Presidenten: Vyrde
medrepresentantar!
Den 5. desember
2020 gjekk tidlegare stortingsrepresentant Bjørn Unneberg frå Akershus
bort. Juristen Unneberg var frå Stokke i Vestfold, men han og familien sette
bu på garden Brudalen i Ullensaker. Det var i lokalpolitikken på
Romerike han fyrst tok til å arbeida politisk, fyrst som kommunestyrerepresentant
i Ullensaker i tre periodar frå 1959 og seinare som medlem av fylkestinget
i Akershus frå 1967 til 1977.
Han hadde ein skarp
hjerne og ein god penn og inspirerte mange – særleg dei unge og
progressive i Senterpartiet som hadde ein visjon om eit Senterparti
som var eit alternativ ikkje berre til venstresida i politikken,
men òg til høgresida. At han mobiliserte kraftig rundt seg, er det
fleire døme på. Det talar sitt tydelege språk at han før stortingsvalet
i 1969 vann nominasjonsstriden i Akershus Senterparti mot sjølve
Hans Borgen.
Bjørn Unneberg
kom på Stortinget i 1969, og han vart sitjande i to periodar. Den
fyrste perioden sat han i kommunalkomiteen, som halvvegs i perioden
fekk utvida sitt saksfelt til òg å dekkja miljøvern. Det norske
Miljøverndepartementet vart som kjent oppretta i 1972 som det fyrste
i verda. I den andre perioden var Unneberg leiar av justiskomiteen.
Unneberg gjorde
ein framifrå innsats som stortingsrepresentant, men det er ikkje
det han fyrst og fremst vert hugsa for i Senterpartiet. Den intellektuelle
internasjonalisten Unneberg var som nemnt òg eit skrivande menneske,
særs aktiv i krinsen rundt partiforlaget Cultura, det ideologiske
tidsskriftet Senit og Senterpartiet sitt studieforbund, der han
var landsstudieleiar.
I 1971 gav Cultura
ut Unneberg si bok, «Grønn sosialisme for utkantproletarer», med
undertittelen «Noen folkelige grunntanker om frihet, likhet og brorskap
i vår tid». Dette var året før folkeavrøystinga om EF i 1972, og det
ulma av ny radikalisme, grasrotengasjement og aktivisme langt ut
i distrikta og langt inn i Senterpartiet.
Samstundes var
det samarbeidet med Høgre som hadde ført Senterpartiet til regjeringsmakt
under Lyng i 1963 og Borten i 1965. Men Høgre var ingen alliansepartnar
i EF-striden, like lite som leiinga i Arbeidarpartiet var det. Om
ein distanserte seg frå Høgre, var det òg lite truleg at dei borgarlege
partia ville vinna kampen om regjeringsmakta med Arbeidarpartiet.
Alt dette gjorde debatten om Senterpartiet si samarbeidslinje frisk,
og debatten kom til å gå gjennom heile 1970-talet med til dels harde
interne dragkampar.
Dei som har lese
boka, skjønar at Unneberg ikkje var sosialist, men han var heller
ikkje begeistra for ein reindyrka kapitalisme. Unneberg aksepterte
ikkje at sosialistane skulle ha monopol på solidaritetsomgrepet, og
demonstrerte til fulle at også senterpartistar hadde internasjonal
orientering. Han var kan henda ein populist i beste meining av ordet.
Her må me vel – i denne sal – minna om at det fyrst er dei seinare
åra at dette omgrepet har tendert til å verta eit skjellsord.
Unneberg tapte
kampen om fyrsteplassen på Senterparti-lista i Akershus i 1977,
og han var deretter ein respektert sorenskrivar i Eidsvoll til han
vart pensjonist.
Det ville likevel
vera heilt feil å seia at Unneberg og det politiske prosjektet han
stod for, lei nederlag. Brotet med Høgre i 1990, sentrumsregjeringa
etter valet i 1997 og regjeringssamarbeidet med Arbeiderpartiet
etter vala i 2005 og 2021 syner at det grodde godt der Unneberg
pløgde og sådde. Han vil difor alltid ha ein viktig plass i soga
om Senterpartiet si historie.
Me lyser fred over
Bjørn Unneberg sitt minne.
Presidenten: Forslaget
vil verta handsama etter reglementet.
Presidenten vil
gjera merksam på at sak nr. 1 på møtekartet ikkje har vore offentleg
i dei 48 timane reglementet krev, jf. § 46 i forretningsordenen.
Presidenten vil likevel gjera framlegg om at saka vert teken opp
til handsaming.
Ingen innvendingar
er komne mot det. – Presidenten ser det som vedteke.
Vidare vil presidenten
opplysa om at sak nr. 4, Referat, vil verta handsama før sak nr. 1,
og presidenten ber difor representantane om å verta sitjande til
referatet er ferdig handsama.