Stortinget - Møte tirsdag den 9. april 2019

Dato: 09.04.2019
President: Eva Kristin Hansen

Søk

Innhold

Referatsaker

Sak nr. 13 [19:16:17]

Referat

  • 1. (239) Endringer i arbeidsmiljøloven (varsling) (Prop. 74 L (2018–2019))

  • 2. (240) Endringer i folketrygdloven, samordningsloven og enkelte andre lover (samleproposisjon) (Prop. 75 L (2018–2019))

    Samr.: Nr. 1 og 2 vert sende arbeids- og sosialkomiteen.

  • 3. (241) Endringer i forurensningsloven, produktkontrolloven, naturmangfoldloven og svalbardmiljøloven mv. (innføring av overtredelsesgebyr og heving av strafferammer) (Prop. 77 L (2018–2019))

  • 4. (242) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Siv Mossleth, Sandra Borch og Ole André Myhrvold om å bevare ærfuglene og den spesielle kystkulturen i de tradisjonelle egg- og dunværene (Dokument 8:110 S (2018–2019))

    Samr.: Nr. 3 og 4 vert sende energi- og miljøkomiteen.

  • 5. (243) Endringer i diskrimineringsombudsloven og likestillings- og diskrimineringsloven (etablering av et lavterskeltilbud for behandling av saker om seksuell trakassering og en styrking av aktivitets- og redegjørelsesplikten) (Prop. 63 L (2018–2019))

  • 6. (244) Endringar i stadnamnlova (organisering av stadnamntenesta m.m.) (Prop. 65 L (2018–2019))

  • 7. (245) Endringer i folketrygdloven mv. (foreldrepenger ved premature fødsler mv.) (Prop. 73 L (2018–2019))

  • 8. (246) Endringer i gjeldsordningsloven (namsmyndighetens stedlige kompetanse der skyldneren har adressesperre) (Prop. 76 L (2018–2019))

  • 9. (247) Endringer i barnevernloven (politiattest for fylkesnemndsledere, tilgang til opplysninger i Folkeregisteret) (Prop. 78 L (2018–2019))

    Samr.: Nr. 5–9 vert sende familie- og kulturkomiteen.

  • 10. (248) Rapport til Stortinget fra Norges Banks representantskap for 2018 (Dokument 9 (2018–2019))

  • 11. (249) Statens pensjonsfond 2019 (Meld. St. 20 (2018–2019))

    Samr.: Nr. 10 og 11 vert sende finanskomiteen.

  • 12. (250) Lov om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning om forordning om endring av statistikkforordningen (Prop. 72 LS (2018–2019))

    Samr.: Vert sendt finanskomiteen, unntatt B, som vert sendt finanskomiteen, som legg fram sitt utkast til tilråding for utanriks- og forsvarskomiteen til fråsegn før tilrådinga vert lagd fram.

  • 13. (251) Folkehelsemeldinga. Gode liv i eit trygt samfunn (Meld. St. 19 (2018–2019))

  • 14. (252) Endringer i apotekloven, legemiddelloven og folketrygdloven (overtredelsesgebyr) (Prop. 62 L (2018–2019))

  • 15. (253) Endringer i pasient- og brukerrettighetsloven og tannhelsetjenesteloven (styrking av pasient- og brukerombudsordningen mv.) (Prop. 64 L (2018–2019))

  • 16. (254) Endringar i helse- og omsorgstenestelova (dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens) (Prop. 66 L (2018–2019))

  • 17. (255) Endringer i pasient- og brukerrettighetsloven mv. (helsehjelp i utlandet) (Prop. 80 L (2018–2019))

  • 18. (256) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Nils T. Bjørke, Per Olaf Lundteigen og Marit Knutsdatter Strand om openheit om prioriteringar i det offentlege helsevesenet og å avslutte praksisen med hemmeleghald av Statens legemiddelverk sitt avgjerdsgrunnlag og kost-nytte-vurderingar av nye legemiddel (Dokument 8:111 S (2018–2019))

    Samr.: Nr. 13–18 vert sende helse- og omsorgskomiteen.

  • 19. (257) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sheida Sangtarash og Audun Lysbakken om å stoppe nedleggelsen av fødeavdelingen i Kristiansund (Dokument 8:113 S (2018–2019))

Presidenten: Representanten Sheida Sangtarash har bedt om ordet.

Sheida Sangtarash (SV) []: Representantforslaget om å stoppe nedleggelsen av fødeavdelingen i Kristiansund er foreslått sendt til helse- og omsorgskomiteen. Jeg forstår bakgrunnen for det, ettersom det ligger et representantforslag fra Senterpartiet til behandling. Men det er over en måned til. Bakgrunnen for at jeg fremmet dette forslaget sammen med Audun Lysbakken i dag, er at det er knapt med tid, og SV ønsker å fryse prosessen med nedleggelsen umiddelbart. Så jeg ber derfor om at forslaget behandles etter § 39 c i Stortingets forretningsorden.

Presidenten: Representanten Kjersti Toppe har bedt om ordet.

Kjersti Toppe (Sp) []: Det stemmer at det ligg eit representantforslag til behandling i komiteen om ikkje å godkjenna vedtaket om nedlegging av fødetilbodet i Kristiansund, i tillegg til ein del andre kuttforslag som no er planlagde i Helse Møre og Romsdal. Det skal etter planen verta lagt fram 7. mai og skal opp i salen 14. mai.

Eg synest i utgangspunktet at presidentskapet har gjort ei klok vurdering om at det er best å få dette komitébehandla saman med det forslaget som ligg der. Samtidig er vi einige med SV i at det kanskje er dette kuttforslaget i Helse Møre og Romsdal som det er stort press på å få planlagt og gjennomført.

Så etter ei vurdering vil eg anbefala Senterpartiet å støtta SVs forslag om ei hastebehandling av dette forslaget.

Presidenten: Det som presidentskapet i sin klokskap – som representanten viste til – har kome fram til, er at representantforslaget frå SV er omtrent likt forslag nr. 2 i Dokument 8:79 S for 2018–2019, som ligg til behandling i helse- og omsorgskomiteen, og er planlagt å skulla leggjast fram 7. mai 2019. Det er ingenting i vegen for at forslaget frå SV kan behandlast saman med forslaget som allereie ligg til behandling, slik at vedtaka vert gjorde i god tid før sommaren.

Presidenten føreslår av den grunnen at forslaget vert sendt til behandling i helse- og omsorgskomiteen.

Men det har kome eit anna forslag, så me får votera over behandlingsmåten. Det vert votert alternativt mellom forslaget frå presidenten og forslaget frå representanten Sheida Sangtarash.

Votering:

Ved alternativ votering mellom forslaget frå presidenten og forslaget frå Sheida Sangtarash vart forslaget frå presidenten vedteke med 75 mot 20 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 19.20.45)

Presidenten: Presidentens forslag til behandlingsmåte er dermed vedteke.

Vidare var referert:

  • 20. (258) Melding for året 2018 fra Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter (Dokument 6 (2018–2019))

    Samr.: Vert sendt justiskomiteen.

  • 21. (259) Endringer i utlendingsloven (bortvisning av tredjelandsborgere i forbindelse med asylsaksbehandling) (Prop. 68 L (2018–2019))

    Samr.: Vert sendt kommunal- og forvaltingskomiteen.

  • 22. (260) Endringar i yrkestransportlova (ekspressbuss) (Prop. 69 L (2018–2019))

  • 23. (261) Endringer i veglova mv. (overføring av fylkesveiadministrasjon) (Prop. 79 L (2018–2019))

  • 24. (262) Finansiering og utbygging av E18 på strekningen Langangen – Dørdal i kommunene Porsgrunn og Bamble i Telemark (Prop. 81 S (2018–2019))

  • 25. (263) Finansiering og utbygging av E6 på strekningen Ulsberg–Melhus i kommunene Rennebu, Midtre Gauldal og Melhus i Trøndelag (Prop. 82 S (2018–2019))

    Samr.: Nr. 22–25 vert sende transport- og kommunikasjonskomiteen.

  • 26. (264) Salg av Aerospace Industrial Maintenance Norway AS til Kongsberg Defence & Aerospace AS (Prop. 61 S (2018–2019))

  • 27. (265) Ombudsmannsnemnda for Forsvaret sin innberetning om virksomheten i tiden 1. januar–31. desember 2018 (Dokument 5 (2018–2019))

    Samr.: Nr. 26 og 27 vert sende utanriks- og forsvarskomiteen.

Presidenten: Dermed er dagens kart ferdigbehandla. Ber nokon om ordet før møtet vert heva? – Møtet er heva.