Stortinget - Møte torsdag den 7. april 2022

Dato: 07.04.2022
President: Nils T. Bjørke

Søk

Innhold

Formalia

President: Nils T. Bjørke

Minnetale over tidlegare stortingsrepresentant Eli Sollied Øveraas

Presidenten: Vyrde medrepresentantar! Tidlegare stortingsrepresentant Eli Sollied Øveraas frå Møre og Romsdal gjekk bort 15. november 2020.

Trebarnsmora og læraren var frå Ørskog på Sunnmøre, men gjorde romsdaling av seg og arbeidde i mange år som lærar i Vestnes. Ho var ei svært engasjert dame som alltid greidde å engasjera andre – taleglad og med ein open veremåte.

Ho gjekk tidleg inn i partipolitikken og vart aktiv i Senterpartiet. Ho var engasjert i både utdanningspolitikken, familiepolitikken og kulturpolitikken. Ho var òg svært engasjert i transportfeltet.

Det er all grunn til å skyta inn at ho, som så mange andre folkevalde, hadde eit engasjement som gjekk utover partiet, og som lokalsamfunnet hadde stor nytte av. Ho var aktiv i både helselaget og barne- og ungdomsfotballen og minst like engasjert når ho heia på barn og ungdom som spelte fotball, som når ho arbeidde med politiske saker og fekk politisk gjennomslag.

Frå kommunevalet i 1983 og fram til stortingsvalet i 2009 var ho engasjert i både kommunen, fylket og rikspolitikken. Var det ikkje kommunestyret eller formannskapet, var det fylkestinget og samferdsleutvalet i Møre og Romsdal.

Ho hadde òg tre periodar på Stortinget: fyrst frå 1993, så ein periode som første vararepresentant og deretter to periodar frå 2001. Dei to fyrste periodane sine sat ho i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen. Den siste perioden var ho talskvinne for Senterpartiet i transportkomiteen.

Det er særleg som kultur- og familiepolitikar me vil hugsa Eli Sollied Øveraas. Ho var til dømes med på dei tverrpolitiske forhandlingane som leidde fram til barnehageforliket i 2003, som var eit vasskilje av ei reform på barne- og familiefeltet.

Eli var lun og positiv, og smilet og latteren sat laust, sjølv når ho arbeidde hardt. Men ho kunne definitivt seia klart ifrå når det var naudsynt. Det fekk ikkje minst Senterpartiet sin statsråd i Samferdsledepartementet merkja då ho var transportpolitisk talskvinne i sin siste periode. Ho vågde å kritisera regjeringa når ho var redd for at vegløyvingane skulle verta for små, og ho visste godt at ho hadde distrikta i ryggen når ho gjorde det.

Det var både ryggrad og engasjement i Eli Sollied Øverås, men ho var fyrst og fremst eit kunnskapsrikt, venleg og varmt menneske, med eit smil ein ikkje gløymde når ein fyrst hadde opplevd det.

Vi lyser fred over hennar gode minne.

Representantane høyrde ståande på presidentens minnetale.

Presidenten: Representanten Tellef Inge Mørland, som har vore permittert, har igjen teke sete.

Representanten Torgeir Knag Fylkesnes vil setja fram to representantforslag.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: På vegner av stortingsrepresentantane Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski og meg sjølv vil eg framsetje eit representantforslag om hurtigspor for flytande havvind.

På vegner av meg sjølv ønskjer eg å framsetje eit representantforslag om å avgrense maktkonsentrasjonen i norsk daglegvare.

Presidenten: Representanten Sivert Bjørnstad vil setja fram eit representantforslag.

Sivert Bjørnstad (FrP) []: På vegne av stortingsrepresentantene Hans Andreas Limi, May Helen Hetland Ervik, Terje Hansen, Himanshu Gulati, Frank Edvard Sve, Helge Andre Njåstad og meg selv har jeg gleden av framsette et forslag om å fjerne forskjellsbehandling som favoriserer utenlandsk eierskap i norsk næringsliv.

Presidenten: Representanten Silje Hjemdal vil setja fram eit representantforslag.

Silje Hjemdal (FrP) []: På vegne av representantene Himanshu Gulati, Per-Willy Amundsen, Sylvi Listhaug, May Helen Hetland Ervik og meg selv har jeg gleden av å framsette et forslag om trygge fritidsaktiviteter.

Presidenten: Representanten Mona Fagerås vil setja fram to representantforslag.

Mona Fagerås (SV) []: På vegne av stortingsrepresentantene Kari Elisabeth Kaski, Lars Haltbrekken, Ingrid Fiskaa, Audun Lysbakken og meg selv vil jeg framsette et representantforslag om mer og bedre kollektivtransport.

På vegne av stortingsrepresentantene Lars Haltbrekken og meg selv vil jeg framsette et representantforslag om at de som flyr mest, skal betale mest.

Presidenten: Representanten Grete Wold vil setja fram to representantforslag.

Grete Wold (SV) []: På vegne av representantene Kari Elisabeth Kaski, Andreas Sjalg Unneland, Kirsti Bergstø, Marian Hussein, Freddy André Øvstegård, Kathy Lie, Mona Fagerås og meg selv vil jeg framsette et representantforslag om en rettferdig boligpolitikk.

Videre vil jeg framsette et representantforslag på vegne av representantene Kari Elisabeth Kaski, Marian Hussein, Kathy Lie, Torgeir Knag Fylkesnes og meg selv om en helhetlig aldersfastsettelse for enslige mindreårige asylsøkere.

Presidenten: Representanten Grunde Almeland vil setja fram eit representantforslag.

Grunde Almeland (V) []: På vegne av representantene Sveinung Rotevatn, Guri Melby og meg selv vil jeg framsette et representantforslag om å styrke tegnspråkets stilling og tolketjenesten for døve, døvblinde og hørselshemmede for å sikre likestilt kommunikasjon.

Presidenten: Representanten Kathy Lie vil setja fram eit representantforslag.

Kathy Lie (SV) []: På vegne av representantene Kari Elisabeth Kaski, Kirsti Bergstø og meg selv vil jeg framsette et representantforslag om å lukke gjeldsfeller.

Presidenten: Representanten Seher Aydar vil setja fram to representantforslag.

Seher Aydar (R) []: På vegne av representantene Bjørnar Moxnes, Sofie Marhaug, Geir Jørgensen og meg selv fremmer jeg et forslag om å prosjektere Furuset-lokk på E6.

På vegne av representanten Tobias Drevland Lund og meg selv fremmer jeg et forslag om kutt i lederlønningene i helseforetakene.

Presidenten: Representanten Turid Kristensen vil setja fram eit representantforslag.

Turid Kristensen (H) []: På vegne av stortingsrepresentantene Aleksander Stokkebø, Tage Pettersen, Helge Orten, Tore Vamraak og meg selv har jeg gleden av å fremme et representantforslag om å ta sosialt ansvar og hjelpe folk med gjeldsproblemer gjennom en styrking og utvidelse av gjeldsregisteret.

Presidenten: Representanten Ingvild Wetrhus Thorsvik vil setja fram eit representantforslag.

Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) []: På vegne av representantene Abid Raja, Guri Melby, Grunde Almeland og meg selv vil jeg framsette et representantforslag om et mer fleksibelt barnehagetilbud, bedre tilpasset familienes behov.

Presidenten: Representanten Rasmus Hansson vil setja fram tre representantforslag.

Rasmus Hansson (MDG) []: På vegne av representanten Lan Marie Nguyen Berg og meg selv vil jeg framsette et forslag om betydelige kostnadsbesparelser i arbeidet med nytt regjeringskvartal i Oslo sentrum gjennom nedskalering av Hammersborgtunnel-prosjektet på Ring 1.

På vegne av representantene Une Bastholm, Lan Marie Nguyen Berg og meg selv vil jeg framsette et forslag om opprettelse av et solidaritetsfond for hjelp, gjenoppbygging og motvirking av matvare- og energikrisen som følge av Russlands invasjon av Ukraina.

På vegne av meg selv vil jeg framsette et forslag om en helhetlig plan for å beskytte norsk kystnatur mot nitrogenforurensing.

Presidenten: Representanten Anna Molberg vil setja fram eit representantforslag.

Anna Molberg (H) []: På vegne av representantene Henrik Asheim, Aleksander Stokkebø, Margret Hagerup, Sveinung Rotevatn, Dag-Inge Ulstein og meg selv vil jeg framsette et representantforslag om å fjerne plikten til å gå av med særaldersgrense i Forsvaret.

Presidenten: Representanten Freddy André Øvstegård vil setja fram eit representantforslag.

Freddy André Øvstegård (SV) []: På vegne av representantene Andreas Sjalg Unneland, Grete Wold og meg selv vil jeg framsette et forslag om å utvikle alternative sluttvurderingsformer til dagens eksamen i ungdomsskole og videregående opplæring.

Presidenten: Representanten Kirsti Bergstø vil setja fram eit representantforslag.

Kirsti Bergstø (SV) []: På vegne av representantene Ingrid Fiskaa, Torgeir Knag Fylkesnes Freddy Andre Øvstegård, Marian Hussein, Andreas Sjalg Unneland og meg selv fremmer jeg et representantforslag om et bedre arbeidsliv for ansatte i varehandelen.

Presidenten: Representanten Erlend Larsen vil setja fram eit representantforslag.

Erlend Larsen (H) []: På vegne av representantene Trond Helleland, Charlotte Spurkeland, Erlend Svardal Bøe og meg selv har jeg gleden av å fremme et representantforslag om godkjenning av behandlersete i ambulanse.

Presidenten: Representanten Frank Edvard Sve vil setja fram eit representantforslag.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Eg har gleda av å fremje eit representantforslag på vegner av representantane Morten Stordalen, Tor André Johnsen og meg sjølv om fornuftsbasert regulering av campingbilar.

Presidenten: Representanten Aleksander Stokkebø vil setja fram eit representantforslag.

Aleksander Stokkebø (H) []: På vegne av representantene Henrik Asheim, Anna Molberg, Sveinung Rotevatn, Dagfinn Henrik Olsen, Gisle Meininger Saudland, Margret Hagerup og undertegnede har jeg gleden av framsette et representantforslag om å ta alle gode krefter i bruk for å få folk i jobb.

Presidenten: Representanten Per-Willy Amundsen vil setja fram eit representantforslag.

Per-Willy Amundsen (FrP) []: På vegne av stortingsrepresentantene Tor André Johnsen, Silje Hjemdal, Himanshu Gulati og meg selv har jeg æren av å fremsette et forslag om styrking av den sivile beredskapen.

Presidenten: Forslaga vert handsama etter reglementet.

Før sakene på møtekartet vert tekne opp til handsaming, vil presidenten opplysa om at møtet i dag held fram utover kl. 16.