Stortinget - Møte torsdag den 11. mars 2021

Dato: 11.03.2021
President: Magne Rommetveit

Søk

Innhold

Formalia

President: Magne Rommetveit

Presidenten: Presidenten vil av smittevernomsyn tilrå at publikumsgalleriet vert halde stengt også under møtet i dag, og ser det som vedteke.

Frå representanten Bjørnar Moxnes ligg det føre søknad om velferdspermisjon torsdag 11. mars.

Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:

  1. Søknaden vert handsama straks og innvilga.

  2. Vararepresentanten, Seher Aydar, vert innkalla for å møta i permisjonstida.

Presidenten: Seher Aydar er til stades og vil ta sete.

Representanten Seher Aydar vil setja fram to representantforslag.

Seher Aydar (R) []: På vegne av representanten Sigbjørn Gjelsvik og meg selv vil jeg fremme forslag om stans i videre tilpasning til EUs energibyrå ACER.

Rødt vil fremme forslag om å innføre kvotetrekk for eksport av ubearbeidet fisk for å sikre at norsk fisk skaper norske arbeidsplasser.

Presidenten: Representanten Roy Steffensen vil setja fram eit representantforslag.

Roy Steffensen (FrP) []: På vegne av representantene Åshild Bruun-Gundersen, Hanne Dyveke Søttar og meg selv vil jeg legge fram representantforslag om å endre gradsforskriften sånn at flere studiesteder kan tilby utdanninger arbeidslivet har behov for.

Presidenten: Representanten Bengt Rune Strifeldt vil setja fram eit representantforslag.

Bengt Rune Strifeldt (FrP) []: På vegne av stortingsrepresentantene Helge André Njåstad, Gisle Meininger Saudland, Kjell-Børge Freiberg, Per-Willy Amundsen, Hanne Dyveke Søttar og meg selv ønsker jeg å sette fram et representantforslag om å stoppe innstramminger i sjølaksefisket i 2021.

Presidenten: Representanten Lise Christoffersen vil setja fram eit representantforslag.

Lise Christoffersen (A) []: På vegne av stortingsrepresentantene Rigmor Aasrud, Elise Bjørnebekk-Waagen, Arild Grande, Fredric Holen Bjørdal og meg selv har jeg gleden av å framsette et representantforslag om nødvendige endringer i regelverket for yrkesskade, herunder de såkalte oljepionerene.

Presidenten: Representanten Helge André Njåstad vil setja fram eit representantforslag.

Helge André Njåstad (FrP) []: På vegner av representantane Per-Willy Amundsen, Hanne Dyveke Søttar, Tor André Johnsen, Bengt Rune Strifeldt, Terje Halleland, Bård Hoksrud, Morten Ørsal Johansen, Kjell-Børge Freiberg, Gisle Meininger Saudland og meg sjølv har eg gleda av å setja fram eit forslag om full internettdekning til heile landet i løpet av 2025.

Presidenten: Representanten Lars Haltbrekken vil setja fram eit representantforslag.

Lars Haltbrekken (SV) []: På vegne av stortingsrepresentantene Nicholas Wilkinson, Mona Fagerås, Freddy André Øvstegård, Arne Nævra og meg selv vil jeg framsette et representantforslag om en rettferdig nettleie i Norge.

Presidenten: Representanten Emilie Enger Mehl vil setja fram eit representantforslag.

Emilie Enger Mehl (Sp) []: På vegne av representantene Geir Pollestad, Liv Signe Navarsete, Willfred Nordlund, Ole André Myhrvold og meg selv vil jeg sette fram forslag om en stortingsmelding om nasjonalt eierskap og kontroll over strategisk viktige naturressurser, bedrifter, infrastruktur og teknologi.

Presidenten: Forslaga vil verta handsama etter reglementet.

Presidenten vil gjera merksam på at sakene nr. 12 og 13 på møtekartet ikkje har vore offentlege i dei 48 timane reglementet krev, jf. forretningsordenen § 46. Presidenten vil likevel gjera framlegg om at sakene vert tekne opp til handsaming. Ingen innvendingar er komne mot dette, og presidenten ser det som vedteke.

Vidare vil presidenten opplysa om at møtet i dag held fram utover kl. 16.