President: Nils T. Bjørke
Presidenten: Representantane
Sverre Myrli og
Carl I. Hagen ,
som har vore permitterte, har igjen teke sete.
Det ligg føre tre
permisjonssøknader: frå representanten Helge André Njåstad om omsorgspermisjon
frå og med 28. til og med 31. mars, frå Senterpartiets stortingsgruppe
om permisjon etter Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum
for representanten Geir Inge Lien frå og med 24. mars og
inntil vidare, og frå Arbeidarpartiets stortingsgruppe om permisjon
etter Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum for representanten
Tove Elise Madland frå
og med 24. mars og inntil vidare.
Etter forslag
frå presidenten vart samrøystes vedteke:
Søknadene
vert behandla straks og innvilga.
Følgjande
vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida:
For Hordaland:
Sigbjørn Framnes
For Møre og Romsdal:
Ingrid Waagen
For Rogaland: Marte
Eide Klovning
Presidenten: Ingrid
Waagen og Marte Eide Klovning er til stades og vil ta sete.
Representanten
Tobias Drevland Lund vil setja fram eit representantforslag.
Tobias Drevland Lund (R) [10:01:23 ]: På vegne av stortingsrepresentantene
Marie Sneve Martinussen, Seher Aydar og meg selv har jeg gleden
av å framsette et representantforslag om å inkorporere FN-konvensjonen
om rettigheter til personer med nedsatt funksjonsevne i norsk lovgivning.
Presidenten: Representanten
Ingvild Wetrhus Thorsvik vil setja fram to representantforslag.
Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) [10:01:53 ]: På vegne av representantene
Guri Melby, Abid Raja og meg selv vil jeg sette fram et representantforslag
om å sikre oppreisning til mennesker som har vært utsatt for ulovlig tvangsmiddelbruk.
På vegne av representantene
Guri Melby, André N. Skjelstad, Abid Raja og meg selv vil jeg sette
fram et forslag om strakstiltak for å redusere passkøene i Norge.
Presidenten: Representanten
Alfred Jens Bjørlo vil setja fram eit representantforslag.
Alfred Jens Bjørlo (V) [10:02:35 ]: På vegner av representantane
Grunde Almeland, André N. Skjelstad og meg sjølv vil eg setje fram
eit representantforslag om å sikre like konkurransevilkår mellom
uavhengige merkevarer og kjedene sine eigne merkevarer i daglegvaremarknaden.
Presidenten: Forslaga
vil verta handsama etter reglementet.
Presidenten vil
gjera merksam på at sak nr. 3 på møtekartet ikkje har vore offentleg
i dei 48 timane reglementet krev, jf. forretningsordenen § 46. Presidenten
vil likevel gjera framlegg om at saka vert teken opp til handsaming.
Ingen innvendingar
er komne mot det, og presidenten ser det som vedteke.
Sakene nr. 1 og
2 vert handsama under eitt.