President: Magne Rommetveit
Presidenten: Representanten
Kari Kjønaas Kjos,
som har vore permittert, har igjen teke sete.
Følgjande innkalla vararepresentantar
tek no sete:
-
For
Aust-Agder fylke: Arne Thomassen
-
For
Hedmark fylke: Johan Aas
-
For
Hordaland fylke: Leif Audun Sande
Det ligg føre to permisjonssøknader:
-
frå
Senterpartiets stortingsgruppe om sjukepermisjon for representanten
Kjersti Toppe frå
og med 4. juni og inntil vidare
-
frå
Venstres stortingsgruppe om permisjon for representanten Abid Q. Raja i tida
frå og med 5. juni til og med 7. juni for å ta del i OSSEs arrangement
for ekspertgruppa for terrorførebygging i Sarajevo
Etter forslag
frå presidenten vart samrøystes vedteke:
-
Søknadene
vert handsama straks og innvilga.
-
Følgjande
vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida:
Presidenten: Hans
Inge Myrvold er til stades og vil ta sete.
Statsråd Anniken Hauglie la
fram 2 kgl. proposisjonar (sjå under Referat).
Val av setjepresident
Presidenten: Presidenten
gjer framlegg om at det vert valt ein setjepresident for Stortingets
møte i dag – og ser det som vedteke.
Presidenten gjer framlegg om Kari
Kjønaas Kjos. Andre framlegg ligg ikkje føre, og Kari Kjønaas Kjos
er samrøystes vald som setjepresident for dagens møte.
Før sakene på dagens kart vert tekne
opp til handsaming, vil presidenten opplysa om at Stortingets møte
i dag fortset ut over kl. 16 til kartet for i dag er ferdig handsama.