Stortinget - Møte tirsdag den 19. november 2019
President: Nils T. Bjørke
Formalia
President: Nils T. Bjørke
Presidenten: Representanten Tuva Moflag, som har vore permittert, har igjen teke sete.
Følgjande innkalla vararepresentantar tek no sete:
For Buskerud fylke: Sigrid Simensen Ilsøy
For Finnmark fylke: Steinar Karlstrøm
For Nordland fylke: Kjell-Idar Juvik og Rita Lekang
For Telemark fylke: Olav Urbø
Frå fyrste vararepresentant for Akershus fylke, Sheida Sangtarash, ligg det føre søknad om fritak frå å møta i Stortinget under representanten Nicholas Wilkinsons permisjon frå og med 19. november og inntil vidare, på grunn av sjukdom.
Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:
-
Søknaden vert handsama straks og innvilga.
-
Andre vararepresentant for Akershus fylke, Torleif Hamre, vert kalla inn for å møta i permisjonstida frå og med 19. november og inntil vidare.
Presidenten: Representanten Lars Haltbrekken vil setja fram eit representantforslag.
Lars Haltbrekken (SV) []: Snart kommer vinteren, snart kommer den kalde, fine tida og forhåpentligvis mange flotte skiturer. Men med vinteren og skiene og konkurransene kommer også miljøgiften fluor snikende med i noe av skismurningen. Derfor vil jeg på vegne av representantene Arne Nævra, Freddy André Øvstegård, Mona Fagerås, Petter Eide og meg selv – og alle ihuga skientusiaster – sette fram et forslag om å forby bruk av fluorsmurning på alle idrettsarrangement i Norge, nasjonale som internasjonale, for unge som for eldre.
Med det ønsker jeg presidenten mange flotte, giftfrie skiturer til vinteren!
Presidenten: Forslaget vert handsama etter reglementet.