Stortinget - Møte torsdag den 7. april 2022

Dato: 07.04.2022
President: Nils T. Bjørke
Dokumenter: (Innst. 224 S (2021–2022), jf. Dokument 8:86 S (2021–2022))

Søk

Innhold

Sak nr. 10 [15:43:23]

Innstilling frå næringskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Olve Grotle, Linda Hofstad Helleland og Lene Westgaard-Halle om ein visjon om at ingen fiskarar skal omkome på havet i framtida (Innst. 224 S (2021–2022), jf. Dokument 8:86 S (2021–2022))

Talere

Presidenten: Etter ynske frå næringskomiteen vil presidenten ordna debatten slik: 3 minutt til kvar partigruppe og 3 minutt til medlemer av regjeringa.

Vidare vil det – innanfor den fordelte taletida – verta gjeve anledning til inntil sju replikkar med svar etter innlegg frå medlemer av regjeringa, og dei som måtte teikna seg på talarlista utover den fordelte taletida, får òg ei taletid på inntil 3 minutt.

Alfred Jens Bjørlo (V) [] (ordførar for saka): Det er havet som har skapt Noreg. Det er havet som har gjeve landet vårt liv. Men havet har til alle tider også teke liv. Kvar einaste vesle grend langs kysten vår har med seg historier om liv som har gått tapt til sjøs, historier om mødrer som har mista søner, kvinner som har mista ektefellen sin, og barn som har mista ein far i altfor ung alder – fordi havet, med all sin rikdom og alle sine ressursar, også er ein livsfarleg arbeidsstad.

Heldigvis har også fiskaryrket blitt tryggare. Heldigvis er forlis og dødsfall til sjøs ikkje lenger noko vi berre må leve med. Det har fiskarane og andre yrkesutøvarar til sjøs hovuddelen av æra for. Dei har langsiktig og systematisk arbeidd med å få storsamfunnet med seg på skjerpa krav, betre båtar og ny teknologi for å gjere yrkeslivet til sjøs tryggare. Ikkje minst har Norges Fiskarlag vore ein sterk pådrivar. I 2009 – for 13 år sidan – vedtok Landsstyret i Norges Fiskarlag ein nullvisjon når det gjeld skadar og arbeidsulykker blant yrkesfiskarane.

Det vedtaket i 2009 var ein milepæl, men det var ikkje eit sluttpunkt. I perioden 2009–2018 var det i snitt seks yrkesfiskarar som omkom kvart år. I 2021, i fjor, omkom fire fiskarar. Så langt i år har to omkome. Vi er ikkje i mål – fiskaryrket er framleis Noregs farlegaste yrke.

Difor er det ein ny, heilt nødvendig milepæl i dag, når eit samla storting etter alt å døme vedtek ein nullvisjon ikkje berre for yrkesfiskarane, men for alle næringane til havs. Vi aksepterer som samfunn ikkje lenger at folk som har yrket sitt på havet, skal døy av det – like lite som vi godtek og berre må leve med at folk døyr i vegtrafikken og i yrkeslivet på land.

Eg vil som saksordførar rose Høgre sine representantar i næringskomiteen, Olve Grotle, Linda Hofstad Helleland og Lene Westgaard-Halle, for å ha sett saka om ein nullvisjon til sjøs på Stortingets dagsorden. Og eg vil takke ein samla næringskomité og statsråden for å ha møtt initiativet på ein open og konstruktiv måte, som gjer at vi i dag kan samle oss om eit felles framlegg frå alle parti på Stortinget, med følgjande ordlyd:

«Stortinget stiller seg positiv til ein nullvisjon for næringane til havs, og ber om at regjeringa kjem tilbake til Stortinget på eigna måte, slik statsråden har gjort greie for i svaret sitt.»

Eg er glad for at vi i dag kan stå samla om dette, og eg ser fram til ein god debatt der vi også får høyre statsråden gjere greie for korleis han og regjeringa vil følgje opp vedtaket Stortinget no skal gjere.

Havet skal framleis gje liv til Noreg – men tida då vi som samfunn aksepterer at havet også skal ta liv for dei som har yrket sitt der, er forbi.

Karianne B. Bråthen (A) []: Havet er viktig for Norge. De store ressursene våre i havet har alltid gitt nordmenn både mat og velstand. Norge er en sjøfartsnasjon, og vi har mange blant oss som jobber med og på båter og skip og i havner rundt om i landet. De gjør en helt enestående og nødvendig innsats for landet og økonomien vår, men vi erkjenner at det er yrker som har flere dødsfall enn sammenlignbare yrker på land.

Kyst-Norge har i generasjoner levd av og for havet, men havet har som sagt også vært roten til mye bekymring. Man kan lese i boka om Anna på Vinje fra Øksnes, som sto og speidet utover havet med engstelse og uro. Den store bekymringen var om mannen og sønnene ville komme helskinnet hjem igjen.

Jeg er glad for at det i dag blir stadig tryggere å ha arbeidet sitt til havs, men selv om det har vært mange forbedringer og fokus på sikkerhet i sjøfarten, har vi enda et stykke igjen. Altfor ofte leser vi om tragiske ulykker, om liv som avsluttes for tidlig, om familier og berørte som mister en høyt elsket person. Derfor må vi gjøre det vi kan for at antallet omkomne kan reduseres mot null.

Jeg er glad for at en samlet komité og et helt politisk Norge stiller seg bak visjonen om at ingen arbeidere og fiskere skal omkomme på havet i framtiden. Statsråden har allerede satt i gang arbeidet med å få fram et faglig grunnlag for hva en nullvisjon til havs kan innebære, og jeg er glad for å se at dette er en sak både statsråden og regjeringen prioriterer.

Vi vil ha en nullvisjon for omkomne på havet. Arbeiderparti–Senterparti-regjeringen er godt i gang med å finne virkemidler som kan redusere antall døde til havs, på lik linje med nullvisjonen for tapte liv i trafikken. Jeg ser fram til å jobbe videre med denne saken i årene som kommer.

Det er jo en glede at vi kan stå her i dag og forenes politisk i en så viktig sak som denne, der også organisasjonene tilknyttet havet, som Fiskarlaget, redningsskøytene og andre, stiller seg bak. Og jeg er glad for at vi har en statsråd som er på ballen.

Olve Grotle (H) []: Havet gjev, og havet tek. Alle som har vakse opp ved kyst og hav, veit det. Heldigvis har talet på døde og skadde i fiskerinæringa gått ned med åra som følgje av sterkare fokus på tryggleik, men trass den store innsatsen fiskarane og næringa sjølve har gjort for å førebyggje ulykker og dødsfall, misser likevel fem–seks fiskarar i snitt livet kvart år. Det gjer fiskaryrket til det farlegaste vi har.

Dette er bakgrunnen for at Høgre i vinter tok initiativ til å få på plass ein nullvisjon, slik vi har i trafikken. Vi slår fast at samfunnet vårt etisk og moralsk ikkje lenger skal godta alle desse yrkesrelaterte dødsfalla, og vi fastset ein visjon om at det ikkje skal omkome ein einaste fiskar i framtida. Ein slik nullvisjon krev eit langsiktig, systematisk og målretta arbeid av alle aktørar som påverkar tryggleiken til sjøs, og vil gjennomsyre alt vi gjer når vi dei neste tiåra skal vidareutvikle, modernisere og forme fiskerinæringane våre. Initiativet blei godt motteke i fiskerimiljøet, og Fiskarlaget og andre sentrale aktørar har støtta det.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran har som nemnt òg gjeve ein positiv respons på tanken om ein nullvisjon. Han har vidare opplyst at det no alt er sett i gang eit arbeid med å lage ein nullvisjon i fiskeria. Han vil òg vurdere ein nullvisjon for heile næringa til sjøs. Statsråd Skjæran opplyser òg at han vil kome tilbake til Stortinget med ei nærmare forankring av nullvisjonen.

Høgre er glad for statsråden si tilbakemelding i saka, og vi støttar òg at ein nullvisjon bør vurderast å gjelde andre næringar til havs. Vidare er det med stor glede vi har opplevd at heile næringskomiteen, både posisjons- og opposisjonspartia, har hatt eit godt samarbeid og greidd å samle seg om eit felles framlegg til vedtak i saka. Eg vil også gje honnør til dei som har gjort eit godt arbeid med å finne fram til formuleringane i fellesforslaget, som altså har samla oss.

Det har vore fint å sjå at Kristeleg Folkeparti og Pasientfokus har gjeve melding om at dei òg ønskjer å vere med på fellesforslaget. Med dette vil altså alle partia på Stortinget vere med på forslaget.

Det er ei sterk melding nasjonalforsamlinga vår no gjev. Eit samrøystes vedtak i Stortinget vil auke sjansane for at vi greier å redusere dødsfall og alvorlege ulykker, og at ingen som arbeider i næringar til havs, skal omkome i framtida. Det fortener alle fiskarane våre og alle andre som har arbeidet sitt på havet.

Som følgje av at det no blir lagt fram eit fellesframlegg, vil eg be om at det opphavelege framlegget til vedtak i representantforslaget ikkje blir votert over.

Presidenten: Eg reknar med at representanten vil ta opp fellesforslaget?

Olve Grotle (H) []: Ja, det vil eg.

Presidenten: Representanten Olve Grotle har teke opp det forslaget han refererte til.

Jenny Klinge (Sp) []: Alle i ein kystnasjon som Noreg er klare over at havet kan gje mat og rikdom, men at det også tek. Somme erfarer dette meir brutalt enn andre, ved at dei mistar eigne ungar, ektefeller eller kollegaar i ulykker til sjøs. Heldigvis har talet på folk som døyr på havet, gått ned, men kvart eit dødsfall er eitt for mykje, og risikoen ved å arbeide i fiskerinæringa er større enn risikoen i omtrent alle andre yrke her til lands.

Den saka som næringskomiteen har behandla no, viser eit stort og viktig tverrpolitisk engasjement for å hindre slike dødsfall. Når både forslagsstillarar, statsråden og regjeringspartia ønskjer ein nullvisjon, er det fordi vi både håpar og trur at ein så sterk ambisjon vil tilføre dei tilstrekkelege mengdene med Møllers Tran inn i dette arbeidet. Desto meir gledeleg er det at alle partia på Stortinget har gått saman om eit felles forslag i denne saka, basert nettopp på at vi ønskjer mest mogleg kraft bak den jobben som skal gjerast.

Eg vil takke forslagsstillarane til denne konkrete saka for eit godt initiativ, komiteen for godt samarbeid og saksordføraren for godt arbeid. Det er flott at også dei andre partia på Stortinget er med på dette felles forslaget. Ikkje minst vil eg takke statsråden for hans inngang til dette – både hans eige initiativ om ein nullvisjon for fiskerinæringa og at han går lenger og vil ha utgreidd ein nullvisjon for all næring til sjøs, slik no også heile Stortinget stiller seg bak.

Redningsselskapet, Norges Fiskarlag og fleire stiller seg bak at det blir oppstilt ein nullvisjon. Så får vi sjå kva Sjøfartsdirektoratet kjem fram til, når dei allereie har fått marsjordre frå regjeringa om å lage eit fagleg grunnlag for ein slik visjon.

Eg har gode forventningar til at næringskomiteen kan bidra til ei god forankring av denne nullvisjonen når saka omsider kjem til Stortinget.

Geir Jørgensen (R) []: Havet er en farlig arbeidsplass. Det vet vi som har hatt havet som arbeidsplass, og vi som er oppvokst langs kysten. Vi skal ikke lenger enn seks dager tilbake, til fredag den 1. april kl. 8. Da sto det en fiskebåt i brann 35 nautiske mil utenfor Røst. Det var 22 fiskere om bord, 17 måtte gå i flåte, 5 ble igjen for å passe båten. Været var slik at redningshelikoptrene, som er de første til å nå fram i slike tilfeller, måtte snu. Dette er bare ett eksempel på at potensialet for store ulykker er til stede også i dag.

Det har skjedd veldig mye bra i fiskerinæringen, i fiskeflåten og i samfunnet ellers når det gjelder å få ned ulykkestallene og dødstallene på havet, som i mange år har vært altfor høye, men vi er ikke ferdig med den jobben.

Når vi nå er enige om en nullvisjon på havet, må vi også passe på ikke å legge listen så høyt at man enkelt kan spasere under. Vi må få en handlingsplan med gode tiltak som er effektfulle. Vi skal heller ikke se bort ifra at den generelle utviklingen på kysten kan være en del av det store bildet. Vi vet at det blir færre og færre fartøyer, det blir færre og færre fiskemottak, det blir lengre og lengre seilingsvei for den enkelte. Hvis dette fortsetter, blir det også færre «kameratbåter» ute på feltet som kan hjelpe til.

I tillegg vet vi at situasjonen for den enkelte fisker også er viktig. Derfor har vi i Rødts alternative statsbudsjett foreslått økte bevilgninger til gode velferdstiltak for fiskerne i fiskeværene, slik at arbeidslivet og arbeidsdagene kan bli enklere for næringsutøverne.

Samtidig vil vi styrke sikkerhetsopplæringen for fiskere. Det er veldig viktig at vi har en god og desentralisert sikkerhetsopplæring rundt omkring i hele landet. Jeg tenker spesielt på sikkerhetssentrene i Bodø og på Gravdal, som driver med sikkerhetsopplæring for fiskere, men som årlig må stå i kamper for å få lov til å opprettholde driften sin.

Alt i alt er dette en god sak. Takk til forslagsstillerne, Olve Grotle og de andre Høyre-representantene, for et bra initiativ. Vi skal følge nøye med på hva handlingsplanen inneholder, når den kommer.

Statsråd Bjørnar Skjæran []: Jeg er glad for å se at en samlet komité har kommet fram til at det skal etableres en nullvisjon for næringene til havs.

I Norge regner vi noen ting som selvsagte; at arbeidsforholdene skal være rettferdige, og at arbeidsfolk skal ha det trygt på jobb. Vi har kommet langt, men vi er ikke i mål. Særlig én næring skiller seg ut som farligere enn det vi kan akseptere. Det er fremdeles for stor risiko forbundet med å ha sin arbeidshverdag på havet, og risikoen er størst i fiskeryrket.

Vi har båter og teknologi, værvarsling og kommunikasjon, sikkerhetsutstyr og redningstjenester som bare for en generasjon siden ville vært utenkelig, men vi er ikke i mål. Hvordan skal vi ta neste skritt? Hva skal være vår ambisjon?

Begrepet «nullvisjon» er kjent fra trafikken. Selv om det fremdeles skjer alvorlige ulykker og dødsfall på veiene, har antallet hardt skadde og drepte i trafikken falt på et vis som virket utenkelig for få år siden. Det skyldes flere ting, ikke minst bedre veier og bedre biler, men det handler også om et systematisk og langsiktig arbeid med hensyn til opplæring, holdninger og kontrolltiltak – med nullvisjonen i bunnen.

Jeg har allerede bedt Sjøfartsdirektoratet sette i gang arbeidet med å utarbeide det faglige grunnlaget for en nullvisjon i fiskeflåten. Jeg har i tillegg bedt direktoratet vurdere om en nullvisjon også bør omfatte øvrige næringsfartøy. Direktoratet skal komme med et faglig grunnlag for hvordan det videre arbeidet med nullvisjonen, også arbeidet med å vurdere aktuelle tiltak, skal legges opp og organiseres. I arbeidet skal de se hen til Statens vegvesens nullvisjonsarbeid og samarbeide med næringene og andre relevante etater, som Statens vegvesen, Kystverket og Fiskeridirektoratet.

Jeg er opptatt av at arbeidet med nullvisjonen er solid faglig forankret, for på den måten kan vi oppnå resultater. Den tverrpolitiske forankringen her i Stortinget i dag vil også ha stor betydning for det videre arbeidet. Ingen ting er så grunnleggende i arbeidslivet som at arbeidsfolk skal komme hjem fra jobb i live. Arbeidet med dette er, sånn jeg ser det, ikke egnet for partipolitisk konkurranse. Jeg har derfor holdt kortene ganske tett til brystet om når jeg startet dette arbeidet. Det står respekt av måten partigruppene på Stortinget har samarbeidet om denne saken på. Jeg vil i det videre arbeidet sørge for å få utviklet et godt kunnskapsgrunnlag for å kunne vurdere hvilke tiltak som er mest virkningsfulle, og jeg vil selvsagt komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Masud Gharahkhani hadde her overtatt presidentplassen.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Geir Jørgensen (R) []: Kompetanse og det at man vet hva man holder på med, er noe av det viktigste i sikkerhetsarbeidet. Da vil jeg gjerne få ta opp et spørsmål fra torsketungeskjærer Halvar Johan fra Myre. Han er elleve år og sa til Fiskeribladet i forrige uke at han skulle hatt noen ord med fiskeriministeren fordi fiskeriministeren bør passe på at det ikke bare er de med de beste karakterene som får lov til å ta fiskeriutdanning. Det er spørsmålet: Vil statsråden passe på det?

Statsråd Bjørnar Skjæran []: Når det gjelder spørsmålet om inntaksregler for videregående skole, tror jeg at jeg beveger meg – for å si det veldig forsiktig – betydelig utover det ansvarsområdet jeg har. Jeg har ansvar for å legge til rette for rekruttering til fiskeryrket innenfor det handlingsrommet som jeg selv har. Det har jeg forsøkt å gjøre så mye som jeg kan i disse fem–seks månedene siden den nye regjeringen tiltrådte.

Etter et par år uten tildeling av rekrutteringskvoter har vi nå satt en foreløpig ny rekord for de siste årene. Jeg la også til rette for at halvparten av de rekrutteringskvotene vi tildelte, skulle tildeles kvinner. Det er også en del av det å sikre rekruttering fra hele arbeidsstokken.

Når det gjelder inntaksregler for videregående skole, tror jeg nesten at jeg må være ydmyk nok til å si at det får ligge på bordet til en annen statsråd.

Presidenten: Replikkordskiftet er dermed omme.

Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 10.

Votering, se fredag 8. april