Ketil Kjenseth (V) [11:11:01 ] (komiteens leder og ordfører
for saken): Ja, det var aller mest av den grunn jeg tok ordet. Jeg
tror ikke det blir noen stor debatt om denne saken, men det er en
sak som har pågått over noe tid. Prinsippet her er viktig, at det
er forurenser som skal betale, og det er det saken handler om, å
knesette prinsippet om en avsavnsrente når staten må tre inn for
å hjelpe noen som f.eks. har forlist med olje om bord.
Det har vi jo
nylig sett eksempler på. Det nederlandske skipet «Eemslift Hendrika»
kom i drift i Norskehavet tidlig i april, og Kystverket måtte trå
til og få tauet båten inn til Ålesund, og det var mye tungolje om
bord. Det var ett eksempel. Et annet eksempel vi har sett internasjonalt
i det siste, er at det gigantiske skipet «Ever Given» kjørte seg
fast i Suezkanalen. Det skipet er tatt i arrest, så det sier noe
om hvor dyre slike redningsaksjoner er og hvilke utfordringer det
skaper når en ikke har et system for det.
Så jeg er veldig
glad for at det er så stor enighet om å innføre dette. Det har vært
på høring og vært til behandling i et par år, så dette er greit
å få satt i system.
Statsråd Sveinung Rotevatn [11:12:40 ] : Eg skal ikkje nytte
meg av den fulle taletida, men berre seie eit par ord om det som
kan verke som ei teknisk sak, men som er ei viktig sak også for
miljøet. I den proposisjonen som Stortinget har til behandling i
dag, føreslo eg lovendringar for å etablere ein lovheimel om at
det kan krevjast avsavnsrente etter forureiningslova § 76 første ledd.
Avsavnsrenta skal kunne krevjast fram til vilkåra for forseinkingsrente
er oppfylte.
Hovudregelen er,
som Stortinget kjenner godt til, at forureining og forsøpling er
ulovleg, og i dei tilfella der forureining og forsøpling likevel
oppstår, har forureinar eit ansvar for å sørgje for at det vert
sett i verk reduserande og/eller reparerande tiltak. Dersom forureinar
ikkje set i verk nødvendige tiltak, eller at pålegg om tiltak ikkje
vert etterkome, kan myndigheitene setje i verk tiltak på vegner
av den ansvarlege. Kostnadar og tap som forureiningsmyndigheita
får som følgje av dette arbeidet, skal dekkjast av den som er ansvarleg.
Det er i tråd med det internasjonalt anerkjende forureinar betalar-prinsippet.
Så meiner eg,
på bakgrunn av nokre erfaringar som Kystverket har gjort seg når
dei har sett i verk tiltak som følgje av akutt forureining, at det
er eit behov for å etablere ein lovheimel om avsavnsrente. Lovheimelen
skal bidra til at forureiningsmyndigheita skal få dekt sitt faktiske
tap og vareta prinsippet om at forureinar skal betale.
Derfor føreslår
eg å innføre ein heimel som gjev forureiningsmyndigheita tilgang
til å krevje avsavnsrente i dei tilfella der dei har tatt over opprydding
av forureining forårsaka av nokon andre, og eg er glad for at det
ser ut til at Stortinget sluttar seg til det.
Ved berekning
av avsavnsrenta skal pengemarknadsrente tillagd 4 prosentpoeng brukast
som rentesats. Lovheimelen skal sikre at forureinar betalar, og
at forureiningsmyndigheitene får tilbakebetalt alle kostnadane dei
har hatt med å rydde opp i forureininga. Avsavnsrenta skal også
sikre at forureinar dekkjer forureiningsmyndigheitene sitt rentetap
som følgje av at dei ikkje har hatt moglegheit til å disponere pengane
sjølv i den aktuelle perioden.
I nokre saker
treng det ikkje vere snakk om store summar, men i store, alvorlege
forureiningssaker, der kostnadane kan kome opp i titals og stundom
hundretals millionar kroner, vil det også innebere store kostnadar
for den som må dekkje inn dette i mellomtida.
Eg er glad for
at Stortinget ser ut til å slutte seg til dei endringane, og det
vil vere viktig framover for å sørgje for at vi kan vareta forureinar
betalar-prinsippet i slike alvorlege saker.