Presidenten: Etter ønske fra energi-
og miljøkomiteen vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter
til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.
Videre vil det – innenfor den fordelte taletid
– bli gitt anledning til inntil sju replikker med svar etter innlegg
fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte ønske å tegne seg
på talerlisten utover den fordelte taletid, får også en taletid
på inntil 3 minutter.
Runar Sjåstad (A) [15:07:49 ] : Jeg ble bedt om å ha et innlegg
i stedet for sakens ordfører, Else-May Norderhus.
Svalbard er et stort sammenhengende villmarksområde.
De urørte naturområdene har stor egenverdi og det er viktig for
bevaring av det sårbare biologiske mangfoldet som finnes der. Bevaring
av den særegne villmarksnaturen er et av hovedmålene for norsk svalbardpolitikk,
og i den sammenheng er det alltid miljøhensynene som skal veie tyngst.
Svalbardmiljøloven og annet miljøregelverk
er de viktigste virkemidlene for å sikre at aktivitet i området skjer
på en måte som ivaretar naturens særegenhet.
Denne saken gjelder to endringer i lov om miljøvern
på Svalbard. Svalbardmiljøloven regulerer områdevern, naturinngrep
og ferdsel, vern av kulturminne, arealplanlegging i bosettinger,
lokal forurensning og avfall samt jakt og fiske på Svalbard. Det
som nå foreslås av endringer i § 82 a, omhandler et generelt forbud
mot bruk av tungolje i hele territorialfarvannet på Svalbard. Denne
lovendringen er formet som et forbud mot å bruke eller ha om bord
petroleumsbaserte drivstoff med høyere tetthet, viskositet eller
stivnepunkt enn det som er tillatt for marin gassolje. Dette vil
nå bli gjeldende over hele Svalbard. Forslaget innebærer også at
mer miljøvennlige typer drivstoff nå vil bli tillatt.
Den andre endringen er endringen i § 51 andre
ledd for å gi forskrift om gebyr for behandling av private planforslag,
slik det i dag gjøres på land.
Begge forslagene får bred støtte i departementets høringer.
Jeg viser til at det er en samlet komité som står bak denne tilrådningen.
Liv Kari Eskeland (H) [15:10:06 ] : I dag har eg lyst til å
ta fram det litt uparlamentariske ordet «hurra». Mitt hurra er i
første rekkje mynta på tungoljeforbodet som no vert innført i heile
territorialfarvatnet rundt Svalbard. Eg kunne lett ha avslutta mitt
innlegg med dette, for eit slikt hurra bør vera sjølvforklarande,
men eg utdjupar gjerne litt.
Farvatna rundt Svalbard og polarsirkelen er
ekstra sårbare, og føre-var-prinsippet må leggjast til grunn i slike
område. Me har no kome så langt i vår kunnskap og ikkje minst teknologiutvikling
at alt ligg til rette for at eit slikt forbod vert innført.
Dei store naturområda på og rundt Svalbard
har stor verdi, og ei ulykke med tungolje kunne ha fått katastrofale
utfall og påverka naturen i mange generasjonar framover. Utslepp
av olje frå skip er ein av dei største truslane mot økosystema i
Arktis. Og sjølv om det er innført eit forbod mot bruk av tungolje
i verneområda på Svalbard, er ikkje dette godt nok, all den tid
eit oljesøl utanfor verneområda diverre vil påverka verneområda også.
Det er svært gledeleg å sjå at det har vore
god støtte til forbodet gjennom høyringsinnspela som har kome. Me
merkar oss likevel at Rederiforbundet ytrar ein viss skepsis og
ønskjer at eit slikt forbod skal setjast i verk gjennom IMO. Samstundes
vil eit slikt forbod opna dører for nye drivstoffalternativ, noko
som me oppfattar at også Rederiforbundet er pådrivar for å finna
gode innretningar til.
Departementet legg opp til gode overgangsordningar
som gjer at næringstransport får tid til å omstilla seg, men det
er likevel ingen tvil om kva som er retninga, og målet står fast.
Så vil eg ha eit litt meir moderat hurra til
den andre delen av forskriftsendringa, som går på å opna for å kunna
gje gebyr for private planframlegg med heimel i plan- og bygningslova.
Men all den tid lokalstyret sterkt ønskjer å ha høve til å kunna
gje slike gebyr, og sidan me er opptekne av sjølvråderett, tillèt
eg meg difor å nikka anerkjennande til at det vert lagt til rette
for å kunne gjera dette.
Statsråd Sveinung Rotevatn [15:12:41 ] : Stortinget har til
behandling to forslag om endringar i svalbardmiljølova. Det første
er eit forslag om å lovfeste eit generelt forbod mot å bruke og
ha om bord tungolje i heile territorialfarvatnet på Svalbard. Vi
har alt eit slikt forbod i dei store verneområda der. Forslaget
no er viktig for å styrkje vernet av det sårbare miljøet på Svalbard mot
skade frå oljesøl, og eg er glad for at eit fleirtal i komiteen
støttar forslaget.
Svalbard er i hovudsak eit stort, samanhengande villmarksområde.
Bevaring av Svalbards særeigne villmarksnatur er eitt av hovudmåla
for norsk svalbardpolitikk, og politikken legg til grunn at miljøomsyn
skal vege tyngst ved konflikt mot andre interesser. Utslepp av olje
frå skip vert rekna som ein av dei største truslane mot økosystema
i Arktis for lokal aktivitet, og skipsfarten rundt Svalbard har
auka raskt i omfang. Svalbard er stort, og ei opprydding vil vere
vanskeleg, om i det heile mogleg. Faren for skade på miljøet om
det skulle skje eit større oljesøl, er så stor at det er nødvendig
med eit regelverk som hindrar bruk av dei mest miljøskadelege drivstofftypane.
Dei hørte instansane var i sak positive til
forslaget om tungoljeforbod. Nokon meinte òg at reglane burde ha
vore strengare enn foreslått. Eit innspel om lengre overgangsordningar
er tekne omsyn til. Innspel om å følgje FNs sjøfartsorganisjon IMOs
forslag om endringar i MARPOL-konvensjonen er ikkje aktuelt, då
det vil gje eit dårlegare vern enn det som er i verneområdet i dag.
Vi foreslår eit tungoljeforbod som opnar for
bruk av meir miljøvenleg drivstoff i verneområda, som f.eks. LNG
eller hydrogen. Samtidig vil vi ikkje tillate bruk av hybridolje,
som er godkjend i IMO, og som mindretalet i komiteen tek til orde
for. Hybridolje kan vere vel så farleg for miljøet som tungolje
ved utslepp i kaldt vatn. Reglane i MARPOL-konvensjonen set minimumskrav
og er ikkje til hinder for eit strengare drivstoffkrav på Svalbard.
Vi meiner difor at lovforslaget gjev ei god
avveging med omsyn til kva som må til for å beskytte miljøet mot skadelege
utslepp, samtidig som andre omsyn vert varetekne. Vi foreslår ei
overgangsordning for fartøy som går med kol eller stykkgods til
eller frå Longyearbyen og Barentsburg, fram til 2024, for å gje
desse samfunna litt betre tid til å tilpasse seg. Av omsyn til det
sårbare naturmiljøet på Svalbard må overgangsordninga ikkje vere for
lang.
Det var det første forslaget. Veldig kort om
det andre: Det handlar om å gje ein heimel i svalbardmiljølova til
å gje forskrift om gebyr for behandling av private planforslag,
for å dekkje lokalstyret i Longyearbyens behov for reglar tilsvarande
det kommunar har på fastlandet, då omfanget av slike saker aukar.
Vi er glad for støtte frå komiteen, og forhåpentlegvis frå Stortinget,
også til den endringa.
Presidenten: Flere har ikke bedt om
ordet til sak nr. 13.
Votering, se tirsdag 25. mai