Kongen kan gje forskrift om mellom
anna:
-
1. definisjon
av våpen og gjenstandar som er nemnde i denne lova,
-
2. lova
sitt saklege verkeområde, medrekna reglar om når lova skal gjelde
for ammunisjon som høyrer inn under Direktoratet for samfunnssikkerhet
og beredskap,
-
3. unnatak
frå våpenlova for skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som skal
brukast på boreplattformer, norske skip med vidare, jf. § 4,
-
4. krav
til kontroll av ervervar sin identitet og våpenløyve ved distansehandel
med skytevåpen, våpendeler og ammunisjon, jf. §§ 5, 6 og 7,
-
5. sakshandsamingsreglar
for søknad om løyve etter §§ 5, 6 og 7, medrekna utferding av våpenkort
og EU sitt våpenpass, kor lenge eit løyve til erverv etter §§ 5
og 6 gjeld, samt unnatak frå løyveplikt etter § 7 første ledd,
-
6. kva
ammunisjon som ikkje er tillaten etter § 7 tredje ledd nr. 3,
-
7. kor
lenge eit løyve for erverv av ammunisjon kan gjelde, jf. § 7 første
ledd andre punktum,
-
8. kva
våpen som ikkje er tillatne etter § 8,
-
9. kva
endringar som er nemnde i § 9 som krev løyve frå politiet,
-
10. vilkår
for fritak etter § 10,
-
11. kva
som vert rekna for særskilt behov for erverv av meir enn åtte løyvepliktige
skytevåpen til jakt, jf. § 11 første ledd, samt vilkår for fritak
etter § 11 tredje ledd,
-
12. vilkår
for godkjenning av samleområde, jf. § 13 første ledd, samt vilkår
for erverv av skytevåpen eller våpendelar etter § 13 andre ledd,
medrekna krav til historisk eller våpenteknisk grunnlag,
-
13. ervervsgrunnlag
etter § 14 samt krav til opplæring, kva våpentypar som kan ervervast,
og det tal løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar etter §§ 5
og 6 som kan ervervast etter § 14,
-
14. vilkår
for fritak frå alderskravet i § 15 andre og tredje ledd og om aldersgrense
for å kunne erverve og ha nærare bestemte våpen som ikkje vert rekna
for skytevåpen etter § 2,
-
15. kravet
til at søkar må vere skikka etter § 16,
-
16. erverv
av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon til juridiske personar,
medrekna krav til våpendugleik, jf. § 17,
-
17. kravet
til vandel for juridiske personar, jf. § 17,
-
18. krav
til overlating av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, jf. § 18
fjerde ledd,
-
19. krav
til oppbevaring av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som ikkje
er løyvepliktige etter §§ 5, 6 eller 7, jf. § 19,
-
20. krav
til mellombels oppbevaring, transport og sending av skytevåpen,
våpendelar eller ammunisjon, jf. § 20,
-
21. krav
til merking og registrering ved mellombels innførsel av skytevåpen,
våpendelar eller ammunisjon, jf. § 21,
-
22. løyveplikt
for inn- eller utførsel av våpen, skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon
som ikkje er løyve- eller registreringspliktige etter §§ 5, 6 eller
7, jf. §§ 21 og 22,
-
23. sakshandsamingsreglar
for søknad om løyve til inn- eller utførsel av våpen, skytevåpen,
våpendelar eller ammunisjon, jf. § 21 og 22,
-
24. gjennomføring
av § 23, medrekna kravet til løyve for næringsverksemd med gjenstandar
som ikkje er løyvepliktige etter §§ 5, 6 eller 7, fritak frå kravet
til løyve for godkjente skyttarorganisasjonar sitt sal av ammunisjon,
reglar for bytte av dagleg leiar, reglar for overlating av skytevåpen,
våpendelar og ammunisjon mellom personar som har løyve etter § 23,
og sakshandsamingsreglar for søknad om løyve,
-
25. merking
etter § 26,
-
26. tekniske
krav for deaktivering samt reglar for kontroll med og dokumentasjon
for at skytevåpen er deaktiverte på lovleg måte, jf. § 27,
-
27. krav
for godkjenning av skyttar- eller våpensamlarforeiningar samt vilkår
for godkjenning av tekniske reglement og skyteprogram, jf. § 28,
-
28. politiet
sin kontroll med tildelte løyve samt vilkår for å krevje tilkomst
til privat bustad, jf. § 30,
-
29. vilkår
for tilbakekall av løyve etter §§ 31 til 33 og pålegg om overlating
av skytevåpen etter §§ 31 og 32,
-
30. fastsetting
av gebyr, jf. § 37,
-
31. forholdet
til forvaltningsloven, medrekna sakshandsamingsreglar og reglar
knytte til intervju, jf. § 38,
-
32. våpenamnesti,
jf. § 40,
-
33. overgangsreglar
etter § 43, medrekna krav ved avhending av skytevåpen som er lovleg
deaktiverte før ikraftsetjing av lova her, og reglar for gjennomføring
av forboda mot skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som vert
forbodne i medhald av § 5 andre ledd nr. 5, § 6 tredje ledd og § 41
nr. 6.