene og så vidare, så det står i stampe.
Når det gjeld
strekninga Veibust–Blindheim–Moa, kostar det fleire milliardar kroner
for å kunne gjere noko med det, og ein veit heller ikkje enno kvar
traséane skal gå. Og når ein har brukt 800 mill. kr på planlegging
av Møreaksen, har dette prosjektet, som kanskje er det mest alvorlege
prosjektet i Møre og Romsdal, dotte ned av ein stol og ikkje fått
den nødvendige planlegginga. Ein veit enno ikkje kvar vegen skal
gå.
Det er spesielt
at ein held fram med å stemme imot eit slikt prosjekt. Vi ynskjer
å lyfte opp desse prosjekta og kjem til å gjere det vidare. Når
vi eventuelt kjem i ny regjering om to år, er vi klare til å kunne
gjere noko med desse prosjekta.
I Møre og Romsdal
er transport og næringstrafikk også viktig – som går frå Søre Sunnmøre
med Hareid og Ulstein og heile det indre området og gjennom dette området
og forverrar trafikken betydeleg. Difor er dette trafikkområdet
svært viktig å få gjort noko med, både for trafikken, for trafikktryggleiken
og ikkje minst for næringstrafikken.
Eg vil beklage
at dette vert stemt ned av partia, og eg synest det er veldig synd
at partia i Møre og Romsdal, altså Høgre, Arbeidarpartiet og Senterpartiet
ikkje er med på å støtte eit framlegg der ein ber om ein plan for
å få gjort noko med eit av dei viktigaste vegprosjekta i Møre og
Romsdal.
Geir Inge Lien (Sp) [12:51:09 ] : Eg vil starte med å takke
for debatten.
Eg må likevel
få lov til å skyte inn at eg finn det noko forunderleg at representanten
Frank Sve står og seier at Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet
jobbar imot vegstrekningar som E136/E39. E136 la då verkeleg regjeringa
Framstegspartiet var med i, inn i Nye Vegar, og då er det opp til
Nye Vegar sjølv å styre det. Det er måten dei har valt at dette
skal fungere på, som skal bestemme kva tid det prosjektet vert prioritert
eller ikkje. Vi er på. Vi vil gjerne. Fylket har einstemmig sagt
at E136 er det største og viktigaste prosjektet, og at det bør verte
prioritert og verte bygd. No er det opp til Nye Vegar. Framstegspartiet
og Frank Sve har gjeve frå seg all makt i denne sal til Nye Vegar.
Når det gjeld
E39 og denne saka, er Veibust–Blindheim–Breivika ei veldig ulykkesutsett
strekning, det er ikkje tvil om det, og det er ei strekning som
har mykje trafikk, over 22 000 bilar i døgnet. Det er klart at her trengst
det at ein gjer noko. Tida går. Eg tenkjer berre at eg vil gje tilbakemelding
til Frank Sve om at her kunne vi ha vore i gang. Viss statsråden
til Framstegspartiet hadde vore seg bevisst ansvaret sitt, kunne
ein absolutt ha vore delvis i gang på strekninga.
Eg må berre seie
at vi i Senterpartiet, og regjeringa, skal gjere vårt for at dette
prosjektet vert løfta opp. Då er det viktig at komande fylkesting,
og òg det fylkestinget som sit no, er samde. Det er klart at Stortinget
lyttar veldig til det når eit samla fylke seier kva prosjekt som
skal prioriterast. Dette er heilt klart eit prosjekt som burde ha
vore sett i gang, og som vi sjølvsagt heiar på.
Presidenten
[12:53:04 ]: Representanten Frank Edvard Sve har hatt ordet
to ganger tidligere og får ordet til en kort merknad, begrenset
til 1 minutt.
Frank Edvard Sve (FrP) [12:53:17 ] : Det er ikkje korrekt at
ein har gjeve frå seg all makt når det gjeld E136. Den viktigaste
strekninga og den med tyngst trafikk, frå Ålesund til Vestnes, ligg
i porteføljen til Statens vegvesen. Statens vegvesen har tydelegvis
etter signal frå regjeringa føreslått å ta ho heilt ut av NTP –
ut av NTP i sin heilskap. Resten av strekninga, frå Vestnes til
Bjorli, er hos Nye Vegar. Vi er veldig glade for at det ligg hos Nye
Vegar, for då er det faktisk ei moglegheit for at det vert realisert
– dagens regjering vil jo ikkje bygge veg, og då er det riktig.
Eg synest det er spesielt at saksordføraren kan seie noko slikt.
Som busett i Vestnes burde han vite kven som har ansvaret for dei
ulike traséane på ein veg som er rett utanfor stovedøra hans.
Presidenten
[12:54:05 ]: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 8.
Votering, se voteringskapittel