President: Nils T. Bjørke
Presidenten: Presidenten
vil tilrå at publikumsgalleriet av smittevernomsyn vert halde stengt
under møtet i dag. – Eg ser det som vedteke.
Representanten
Frank Edvard Sve vil setja fram eit representantforslag.
Frank Edvard Sve (FrP) [09:00:40 ]: Eg har æra av å fremje
eit representantforslag på vegner av Sylvi Listhaug, Hans Andreas
Limi, Marius Arion Nilsen, Tor André Johnsen, Morten Wold og Frank
Edvard Sve – underteikna – om å redusere nettleiga for norske strømkundar.
Presidenten: Forslaget
vil verta handsama etter reglementet.
Presidenten vil
gjera merksam på at innstillinga i sak nr. 25 på møtekartet ikkje
har vore offentleg i dei 48 timane reglementet krev, jf. forretningsordenen
§ 46. Presidenten vil likevel gjera framlegg om at saka vert teken
opp til handsaming.
Ingen innvendingar
er komne mot det. – Presidenten ser det som vedteke.
Vidare vil presidenten
opplyse om at møtet i dag om naudsynt held fram ut over kl. 16.00.
Sakene nr. 1–18
vil verta handsama under eitt. Sakene er andre gongs handsaming
av lovsaker og gjeld lovvedtaka 11–28.