Interpellasjon fra representanten Birgit Oline Kjerstad til klima- og miljøministeren: «Ein historisk viktig naturavtale vart underskriven 19. desember 2022. Naturavtalen sitt mål om 30 pst. representativt vern av areal, 100 pst. berekraftig bruk og restaurering av øydelagd natur skal no fylgjast opp i Noreg. Vi kan ikkje fortsetje som før, og det hastar med å ta betre vare på naturen. Kva planar har regjeringa, når kan Stortinget få framlagt ein strategi med konkrete mål og planar for gjennomføring av naturavtalen i Noreg, og vil regjeringa revidere og justere eksisterande planar som er i sterk strid med naturavtalen sine mål?»