Presidenten: Vyrde
medrepresentantar!
Tidlegare stortingsrepresentant
Marie Lovise Widnes gjekk bort 19. november, 91 år gamal. Med hennar bortgang
har me mista ei varm og tydeleg stemme. Ho var ei engasjert og frittalande
føregangskvinne som våga å stå fremst i rekka i ei tid då kvinnene
gjerne heldt seg i bakgrunnen.
Widnes voks opp
under enkle kår på Sunnmøre. I 1952 fekk ho gratis utdanning ved
arbeidarrørsla sin folkehøgskule på Sørmarka. Denne utdanninga var
den einaste ho tok utanom vanleg grunnskule.
Ho var leiar for
SV si fylkestingsgruppe i Møre og Romsdal i tolv år før ho vart
vald inn på Stortinget i 1989. Som medlem i sosialkomiteen var ho
engasjert i saker som kunne gjera det lettare for kvinner å delta
i samfunnslivet på lik linje med menn, som barnehageutbygging, eldreomsorg
og funksjonshemma sine rettar i samfunnet. Ho var oppteken av nedrusting,
asylpolitikk og menneskerettar i og utanfor landegrensene.
For eit breiare
publikum var Widnes likevel mest kjent som lyrikar, kåsør og visesongar,
ikkje minst for songen om «gangdøra heime», som vart ein gjengangar i
Ønskekonserten.
Widnes mottok ei rekkje lokale
kultur- og medieprisar, og i 2006 fekk ho både Kongens fortenestemedalje
i gull og æresmedlemskap i Noregs Mållag. Ho vil bli hugsa som ein
frittalande kristensosialist som alltid kjempa dei svakaste si sak,
ein folkevald som kunne utfordra på ein liketil måte med glimt i
auget og stor hjartevarme. Ho var eit kvardagsmenneske og tusenkunstnar
som spreidde optimisme og framtidstru der ho fór fram.
Med takk for innsatsen
og kameratskapen gjennom mange år lyser me fred over minnet til
Marie Lovise Widnes.
Seher Aydar (R) [10:04:07 ]: På vegne av representantene Bård
Hoksrud, Marian Hussein og meg selv vil jeg fremme forslag om å
sikre at leger ikke kan ilegges overtredelsesgebyrer for feil forskrivning
av blå resepter.