Roy Steffensen
(FrP) [09:27:21 ] (ordfører for saken): Det er godt å se at
det i denne salen finnes et sterkt engasjement for gründere og næringslivet
og hvordan vi kan gjøre hverdagen enklere for dem som brenner inne
med gode ideer de har lyst til å sette ut i livet for å skape nye arbeidsplasser.
Det engasjementet vises igjen i representantforslaget fra Venstre.
Noen av punktene som løftes fram i forslaget, er nå ivaretatt av
regjeringen og samarbeidspartiene i revidert, som skattefordel ved
pensjonssparing, opsjonsbeskatning og skatteincentiver i oppstartsselskap.
De øvrige forslagene i representantforslaget har finansministeren
redegjort godt for i sitt svarbrev til komiteen, og vi slutter oss
til statsrådens betraktninger rundt forslagene.
Komiteen mener det er viktig å fortsette
arbeidet med å gjøre de skattemessige betingelsene for næringslivet
så gode som mulig, men mener det aller viktigste vi kan og bør gjøre,
er å sette i verk tiltak som sikrer hele næringslivet gode rammevilkår.
Stortingsperioden går mot slutten,
og når vi først behandler en sak som handler om rammevilkår for
næringslivet, vil jeg benytte anledningen til å takke spesielt Venstre
og Kristelig Folkeparti for det samarbeidet vi har hatt gjennom
fire år for å sikre næringslivet stadig bedre rammevilkår. Mens
selskapsskatten var på 28 pst. i 2013, er den nå på 24 pst. og skal
videre ned til 23 pst. Selvstendig næringsdrivende betaler i snitt
12 000 kr mindre skatt i året i 2017 enn hva de gjorde i 2013, det
er satt rekord to år på rad når det gjelder nyetableringer av selskap,
og vi har lagt fram en egen gründerplan hvor det ble foreslått tiltak
som ble fulgt opp med hundrevis av millioner kroner.
Uansett hvor jeg reiser, utfordrer
jeg alltid bedriftseiere på tre grep som vi kan gjøre for at akkurat
deres bedrift eller deres næring skal oppleve vekst og utvikling.
To svar går alltid igjen. Det er økt satsing på infrastruktur, og
det er reduserte utgifter, og da peker de spesielt på formuesskatt.
På begge disse områdene har de fire samarbeidspartiene levert. Vi
har økt samferdselsbudsjettet med 50 pst. siden 2013, og vi har
redusert formuesskatten både med økt bunnfradrag og med redusert
sats.
Regjeringen og samarbeidspartiene
har et brennende engasjement for bedre rammevilkår for både gründere
og det etablerte næringslivet og har gjennomført en rekke gode tiltak
i perioden vi har styrt sammen. Dette viktige arbeidet skal vi fortsette
med også etter valget.
Sveinung Rotevatn
(V) [09:30:11 ] : Sjølv om Venstre i dag sannsynlegvis blir
ståande åleine om å stemme for ni forslag som vil gjere skattesystemet
betre og meir rettferdig for gründerar og enkeltpersonføretak, har
altså tida frå dette representantforslaget vart levert – for litt
over to månader sidan – til i dag, vore grunnleggjande bra for nettopp
dei sjølvstendig næringsdrivande og gründerane i dette landet. Eg
vil faktisk seie at det har skjedd meir positivt dei siste to månadene
for denne gruppa enn det skjedde samla i dei føregåande to stortingsperiodane.
Som avslutting til det representantforslaget
som no er til behandling, skriv vi:
«Forslagsstillerne mener at dette
er særdeles gode og konkrete forslag som regjeringen forhåpentligvis har
vurdert nøye i det arbeidet som skal gjøres før regjeringen legger
fram sine endelige anbefalinger i forslag til revidert nasjonalbudsjett
for 2017.»
Nettopp det har
heldigvis skjedd og vorte forsterka gjennom den avtala om revidert
nasjonalbudsjett som er inngått. Gjennom vedtak som skal fattast
i denne salen i samband med revidert nasjonalbudsjett i neste veke,
betrar vi altså dei sosiale ordningane for sjølvstendig næringsdrivande
både når det gjeld skattefavorisert pensjonssparing, og når det
gjeld sjukeløn. Det er ein politikk som Venstre har stått åleine
om i tolv år, men som no blir vedteke. Gjennom vedtak som skal fattast
til veka, endrar vi opsjonsskattlegginga i tråd med forslag i Venstres representantforslag.
Den skatteincentivordninga for oppstartsbedrifter som Venstre første
gong føreslo i Stortinget i 2010, blir no ein realitet. Dette motbeviser
også Arbeidarpartiet sin ganske meiningslause – og smålege, vil
eg seie – merknad om at Venstres representantforslag må sjåast på
som eit uttrykk for at Venstre ikkje har fått gjennomslag i forhandlingar
med regjeringa.
Eg føler behov for å klare opp ei
grunnleggjande misforståing som openbert rir fleire av partia i
komiteen. Venstre sitt representantforslag handlar om skattesystemet
og det openbert urettferdige som er der når det gjeld gründerar
og enkeltpersonføretak. Det handlar ikkje om alt mogleg anna som
kan knytast til gründerar og dei minste bedriftene. Mange av dei
tiltaka som dei andre partia trekkjer fram, er jo nettopp komne
til på initiativ frå Venstre, som f.eks. presåkornfondordninga,
etablerartilskotsordninga og dei ordinære såkornfonda. Men vidareføring
av ubrukte pengar i Investinor eller eit regionalt akseleratorprogram
for gründerar, som dessutan er heilt avhengig av privat kapital,
vil altså ikkje rette opp ei einaste skeivheit i skattesystemet.
Eg vil faktisk seie at eg undrar
meg over Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Dei er høge og mørke
knytt til ein haug med ulike representantforslag som dei sjølve
fremjar og krev at andre parti skal ta stilling til kvart enkelt
forslag i, bl.a. i neste sak, men no vel altså Arbeidarpartiet ikkje
å ta stilling til enkeltforslag i denne saka. Senterpartiet er i prinsippet,
som dei seier, einig i fleire forslag, men vil ikkje stemme for
grunna heilskapsinntrykket. Heilskapsinntrykket er at skattesystemet
vårt har ein god del skeivheitar som rammar gründerar og enkeltpersonføretak,
og som fleirtalet, av omsyn til kva som er lagleg, ikkje vil gjere
noko med.
Dei siste fire åra har eg møtt mange
gründerar, frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande. Dei har
mykje på hjartet, men det er altså ikkje éin av dei som har ønskt
seg tilbake til den politikken som vart ført av dei raud-grøne i regjering.
Det var åtte år med neglisjering av gründerar og sjølvstendig næringsdrivande,
og vart det gjort noko, så vart rekninga sendt nettopp til dei sjølvstendig
næringsdrivande sjølve, gjennom auka trygdeavgift, med det resultat at
skattesystemet vart endå skeivare enn det var – i dei næringsdrivande
sin disfavør.
Bakgrunnen for det forslaget som
vi no behandlar, er at enkeltpersonføretak, sjølvstendig næringsdrivande
og gründerar i ei rekkje tilfelle kjem dårlegare ut enn vanlege arbeidstakarar
og bedrifter når det gjeld skattemessige forhold. Det gjeld f.eks.
ordninga med minstefrådrag, innbetalingstidspunkt for skatt, moglegheiter
for å setje av delar av overskotet i fond og moglegheit til skattefri
etter- og vidareutdanning, for å nemne noko. Eg registrerer at det
blir argumentert med at det å innføre eit minstefrådrag som erstatning
for faktiske frådrag, skal medføre meir byråkrati, og det å likestille
tidspunktet for innbetaling av skatt med det som gjeld for oss andre,
skal medføre ei form for særordning. Dette heng ikkje på greip.
For Venstre er det eit sjølvstendig
mål at fleire skapar ein arbeidsplass for seg sjølv og kanskje for
nokre til. Det ville vore bra for norsk innovasjonsevne og for eit
mangfaldig og spreitt norsk næringsliv. Eg vil difor ta opp Venstres
forslag i innstillinga og håpar dei blir vedtekne i dag, sjølv om
eg må innrømme at det ser stygt ut. Men det eg er sikker på, er
at mange av dei vil bli vedtekne i framtida – iallfall dersom dagens
fleirtal består etter valet.