Stortinget - Møte onsdag den 8. juni 2022

Dato: 08.06.2022
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 343 S (2021–2022), jf. Dokument 8:237 S (2021–2022))

Søk

Innhold

Sak nr. 14 [13:36:46]

Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Frank Edvard Sve og Morten Stordalen om å kutte ferjebilletten på Nordøyvegen (Innst. 343 S (2021–2022), jf. Dokument 8:237 S (2021–2022))

Talere

Presidenten: Etter ønske fra transport- og kommunikasjonskomiteen vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil det – innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.

Geir Inge Lien (Sp) [] (ordførar for saka): Først vil eg takke representantane frå Framstegspartiet for representantforslaget. Så må eg berre få seie at dette representantforslaget liknar svært på ein proposisjon som vi behandla for nokre veker sidan.

Nordøyvegen vart, som eg sa, debattert no for nokre veker sidan. Det gjaldt Prop. 93 S for 2021–2022. Ved behandlinga av proposisjonen vart det eit fleirtal for å gjere ei vurdering av om

«statens bidrag gjennom fergeavløsningsmidlene til Nordøyvegen bør beregnes på nytt basert på dagens fergetakster, og at eventuelt økt bidrag benyttes til å redusere bompengesatsene i prosjektet».

Slik lydde det.

Fleirtalsvedtaket til proposisjonen har gjort at det er ein samla komité som står bak innstillinga vi har til behandling her i dag.

I Møre og Romsdal fylkeskommune har no gjeve fast vegsamband til Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya, Fjørtofta, Harøy og Finnøy. Prosjektet er under utbygging, og optimismen der er stor. Ferjeavløysingsmidlane inngår i finansieringsopplegget frå fylkeskommunen. Fylkeskommunen er difor ansvarleg for nødvendig låneopptak og finansiering for prosjektet, uavhengig av korleis storleiken på framtidige tilskot, kompensasjonar og ferjeavløysingsmidlar vil bli. Men ferjene på delar av Nordøyane går framleis, og prosjektet er ikkje ferdigbygt. Det set prosjektet i ei særstilling.

Når regjeringa no har presentert ei storstilt satsing på å redusere ferjeprisar og gratis ferje til øysamfunn, kan det potensielt endre finansieringa av prosjektet. Denne senkinga av takstar ønskjer folket på Nordøyane å ta del i, og det er forståeleg nok. Det er difor vanskeleg ikkje å la dei få vurdert moglegheitene sine for det, og det har vi nettopp gjort i samband med behandlinga av ein proposisjon der det har vorte fremja eit forslag. Det lyder som så:

«Stortinget ber regjeringen gjøre en vurdering av om statens bidrag gjennom fergeavløsningsmidlene til Nordøyvegen bør beregnes på nytt basert på dagens fergetakster, og at eventuelt økt bidrag benyttes til å redusere bompengesatsene i prosjektet. Før stortinget får vurderingen tilbake kan bompengeinnkrevingen starte i tråd med vedtatt Prop. 93 S (2021–2022).»

Dette er eit spennande prosjekt. Så ser vi at det no har vorte dyrare, og så får vi håpe at vi finn ei fornuftig løysing for folket utpå Nordøyane.

Liv Kari Eskeland (H) []: Skal bompengeinnkrevjing ha legitimitet, må det opplevast rettferdig. Finansiering av Nordøyvegen vart handsama i Stortinget 19. mai, og sånn sett burde denne saka vore handsama parallelt med den. I behandlinga av den proposisjonen vart det gjort to vedtak. Det eine var i tråd med proposisjonen sine føresetnader, det andre var å be regjeringa om ei ny vurdering, slik saksordføraren har gjort greie for.

Bompengeinnkrevjing for ferjeavløysingsprosjekt vert rekna ut frå nytteprinsippet, og sjølv om ferjetakstane med påslag er eit utgangspunkt for fastsetjinga, er det fleire forhold som avgjer bilistane sin betalingsvilje. I denne saka ser ein at dei generelle ferjekostnadene går ned på fleire samband, medan bompengesatsane for Nordøyvegen sitt ferjeavløysingsprosjekt står fast.

Samferdselsdepartementet har òg tidlegare svara fylkeskommunen, som har søkt om reduksjon grunna generelt lågare ferjetakstar, at det ikkje er ein bunden samanheng mellom fastsett gjennomsnittstakst for eit bompengeprosjekt og framtidige ferjetakstar.

Høgre har i arbeidet med saka, saman med Framstegspartiet, lagt inn ein merknad der ein seier at det kan vera hensiktsmessig å gjera ei ny vurdering av kva betyding ein slik reduksjon i ferjeprisane har for berekning av ferjeavløysingsmidlane, og om det kan bidra til at bompengetakstane kan reduserast tilnærma det som var utgangspunktet for handsaminga av finansieringsopplegget for prosjektet i Stortinget i 2017. Det var før ein såg at kostnadene i prosjektet vart auka, og som følgje av det fekk ein revisjon av bompengetakstane.

Samstundes har me merka oss at regjeringa i Prop. 111 S ønskjer å setja i gong ei evaluering av den statlege ferjeavløysingsordninga. Det kan vera naturleg å ta ei drøfting av dei forholda som vert løfta i denne saka, i ei slik evaluering, sånn at me får ei prinsippavklaring av kva som skal liggja i botn i framhaldet av dei framtidige og komande ferjeavløysingsprosjekta.

Det kan ha samstundes vera på sin plass å minna om at Høgre i sin regjeringsperiode gjorde fleire tiltak som betra ferjeavløysingsordninga, der det i RNB vart lagt fram ei ny tilskotsordning for å avhjelpa rentekostnadene dei første åra etter at eit vegprosjekt har avløyst eller korta inn eit ferjesamband.

Me ser med spenning fram til kva denne regjeringa vil gjera for ytterlegare å betra forholda for slike fastlandssamband, sånn at me kan få på plass fleire bruer utan at bompengedelen kveler tiltaka.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Vi hadde drøftingar i Prop. 93 S for 2021–2022 angåande finansiering av Nordøyvegen, og debatten rundt prisane var grundig oppe då. Det som er grunnlaget no, er at vi har moglegheit til å kunne gjere noko ytterlegare med saka. Det er tre forhold som er viktige for finansieringa av Nordøyvegen.

Det eine forholdet er at regjeringa har varsla gratis ferje til øysamfunn utan anna samband og til dei som har under 100 000 reisande i året. Ferjene til Nordøyane går i dag – i alle fall den eine ruta. Det er to ruter – rute 21 og rute 22. På den eine ruta er det godt under 100 000 reisande, og på den andre ruta er det på den eine stoppestaden over 100 000, og på den andre godt under. Det er eit forhold som ein må ta inn over seg, og det er ei forskjellsbehandling som regjeringa definitivt burde ha rydda opp i slik at ein kom innanfor og fekk den same behandlinga som andre øysamfunn.

Det andre er det som vart vedteke i behandlinga av Prop. 93 S, om å vurdere ferjeavløysingsmidlane, tidspunktet og innsatspunktet for det. Det er også eit viktig moment som ein må ta fatt i. Statsråden var litt uklar på kva effekt det ville ha, men det er i alle fall eit konkret område som på ein måte dannar grunnlaget for det.

Det tredje er i kva grad mindreforbruket i fylkeskommunen sitt prosjekt eller andre inntekter kan brukast til å kutte ned bompengesatsane. Der er det nokon som hevdar at ein kan gjere slik ein vil, og det er sagt når ein har diskutert litt før og under møtet, at det kan ein gjere med bakgrunn i bompengeproposisjonen. Men når eg les bompengeproposisjonen, kan eg ikkje heilt å sjå at det er slik, for der står det heilt annleis. Om det er ekstrainntekter, og det er ein avtale mellom bompengeselskapet og Statens vegvesen som dannar grunnlag for bompengelånet, kan då fylkeskommunen gjere det dei vil med det i eit partnarskap der ein har teke opp eit bompengelån. Eg kjem i alle fall til å bruke replikkordskiftet til å stille statsråden spørsmål om korleis det er, for det er litt uklart.

Eg fremjar då formelt eit laust forslag som går på at om det er eit mindreforbruk i prosjektet på Nordøyane, kan fylkeskommunen bruke det til å kutte i bompengesatsen – ikkje bompengetida, men bompengesatsen, for det er det som betyr noko for øyfolket. Det har vorte ein veldig høg sats. Det bør opnast for at det vert fleksibelt, og at regjeringa legg til rette for det. Så får vi sjå kva som vert utgangspunkt for det. Eg oppfattar at det aller viktigaste er å få taksten ned for dette prosjektet. Dei er urettferdig behandla, meiner i alle fall eg, når det gjeld det med gratisferje og det. Dei burde ha eit anna innslagspunkt på ferjeavløysingsmidlane, og det må vere opning for at eit mindreforbruk kan brukast til å kutte ferjeprisane. Så får vi sjå kva som vert resultatet.

Presidenten: Da har representanten Frank Edvard Sve tatt opp det forslaget han refererte til.

Birgit Oline Kjerstad (SV) []: Det er som sagt sånn at Stortinget skal vedta prinsipp, og så handlar politikk om å få ting til samtidig. På Nordøyane har eg budd heile livet, og folk har gledd seg skikkeleg til fastlandssambandet. Folk har alltid betalt ferjeutgifter, og ingen ber om å sleppe å betale bompengar, men det går rett og slett ei grense for kva det er mogleg å greie å betale. Om fylkeskommunen ikkje hadde bygd denne vegen, skulle desse øyane hatt gratis ferje, og det blir litt feil å leggje til grunn dei ekstraordinære passeringane i forbindelse med anleggstrafikken og vegbygginga når ein skal vurdere om det er over eller under 100 000 passeringar. Men eg reknar med at når Stortinget har bedt regjeringa sjå på dette ein gong til, vil det kanskje kome ei løysing der.

Poenget med vegbygginga var å leggje til rette for ei positiv samfunnsutvikling. Staten har ikkje løyvd ei krone til vegen og sparer pengar på at ferja blir borte. Realiteten for folk er at takstane blir høgre enn betalingsevna. For ein familie der to må pendle, og kanskje ikkje har dei mest vanlege arbeidstidene, vil det koste over 14 000 kr i månaden. Då seier det seg sjølv at det vil vere eit hinder for å busetje seg ute på øyane for ein ung familie.

Avstanden i kilometer er ikkje så stor, men det er kostnaden ved vegpassering det er viktig å få gjort noko med. Det høyrer også med til historia at mange av tenestene for desse øyane er på fastlandet, så ein får ein ekstra kostnad om ein skal besøke mor på ein sjukeheim eller dra til tannlege – same kva ein skal gjere. Det er mykje industri der ute, og det er viktig med rekruttering. Kanskje ein jobbar på fastlandet og ein på øyane. Det blir heilt kritisk for samfunnsutviklinga, for infrastrukturen og for tenestene på øyane at ein legg godt til rette for unge familiar å kome dit.

For staten er ikkje dette ei kjempestor sak, men for øysamfunnet er det rett og slett kritisk om ein ikkje får gjort noko med takstnivået på ein eller annan måte. Eg har ikkje inngåande kjennskap til detaljane ved vegfinansiering, men eg håpar inderleg at Stortinget finn ei løysing i denne saka for å redusere desse takstane, slik at ein får eit nivå som er bra for lokalsamfunnet.

SV støttar det lause forslaget til Framstegspartiet i denne saka.

Kirsti Leirtrø (A) []: Vi behandlet proposisjonen 19. mai, og jeg vil si at vi som komité kanskje har gjort en feil; at vi ikke samtidig behandlet dette Dokument 8-forslaget. Ingen ting er nytt siden 19. mai – det har akkurat like stor betydning for et lokalsamfunn å få fastlandsforbindelse – så jeg tar ikke opp betydningen av det igjen.

Fremskrittspartiet har fremmet et løst forslag i saken, om å be regjeringen legge til rette for at fylkeskommunen kan benytte et eventuelt mindreforbruk, til kutt i bompenger. Dette er en mulighet fylkeskommunene allerede har i dag. Vi behandlet en proposisjon om dette for flere år siden, så det som kom opp 19. mai handlet om en kostnadsoverskridelse, og hvordan den skal finansieres. Det står også omtalt i saken hvordan fylkeskommunen ser for seg at den skal løse et eventuelt mindreforbruk. Arbeiderpartiet støtter ikke forslaget.

Så har jeg lyst til å fortelle en historie om et annet prosjekt, om en riksveg, der det var statlige midler i sin helhet. Det var OPS-prosjekt, rv. 3 og rv. 25 i Innlandet, der mindreforbruket var på én milliard. Men med en fremskrittspartistatsråd ble de pengene brukt andre steder i landet, så bompengeandelen økte. Jeg tror bompengeandelen faktisk var oppe i 85 pst. Men det er det ordnet opp i nå.

Ola Elvestuen (V) []: Nordøyvegen har hatt en lang historie med kostnadsoverskridelser – og også strid om man faktisk skulle bygge den. Det har vært et viktig prosjekt som Venstre har vært for – og en pådriver for at skulle komme på plass. Så er det som flere har vært inne på: Nå har man kommet i en spesiell situasjon, der det blir veldig høye kostnader for dem som skal bruke vegen framover, samtidig med reduserte kostnader der man beholder ferja – og her vil det til og med ha vært gratis ferje. Så blir det en diskusjon om hvordan man skal forholde seg til dette, og det blir nærmest en rimelighetsbetraktning hvordan man kan gjøre situasjonen bedre for de som nå bor på øyene.

Venstre er godt fornøyd med det initiativet som for så vidt ligger i saken, og at dette ikke nedstemmes, men det vedlegges protokollen. Og det blir en oppgave for regjeringen, som må se på hvordan man ut fra en rimelighetsbetraktning kan bedre forholdene.

Det er kommet inn et løst forslag fra Fremskrittspartiet som Venstre ser på – og jeg mener at vi også kommer til å kunne stemme for det forslaget.

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: Representantforslaget handler om å kutte bompenger på Nordøyvegen. Som flere allerede har vært inne på, er dette et fylkeskommunalt prosjekt. Jeg har merket meg at medlemmene i transport- og kommunikasjonskomiteen i innstillingen viser til behandlingen av Prop. 93 S for 2021–2022, finansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen har for øvrig ingen merknader. Komiteens tilrådning fremmes også av en samlet komité.

Jeg viser til stortingsbehandlingen av Prop. 93 S 2021–2022, hvor Stortinget vedtok å be «regjeringen gjøre en vurdering av om statens bidrag gjennom ferjeavløsningsmidlene til Nordøyvegen bør beregnes på nytt basert på dagens fergetakster, og at eventuelt økt bidrag benyttes til å redusere bompengesatsene i prosjektet». Regjeringen vil selvfølgelig her komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Liv Kari Eskeland (H) []: No ligg det til grunn at ein skal ta ei ny vurdering av bompengegrunnlaget. Spørsmålet vert då: Vil statsråden sørgja for at oppgraderte berekningar av ferjeavløysingsmidlane for Nordøyvegen vert gjennomførte raskt, slik at denne informasjonen kan liggja føre i god tid før bompengeinnkrevjingsperioden skal starta?

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: Vi vil selvfølgelig jobbe så raskt vi kan med dette. Jeg har også lyst til å bemerke at dette – kanskje litt i motsetning til hvordan det er formulert – handler om penger innenfor den fylkeskommunale rammen. Så hvis dette prosjektet skal ha mer penger, hentes det ut av fylkeskommunens bevilgninger.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Når det gjeld spørsmålet om ferjeavløysingsmidlane, at det skal ha ein funksjon som gjer at ein flyttar pengar frå det eine til det andre, er kriteriegrunnlaget for det ei rekkje i ei stor samansetning – det har vi fått i eit svar frå ministeren om korleis dette er bygd opp. Eg viser til at eg vanskeleg kan forstå at det er slik at om Nordøyvegen får eit anna berekningsgrunnlag, så skal det gå ut over noko anna. Men la no det liggje.

Spørsmålet mitt går meir på at ein seier at ein ikkje skal ha gratisferjeprinsippet på Nordøyvegen. Der går ferjene på rute 22 i dag til eit område der det ikkje i det heile er over 100 000 reisande. Det er øysamfunn utan fastlandssamband. Kva er grunnlaget for at regjeringa ikkje legg desse øyene inn i den same porteføljen som dei andre prosjekta som no får gratis ferje til sånne øysamfunn? Kva er grunnlaget?

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: Her er poenget at det nå er etablert vei. Det er svaret på det spørsmålet.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Det ikkje gjeld det heile. Rute 22 går til Dryna, til Fjørtofta og til Harøya, og der er det ikkje etablert veg. Det er under bygging. Der går ferjene framleis. Det andre området er akkurat opna. Så viss ein skulle bruke det prinsippet, ville ein iallfall kunne gje det gratis til den andre strekninga. Det ville uansett vere likebehandling. Så eg meiner framleis at det er ei forskjellsbehandling. Eg lurar på kvifor ein har innført ei sånn forskjellsbehandling.

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: Jeg beklager, da svarte jeg feil på det spørsmålet jeg fikk. Jeg må komme detaljert tilbake til hvordan det henger sammen. Men det er nå sånn at disse pengene som nå benyttes både til å redusere fergepriser og til gratis ferge, er bevilget som rammefinansiering til fylkeskommunene. Så det er fylkeskommunene som må gjøre konkrete vurderinger av hvilke fergestrekninger de da velger å gjøre gratis, og hvor man reduserer priser.

Birgit Oline Kjerstad (SV) []: Eg er frå dette lokalsamfunnet. Sånn sett er eg nesten inhabil. Forstår statsråden kor viktig det er for dette lokalsamfunnet no å få gjort noko med denne saka? Og kva kan staten gjere?

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: Dette er et fylkeskommunalt prosjekt, og fylkeskommunen har gjort noen valg i det prosjektet knyttet til både hvor kostbart prosjekt man ønsker å realisere, og hvordan man skal finansiere det prosjektet. Statens rolle har vært å legge fram en proposisjon. Slik norsk lov er innrammet, må vi ha det godkjent her. Primært er det fylkeskommunen som må håndtere det.

Så har vi nå fått et oppdrag hvor vi er bedt om å se på hvorvidt en ny beregning av fergeavløsningsmidler kan ha en betydning for prosjektet, og det akter vi å gjennomføre.

Presidenten: Replikkordskiftet er omme.

Liv Kari Eskeland (H) []: Framstegspartiet har lagt fram eit laust forslag i salen. Høgre vil med dette varsla om at me ønskjer å støtta det forslaget frå Framstegspartiet. Det er uansett fylkeskommunen som skal ta risikoen med bompengeinnkrevjinga, og det er òg dei som då må få avgjera om det forslaget som ligg på bordet, er eit godt forslag.

(Innlegg er under arbeid)

Kirsti Leirtrø (A) []: Dette viser egentlig hvor viktig det hadde vært at denne saken ble behandlet samtidig med proposisjonen. Det er en del uklarheter, og så har vi gjort en del vedtak som gjør at regjeringen skal se nærmere på takstene. Hele hensikten vår både med ferjetakster og med bompengetakster er at det skal oppleves rettferdig, så forslaget fra Fremskrittspartiet mener jeg vel også må være en del av den vurderingen som regjeringen faktisk gjør når det gjelder den nye beregningen av ferjeavløsningsmidlene.

Erling Sande (Sp) [] (leiar i komiteen): Berre ein kort merknad til den problemstillinga som har vore oppe no mot slutten av debatten, altså korleis ein skal tolke regelverket knytt til reduserte kostnader i prosjektet. Dersom ein slik situasjon oppstår, kva moglegheiter har fylkeskommunen innanfor det? Det er eg einig i at det er behov for å få noko meir kunnskap om. Det ligg eit konkret forslag i salen her, så då får vi prøve å samsnakke litt før avstemminga. Eg varslar førebels at vi vil vurdere det forslaget, og så kjem vi tilbake.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 14.