Stortinget - Møte tirsdag den 7. februar 2023

Dato: 07.02.2023
President: Ingrid Fiskaa

Formalia

President: Ingrid Fiskaa

Presidenten []: Følgjande innkalla vararepresentantar tek no sete:

  • For Aust-Agder: Torunn Ostad

  • For Vest-Agder: Kirsten Helen Myren

  • For Buskerud: Sigrid Simensen Ilsøy

  • For Finnmark: Sigurd Kvammen Rafaelsen

  • For Nordland: Hans Gunnar Holand

  • For Oslo: Agnes Nærland Viljugrein, Jon Reidar Øyan og Sigrid Zurbuchen Heiberg

  • For Rogaland: Tor Inge Eidesen og Naomi Wessel

  • For Sogn og Fjordane: Gunhild Berge Stang

  • For Telemark: Emilie Schäffer

  • For Vestfold: Aram Karim

Frå Statsministerens kontor har Stortinget motteke følgjande brev, datert 3. februar 2023:

«Endringer blant statssekretærer

Statsråd ble holdt på Det kongelige slott 3. februar 2023 kl. 11.00 under ledelse av Hans Majestet Kongen. Det ble truffet følgende vedtak:

Statsministerens kontor

Statssekretær Johan Vasara gis avskjed i nåde som statssekretær for statsråd Jon-Ivar Nygård i Samferdselsdepartementet.

Seniorrådgiver Abel Cecilie Knibe Kroglund utnevnes som statssekretær for statsråd Jon-Ivar Nygård i Samferdselsdepartementet.

Endringene ovenfor skjer med virkning fra 3. februar 2023 kl. 12.00.»

Presidenten vil gjera framlegg om at det refererte brevet blir lagt ved protokollen. – Det er vedteke.

Som følgje av at den tidlegare innkalla vararepresentanten Abel Cecilie Knibe Kroglund er utnemnd som statssekretær, vil presidenten tilrå at vararepresentanten Ramani Nordli blir innkalla for å møta i Stortinget i tida frå og med 7. til og med 9. februar under representanten Tellef Inge Mørlands permisjon. – Det er vedteke.

Ramani Nordli er til stades og vil ta sete.

Frå stortingsgruppa til Framstegspartiet ligg det føre søknad om permisjon etter Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum for representanten Tor André Johnsen frå og med 7. februar og inntil vidare.

Etter forslag frå presidenten blei samrøystes vedteke:

  1. Søknaden blir handsama straks og innvilga.

  2. Vararepresentanten Johan Aas blir innkalla for å møta i permisjonstida.

Presidenten []: Johan Aas er til stades og vil ta sete.

Statsråd Jon-Ivar Nygård la fram 1 kgl. proposisjon (sjå under Referat).