vedtak til lov
om
endringar i bustøttelova (bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv)
I
I lov 24. august
2012 nr. 64 om bustøtte skal § 5 lyde:
§ 5 Krav til bustaden
Vilkår for å få rett til bustøtte
er at bustaden
-
a) er
godkjend som bustad
-
b) er
ein sjølvstendig bustad med eigen inngang
-
c) har
eige bad og toalett og gjev høve til matlaging, og
-
d) gjev
høve til kvile.
Personar som av helse- eller sosialfaglege
årsaker bur i eit bufellesskap utan å høyre til same husstand, kan
få bustøtte på individuelt grunnlag dersom kommunen godkjenner at
bustaden er eigna. Kommunen kan i vurderinga av om bustaden er eigna
gjere unntak frå kvalitetskravet i første ledd bokstav b. Kommunen kan
også gjere unntak frå krava i bokstav c dersom funksjonane som er
nemnde der, er del av bufellesskapet elles.
II
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.
Votering:
Komiteens innstilling ble enstemmig
bifalt.
Presidenten: Det
voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.
Votering:
Lovens overskrift og loven i sin
helhet ble enstemmig bifalt.
Presidenten: Lovvedtaket
vil bli satt opp til andre gangs behandling i et senere møte i Stortinget.