Interpellasjon fra representanten Alfred Jens Bjørlo til forsknings- og høyere utdanningsministeren: «Regjeringa varslar i Hurdalsplattformen at ein vil følge opp tilrådingane frå Brandtzæg- og Norman-utvala, jf. NOU 2020: 12 og NOU 2020: 15 om fornying og utvikling av distriktspolitikken. Eit sentralt element i utvala sine tilrådingar er å legge til rette for meir fleksibel, desentralisert fagskule- og høgskuleutdanning for å dekke kompetansebehovet til folk, næringsliv og kommunar i distriktsregionar utan faste studiestadar. Det finst i dag ei rekke ulike studiesenter som mobiliserer til og organiserar desentraliserte utdanningstilbod, med svært variable organiserings- og finansieringsmodellar. Korleis vil statsråden arbeide med å sikre meir heilskapleg organisering av og auka tilgang til fleksibel, desentralisert høgare utdanning i Distrikts-Noreg, til dømes gjennom å bygge på innspel oversendt departementet frå Inviro AS om «Studiehub Nordfjord» i desember 2021?»