Stortinget - Møte tirsdag den 8. januar 2019

Dato: 08.01.2019
President: Magne Rommetveit

Søk

Innhold

Formalia

President: Magne Rommetveit

Presidenten: Presidenten vil nytta høvet denne første møtedagen i det nye året til å ønskja representantane, medlemene frå regjeringa, alle tilsette og andre som har virket sitt knytt til Stortinget, eit riktig godt nytt år!

Representantane Eigil Knutsen, Else-May Botten, Hanne Dyveke Søttar, Solfrid Lerbrekk, Kirsti Leirtrø, Lene Westgaard-Halle og Elise Bjørnebekk-Waagen, som har vore permitterte, har igjen teke sete.

Følgjande innkalla vararepresentantar tek no sete:

  • For Oslo: Tina Shagufta Munir Kornmo

  • For Troms fylke: Regina Alexandrova

Utanriksminister Ine M. Eriksen Søreide la fram 3 kgl. proposisjonar (sjå under Referat).

Presidenten: Representanten Maria Aasen-Svensrud vil setja fram eit representantforslag.

Maria Aasen-Svensrud (A) []: På vegne av representantene Lene Vågslid, Jan Bøhler, Kari Henriksen, Hadia Tajik og meg selv vil jeg fremme forslag om straffegjennomføring i kriminalomsorgen.

Presidenten: Forslaget vil verta handsama etter reglementet.