Presidenten
[10:00:19 ]: Følgjande innkalla vararepresentantar tek no
sete:
For
Aust-Agder: Torunn Ostad
For
Vest-Agder: Kirsten Helen Myren
For
Buskerud: Sigrid Simensen Ilsøy
For
Finnmark: Sigurd Kvammen Rafaelsen
For
Nordland: Hans Gunnar Holand
For
Oslo: Agnes Nærland Viljugrein ,
Jon Reidar Øyan og Sigrid
Zurbuchen Heiberg
For
Rogaland: Tor Inge Eidesen og
Naomi Wessel
For
Sogn og Fjordane: Gunhild Berge Stang
For
Telemark: Emilie Schäffer
For
Vestfold: Aram Karim
Frå Statsministerens kontor
har Stortinget motteke følgjande brev, datert 3. februar 2023:
«Endringer blant statssekretærer
Statsråd ble holdt på Det kongelige
slott 3. februar 2023 kl. 11.00 under ledelse av Hans Majestet Kongen.
Det ble truffet følgende vedtak:
Statsministerens kontor
Statssekretær Johan Vasara gis avskjed
i nåde som statssekretær for statsråd Jon-Ivar Nygård i Samferdselsdepartementet.
Seniorrådgiver Abel Cecilie Knibe
Kroglund utnevnes som statssekretær for statsråd Jon-Ivar Nygård
i Samferdselsdepartementet.
Endringene ovenfor skjer med virkning
fra 3. februar 2023 kl. 12.00.»
Presidenten vil
gjera framlegg om at det refererte brevet blir lagt ved protokollen.
– Det er vedteke.
Som følgje av at
den tidlegare innkalla vararepresentanten Abel Cecilie Knibe Kroglund er
utnemnd som statssekretær, vil presidenten tilrå at vararepresentanten
Ramani Nordli blir
innkalla for å møta i Stortinget i tida frå og med 7. til og med
9. februar under representanten Tellef Inge Mørland s permisjon. – Det
er vedteke.
Ramani Nordli er
til stades og vil ta sete.
Frå stortingsgruppa
til Framstegspartiet ligg det føre søknad om permisjon etter Stortingets
forretningsorden § 5 andre punktum for representanten Tor André Johnsen
frå og med 7. februar og inntil vidare.
Etter
forslag frå presidenten blei samrøystes vedteke:
Søknaden
blir handsama straks og innvilga.
Vararepresentanten
Johan Aas blir
innkalla for å møta i permisjonstida.