Stortinget - Møte torsdag den 28. november 2019

Dato: 28.11.2019
President: Tone Wilhelmsen Trøen
Dokumenter: (Innst. 64 S (2019–2020))

Søk

Innhold

Sak nr. 2 [10:02:07]

Innstilling fra Stortingets presidentskap om valg av medlemmer til Stortingets ansvarskommisjon (Innst. 64 S (2019–2020))

Talere

Nils T. Bjørke (Sp) []: Presidentskapet fremjar i innstillinga forslag til ny leiar og to andre medlemer i Stortingets ansvarskommisjon. Ansvarskommisjonen er eit uavhengig særorgan på fem medlemer som Stortinget kan be om å innleia gransking for å kartleggja om det er grunnlag for å gjera konstitusjonelt ansvar gjeldande mot nokon for riksretten. Sidan kommisjonen vart oppretta i 2007, har han ikkje fått nokon saker til handsaming, men er like fullt ein viktig beredskap for det tilfellet at det skulle koma ei sak dit frå Stortinget.

Tre av ansvarskommisjonen sine medlemer er i år på val. Desse er leiaren for utvalet, professor dr.juris Erling J. Husabø, og medlemene advokat Svein Holden og avdelingsleiar Gunn Karin Gjul. Dei to medlemene som ikkje er på val, er tidlegare politietterforskar Kristen Ribe og advokat Marianne Abeler, som begge er valde fram til 1. juni 2022.

Husabø har vore leiar av kommisjonen heilt sidan oppstarten, i to seksårsperiodar. Holden og Gjul har begge vore medlemer av kommisjonen i éin seksårsperiode. Presidentskapet gjer framlegg om at Gjul og Holden vert gjenoppnemnde for ein ny seksårsperiode. Vidare gjer presidentskapet framlegg om at professor dr.juris Asbjørn Strandbakken vert oppnemnd som ny leiar. Professor Strandbakken held, som noverande leiar, til ved det juridiske fakultetet i Bergen og har sitt virke innan m.a. strafferetten.

Med desse framlegga vert den etterforskings- og påtalekompetansen som har vore representert i kommisjonen til no, ført vidare. Ein held også på ei breidde i bakgrunnen til medlemene, når det gjeld både kompetanse, kjønn og geografisk tilhøyring.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.