Stortinget - Møte torsdag den 17. oktober 2019

Dato: 17.10.2019
President: Nils T. Bjørke

Formalia

President: Nils T. Bjørke

Presidenten: Representantane Åsmund Aukrust, Ove Trellevik, Eirik Sivertsen og Marit Arnstad, som har vore permitterte, har igjen teke sete.

Frå representanten Marianne Haukland ligg det føre søknad om foreldrepermisjon i tida 21. oktober 2019 til 5. juni 2020.

Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:

  1. Søknaden vert handsama straks og innvilga.

  2. Vararepresentanten Vetle Langedahl vert innkalla for å møta i permisjonstida frå og med 22. oktober.

Presidenten: Representanten Lene Vågslid vil setja fram eit representantforslag.

Lene Vågslid (A) []: Eg vil på vegner av representantane Maria Aasen-Svensrud, Jan Bøhler og meg sjølv leggje fram eit representantforslag om å endre tidspunktet som blir lagt til grunn ved vurdering av valdsoffererstatning i gjenopptakingssaker, frå å vere tidspunktet for den skadevaldande handlinga til tidspunktet for domfellinga, og om å gje regelverksendringane tilbakeverkande kraft.

Presidenten: Forslaget vil verta handsama etter reglementet.

Presidenten vil opplysa om at det i tråd med ny praksis vert votering kl. 14.

Sakene nr. 1 og 2 vert handsama under eitt.