Stortinget - Møte tirsdag den 31. januar 2017

Dato: 31.01.2017
President: Olemic Thommessen
Dokumenter: (Innst. 163 S (2016–2017), jf. Dokument 8:7 S (2016–2017))

Søk

Innhold

Sak nr. 3 [15:31:17]

Innstilling frå næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Frank Bakke-Jensen og Oskar J. Grimstad om å utvide områdeadgangen i det kvoteregulerte fisket etter kongekrabbe (Innst. 163 S (2016–2017), jf. Dokument 8:7 S (2016–2017))

Talere

Presidenten: Etter ønske fra næringskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 5 minutter til hver partigruppe og 5 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil presidenten foreslå at det – innenfor den fordelte taletid – blir gitt anledning til inntil seks replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Ingrid Heggø (A) [] (ordførar for saka): Forslaget vi har til handsaming, dreier seg om å utvida det kvoteregulerte fisket av kongekrabbe til heile Finnmark og å innføra ein opptrappingsmodell for aktivitetskravet for å sikra at retten tilkjem aktive fiskarar.

Stortinget handsama Solberg-regjeringa si kongekrabbemelding i juni i 2015. Evalueringa der konkluderte med at den todelte forvaltninga som vart innført i 2008 av Stoltenberg II-regjeringa, har vore særs vellukka. Det betyr kommersiell fangst med deltakarregulering aust for Nordkapp, elles fri fangst – såkalla desimeringsfiske. På Fiskeridirektoratet sitt dialogmøte i september vart det òg slått fast at denne forvaltninga har vore vellukka.

Det er bra at eit samla storting også i dag fastslår å vidareføra dette prinsippet. Mest diskutert under stortingshandsaminga i 2015 var like fullt om Måsøy kommune kom inn under kategorien «mest plaga» og skulle få delta i kongekrabbefisket, og innføring av eit aktivitetskrav for å sikra at det var dei aktive fiskarane som hadde dei største ulempene og såleis skulle kompenserast med å få fiska kongekrabbe.

Det har mildt sagt vore ein underleg prosess i denne saka:

Statssekretær Berg erklærer at det i kongekrabbefisket skal opnast for fiskarar frå heile heimfylket hans, Finnmark.

Ikkje regjeringa, men herrane Bakke-Jensen og Grimstad fremjar representantforslag i Stortinget.

Komiteen får saka til handsaming og bestemmer både høyring og at Sametinget skal konsulterast. Men då viste det seg at departementet allereie hadde sendt framlegget om ny forvaltning på høyring. Komiteen vedtok difor å setja saka på vent.

Det er ei rotete handsaming frå regjeringspartia si side. Eg er difor glad for at komiteen likevel har samla seg om eit solid fleirtal for den vidare forvaltninga av kongekrabbe. Det er full semje om prinsippet om at heiltidsfiskarane er dei som har dei største ulempene med kongekrabben. Vidare er det semje om at også fleire enn fiskarane i Aust-Finnmark er plaga av kongekrabben, men at ulempene minkar vestover i Finnmark. Men fleirtalet i komiteen, alle unnateke Høgre og Framstegspartiet, er oppteke av å halda fast ved at dei med størst plager er dei som skal ha full tilgang til dei lukrative kvotane. Dette fleirtalet slår også fast at kongekrabben no påverkar det tradisjonelle fisket i Måsøy i så stor grad at fiskarane her må karakteriserast som svært plaga og såleis bør ha tilgang til det kvoteregulerte krabbefisket. Til dømes er Måsøy-fiskarane sine fiskefelt i dag fylte av krabbeteiner til desimeringsfiske, noko som umogleggjer vanleg fiske.

På vegner av Arbeidarpartiet vil eg seia at eg synest det var veldig synd at vi ikkje kunne finna eit breitt politisk kompromiss i denne saka for å sikra langsiktigheit og føreseielegheit innan fiskerinæringa. Dette var på mange måtar ein prøvestein på om det politiske miljøet på Stortinget faktisk meiner at langsiktige og føreseielege rammevilkår er det viktigaste for næringa, eller om det er noko som høyrer heime berre i festtalar. For Høgre og Framstegspartiet vart det strykkarakter. Det positive er at alle vi andre partia står saman. Dette fleirtalet har lagt fram følgjande forslag til vedtak:

«Stortinget ber regjeringa gje fiskarane i Måsøy full adgang til fisket etter kongekrabbe frå og med kvoteåret 2017.»

Og:

«Stortinget ber regjeringa komme attende til Stortinget med ei sak vedrørande konsekvensar av endring i aktivitetskravet og eventuell utviding av adgangen til kongekrabbefiske.»

Det er eit paradoks at regjeringspartia heller ikkje vil støtta ei utgreiing av konsekvensane av sitt eige framlegg. Høgre og Framstegspartiet vil med andre ord ikkje byggja politikken på kunnskap. Ein meiner ein som stortingspolitikar er den beste til å setja ei riktig inntektsgrense, og det heilt utan saksutgreiing og konsekvensutgreiing, som ville forstyrra biletet. Resten av Stortinget meiner ikkje at svogerforsking eignar seg, og at politikken skal byggjast på kunnskap, og vil ha greie på konsekvensane i forkant av vedtak.

Til slutt: Sametinget skal konsulterast i saker som desse – det har komiteen heile tida vore klar på. Av dei protokollane vi har sett, går det fram at det ikkje har vore gjennomført formelle konsultasjonar om framlegget. Likevel føreslår altså Framstegspartiet og Høgre at Stortinget skal støtta det. Eg er nøgd med at fleirtalet i komiteen her går inn for ei løysing som det har vore konsultasjonar om, nemleg å utvida det kommersielle fisket til også å gjelda Måsøy.

Laila Davidsen (H) []: I Finnmark er fiskerinæringen svært viktig. Etter hvert er også kongekrabben forvaltet til å bli en ressurs for næringsutvikling og for helårsdrift for fiskerinæringen.

I dag foregår det kommersielle fisket øst for Nordkapp, og vest for Nordkapp er det desimeringsfiske. Det store antallet teiner som brukes i desimeringsfisket, er blitt en stor ulempe for fiskerne også i vest, og krabben volder skade på det øvrige bruket i stor grad. Kvotefiske etter krabbe har vært og skal være fiskere som lir tap i øvrig fiskeri på grunn av krabbens tilstedeværelse, til del. Det gjelder i dag i større grad enn tidligere fiskerne i vest, selv om fiskerne i øst fortsatt synes å ha de største utfordringene. For Høyre er det viktig å lage rammevilkår og regelverk som sikrer næringsutvikling, og som sikrer helårsarbeidsplasser. De siste årene har vist en positiv utvikling i fiskerinæringen i Øst-Finnmark, mens en dessverre har negativ utvikling i Vest-Finnmark. Noe av årsaken til at man ikke ser den samme gledelige utviklingen i vest som i øst, kan være mangel på råstoff for å drive nettopp helårsdrift. I tillegg vet vi at investering i nytt utstyr og nye båter krever stor egenkapital eller pant i båt eller kvote.

Krabbekvotefiske har aldri vært ment å være et supplement til andre yrker på land, men en kompensasjon for tapet man har som fisker på grunn av at krabben er der, og for de brukene som blir ødelagt. Det betyr at man må sikre at denne ressursen kommer de aktive fiskerne til gode. I tillegg ønsker Høyre at det legges til rette for økt fiskeriaktivitet i hele fylket, og med den kvoteveksten vi har sett de siste årene, vil det etter vår oppfatning fortsatt være tilgjengelig stor nok krabbekvote til aktive fiskere også i øst, selv om man tillater fiskere bosatt i vest å søke krabbekvote. Dagens desimeringsfiske i vest vil fortsatt være mulig for alle fiskerne å delta i.

Fra næringskomiteens side er det ikke flertall for å likebehandle fiskerne i Finnmark per dags dato, og det er ikke flertall for å sikre næringsgrunnlaget for aktive fiskere og for å øke fiskeriaktiviteten i hele fylket. Likevel er vi glade for at fiskerne i Måsøy, som åpenbart er hardest rammet, allerede i år får komme inn under denne ordningen. Vi er også glade for at næringskomiteens flertall ikke avviser vårt forslag om å øke aktivitetskravet og tilgangen for hele Finnmark, men at man ber regjeringen komme tilbake med en sak som synliggjør konsekvensene av en slik endring. Derfor ønsker Høyre subsidiært å stemme for flertallsinnstillingen fra næringskomiteen.

Fra Høyres side håper vi at denne saken kommer tilbake til Stortinget allerede før sommeren, slik at det er mer, nødvendig, forutsigbarhet for både 2018-sesongen og årene som kommer. Vi erkjenner at det har vært lite ro rundt rammebetingelsene, men i og med at dette er en relativt ny næringsvei, har man brukt tid på å finne de mest rettferdige ordningene og også prøvd å finne ordninger som faktisk kan sikre arbeidsplasser og økt næringsaktivitet i Finnmark, der ressursene er.

Til slutt vil jeg kommentere det som ble påpekt om høring med Sametinget. Næringskomiteen har fått brev fra Sametinget om at det har vært gjennomført konsultasjoner. De har bedt om at næringskomiteen tar saken videre, og har ønsket høring med næringskomiteen. Som medlem i næringskomiteen er jeg ikke kjent med at verken lederen i komiteen eller saksordføreren har tatt initiativ til slike møter.

Presidenten: Ønsker representanten å ta opp forslagene fra Høyre og Fremskrittspartiet?

Laila Davidsen (H) []: Ja.

Presidenten: Representanten Laila Davidsen har tatt opp forslagene nr. 1 og 2, fra Høyre og Fremskrittspartiet.

Oskar J. Grimstad (FrP) []: Fiske etter kongekrabbe har over tid, frå dei første blei fiska for 39 år sidan, utvikla seg til å bli ei viktig attåtnæring for mange fiskarar som har vore svært plaga av krabben i det tradisjonelle fisket, med fulle garn og brukstap som resultat. Det har òg vore ein betydeleg auke i totalkvoten, og vi ser at frå 2015 til 2016 har han blitt auka frå 1 300 til 2 000 tonn, noko som gir eit godt kvotegrunnlag for utvida fiske med framlegg om å utvide områdetilgangen i det kvoteregulerte fisket etter kongekrabbe.

Med bakgrunn i m.a. dette blei det fremja eit representantforslag frå Frank Bakke-Jensen og meg om å utvide områdetilgangen i det kvoteregulerte fisket etter kongekrabbe i open gruppe. Men samtidig er ein også opptatt av at ordninga skal kome aktive fiskarar til gode, og fremjar eit aktivitetskrav som støttar dette. Det er fleire gode grunnar til forslaget om å utvide områdetilgangen og utan at det utfordrar fellesforståinga av at det er dei som er mest plaga, som skal ha tilgang til dette fisket.

Under høyringa hausten 2016 kom det klart fram at fiskarar frå Vest-Finnmark var plaga av krabben, og at det blir drive eit intensivt desimeringsfiske i Vest-Finnmark på kostnad av tradisjonelt fiske.

Så konstaterer vi at det er eit fleirtal som ønskjer ei utgreiing av konsekvensane av å innlemme heile Finnmark i krabbefisket, medan fleirtalet finn å ville innlemme fiskarane i Måsøy no. Fleirtalet fremjar også behovet for ei konsekvensutgreiing av aktivitetskravet. Men vi orienterer oss etter realitetane og vil, som det blei sagt også frå Høgre, subsidiært, når vårt forslag fell, stemme for I og II.

Heilt til slutt vil eg nemne at diskusjonen rundt konsultering av Sametinget ikkje synest å ha same viktigheit lenger, trass i utviding av områdetilgangen til Måsøy. Den diskusjonen som går rundt det, går på om det er departementet som har tatt initiativet, eller om det er Stortinget. Denne gongen var det Stortinget som tok initiativet, og det ligg då faktisk til Stortinget å oppfylle denne konsulteringsretten, som det blir nemnt av fleire her. Det er ikkje departementet si oppgåve i denne samanhengen, slik som det også blei nemnt av representanten Davidsen.

Line Henriette Hjemdal (KrF) []: Forvaltningen av kongekrabbe har vært oppe i Stortinget ved flere anledninger, som også saksordføreren var inne på. Senest i 2015 behandlet vi en sak om dette, og Stortinget vedtok det regelverket vi har i dag. Disse reglene har nå virket i litt over ett år, og jeg synes det er noe forhastet av forslagsstillerne å foreslå endringer, særlig med tanke på at det altså var deres egen regjering som foreslo og fikk flertall for dagens regelverk. Jeg registrerer at dette også er holdningen til flere av høringsinstansene som har uttalt seg i høringen i forbindelse med regulering av kongekrabbefisket for 2017. Her foreslår fiskeriministeren det samme som forslagene i representantforslaget vi nå debatterer.

Når det er sagt, skal vi som politikere lytte til ny kunnskap. Når situasjonen endrer seg, kan det være behov for endringer også i politikk og regelverk. Et eksempel på dette ser vi i denne saken: Stortinget stemte i 2015 ned forslaget om å åpne opp for at fiskere fra Måsøy kommune skulle få adgang til fisket etter kongekrabbe. Nå ønsker et flertall i komiteen å åpne for denne kommunen, fordi også fiskere her har problemer med kongekrabben. Intensjonen med forvaltningen av kongekrabben er å forhindre spredning, men også at de fiskerne som rammes av kongekrabben, skal kunne nyttiggjøre seg den gjennom dette fisket. Vi skulle nok helst vært foruten denne innførte arten, men når den er her, og når vi vet at det er store verdier i fisket av denne, er det viktig å passe på at nettopp denne intensjonen med dagens forvaltning ivaretas.

Kristelig Folkeparti støtter derfor forslaget om at også Måsøy skal få adgang. Når det gjelder å åpne for at hele Vest-Finnmark skal få adgang, ser vi ikke per i dag behovet for dette, og mener at det er prinsippet om ulempen med kongekrabben som skal ligge til grunn. Jeg vil her også vise til Finnmark fylkeskommunes høringsuttalelse – de som kjenner situasjonen godt, mener at de foreslåtte endringene ikke er tilstrekkelig belyst, og vektlegger at nettopp prinsippet om ulempe må ligge til grunn.

Kristelig Folkeparti mener at eventuelle endringer i aktivitetskravet kan vurderes, men at vi må vite mer om konsekvensene av endringene som gjøres, enn det vi får vite i dette forslaget. Vi støtter derfor forslaget om at regjeringen skal komme tilbake med en sak angående konsekvenser av endringer i aktivitetskravet og eventuelle endringer i adgangen til kongekrabbefiske hvis ny kunnskap gjør det nødvendig.

Geir Pollestad (Sp) [] (leiar i komiteen): Senterpartiet sitt utgangspunkt er at me ønskjer å utvida retten til å delta i kongekrabbefiske. Det gjeld fiskarar frå heile Finnmark. Når me no vel ikkje å stemma for det, handlar det om at det er to ting som heng saman, både ei utviding av kven som har tilgang til fisket, og ein betydeleg auke i aktivitetskravet, som me meiner vil vera eit vilkår for ei slik utviding. Då har me ikkje kunnskap om kva det vil bety for fiskarar i Aust-Finnmark at aktivitetskravet vert auka, ei heller kvar aktivitetskravet bør liggja for å treffa rettast for fiskarar frå vest i Finnmark.

Når det gjeld Måsøy, var dette temaet omtalt i samband med kongekrabbemeldinga. Senterpartiet føreslo då at Måsøy skulle inkluderast i kven som fekk tilgang til fisket. Det fekk me ikkje fleirtal for då, me er glade for at alle parti sluttar seg til det no.

Når det gjeld prosessen som har vore: Lat meg seia at det er neppe eit eksempel å følgja. Det er mange, Senterpartiet inkludert, som har bidratt til at denne prosessen har vorte som han har vorte. Men no gjer me eit vedtak som er uttala, nemleg å utvida til at fiskarar frå Måsøy skal få tilgang. Så er det viktig å vera klar på at no er det departementet sin jobb å utøva dette, konsultera Sametinget og koma tilbake til Stortinget med ei sak. Kor fort det er mogleg å få til, får verta opp til departementet å avgjera. Me er klare til å behandla denne saka når ho kjem utgreidd i si fulle breidd.

Pål Farstad (V) []: Jeg vil takke saksordføreren for en stødig hånd i arbeidet med denne innstillingen fra næringskomiteen. Det er ikke noen enkel sak, for det er svært forskjellige synspunkter både politisk og blant fiskerne – ikke minst blant fiskerne – på det kvoteregulerte fisket etter kongekrabbe. Jeg deltok selv i en kongekrabbedebatt i Honningsvåg før jul, der områdeadgangen ble intenst diskutert. Jeg tok med meg spesielt de plagene som fiskerne i Måsøy kommune har hatt. Dem har jeg merket meg i den prosessen vi har hatt i komiteen.

Jeg vil si at alt i alt er det en bra løsning det nå blir flertall for, ved at en gir fiskerne i Måsøy full adgang til fisket etter kongekrabbe fra og med 2017, selv om jeg strengt tatt synes vi burde gitt dagens ordning litt mer tid. Dagens regulering har knapt fått satt seg før vi endrer. Jeg synes Sametinget har et viktig poeng når de peker på at det er viktig å tilby næringen forutsigbarhet i forvaltningen, og at en ønsker litt mer erfaring med dagens regime før eventuelle endringer foretas. Det har også vært nevnt av andre her i dag. Men alt i alt mener jeg det er en god løsning det ligger an til å bli flertall for her i dag.

Jeg viser til at flertallet i komiteen peker på at fiskere fra andre deler av Finnmark også er plaget av kongekrabben, men at ulempen minker jo lenger vest en kommer. I dette bildet er det grunn til å påpeke at også områder i Troms er plaget av kongekrabbe, og at eventuelle områdeutvidelser ikke nødvendigvis skal eller bør knyttes til fylkesgrensen, slik forslagsstillerne vil. Før en eventuell videre utvidelse av hvem som får delta i kongekrabbefisket, er det nødvendig å få utredet konsekvensene av en slik utvidelse. Jeg synes det er grunn til å understreke at Sametinget skal konsulteres i slike saker, slik en samlet komité påpeker.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Dette har jo vore ei veldig spesiell sak, som saksordføraren var inne på. Eg skjønar ikkje kva som er greia med denne typen cowboybehandling av ei såpass viktig forvaltning. Her har ein laga ein ganske unik forvaltningsmodell, som eg synest er veldig spennande – den todelte forvaltningsmodellen av kongekrabben – der ein har delt det opp i kvar det skal vere kommersielt fiske, og kvar ein skal ha fritt fiske, altså der ein skal prøve å stoppe, forhindre, problema i å gå vidare. Det er heilt riktig, det som blir sagt her: Dersom ein opnar opp dette fisket enda meir nedover Finnmarkskysten, må vi også begynne å diskutere kor langt ned det skal gå, og kva prinsipp som skal styre dette.

Ulempeprinsippet har vore det som har styrt dette. Dersom ein berre tenkjer tilbake: Russarane sette ut kongekrabbe i Barentshavet på 1960-talet, og ein begynte å sjå problema på 1980-talet, og etter det tidspunktet da den norsk-russiske fiskerikommisjonen sette grensa for ei vestleg utbreiingsgrense til 26 grader aust, har det skjedd mykje. Eg har følgt med på kva fiskeriministeren har gjort, og eg er fornøgd med at ein aukar kvota, for det som skaper problem her, er at ein rett og slett ikkje får fiska nok. No begynner problema å breie seg nedover kysten, og det er ikkje eintydig positivt. Vi veit framleis for lite om kva effekt dette kan ha på økosystemet og på fisket elles, så det å auke kvotane og sørgje for at ein verkeleg klarer å halde krabben meir i sjakk enn det ein har klart, tenkjer eg er ei kjempestor utfordring. Der slit ein. Og heilt nede i mitt fylke, Troms, begynner ein å få store ulemper – ikkje i nærleiken av dei ulempene ein har i Aust-Finnmark, men ein begynner å få store ulemper som kan samanliknast med dei ulempene ein har f.eks. i Altafjorden.

Det vi har landa på som komité, er ei lita endring som var ei omstridd avgjerd om ikkje å innlemme Måsøy i dette fisket sist gong. Sidan den gongen har det skjedd mykje. Vi i SV har eit litt delt lag. Vi har dei i partiet som meiner at ein skal utvide heile fisket, vi har dei i partiet som meiner ein berre skal ta Måsøy med, og vi har dei i partiet som meiner at ein berre skal ha Aust-Finnmark med – alle palettar er representerte her. Det vi har landa på, er at vi kan gå med på denne endringa. I utgangspunktet ville vi ikkje gjere noka større endring i denne omgangen, det er eit kompromiss for SVs del. Eg trur det er greitt å ha ei lita justering i denne omgangen, så får vi heller ha ei større og samla behandling, ei meir forsvarleg behandling, i neste runde. Kva framtida til dette fisket skal vere, er noko som da truleg må kome opp.

Eg vil i alle fall seie at når det gjeld å høgje kravet til å delta i dette fisket, meiner eg at måten ein har lagt opp denne modellen på, som gjer at unge menneske får kome inn i fisket, har vist så mange store suksessar på Finnmarkskysten, med så mange unge fiskarar som har klart å kome seg utpå, at skulle ein begynne å høgje kravet, begynner vi å bevege oss bort frå det som er poenget. Og det kan eg i alle fall signalisere allereie no at vi er veldig skeptiske til.

Statsråd Per Sandberg []: Her er det to stortingsrepresentanter, representanten Bakke-Jensen og representanten Grimstad, som har fremmet et Dokument 8-forslag om å utvide områdeadgangen til det kvoteregulerte fisket etter kongekrabbe i Finnmark. Jeg har så mye respekt for Stortinget at å kalle det cowboy-forslag når våre øverste folkevalgte fremmer forslag som de tydeligvis tror på, synes jeg er litt merkelig. Spørsmålet om å gi alle fartøy i Finnmark en mulighet til å fiske kongekrabbe i dette området har bakgrunn i at det har rent mye vann i sjøen siden 2005. Ikke minst når det gjelder størrelsen på kvotene, ikke minst når det gjelder pris, ikke minst når det gjelder det å få en betydelig inntekt av krabbefiske, har det skjedd mye siden 2005. Men så har det jo også kommet på plass en ny politisk ledelse i departementet – hvis det er noen som ikke har registrert det.

Jeg er glad for at komiteen i sin innstilling bemerker at det er bred politisk enighet om hvordan vi skal forvalte kongekrabben. Det er en enighet som har stått seg over tid – og også om at forvaltningen har vært en suksess. Det er vi alle enige om. For det er helt klart at prinsippene som legges til grunn, og som har ligget til grunn for forvaltningen av kongekrabbe, fortsatt ligger fast, slik det også går fram av Meld. St. 17 for 2014–2015, som ble lagt fram våren 2015.

Representantforslaget ber om at fartøy fra hele Finnmark skal få fiske kongekrabbe i det kvoteregulerte området. Jeg hører flere si og er litt skeptiske til at flere og flere begynner å få noen utfordringer – også helt ned til Troms, faktisk. Det er kanskje også et argument for å utvide og få flere til å fangste, slippe flere fartøy til. Hvis det er sånn at man på tross av økte kvoter og økt aktivitet fortsatt ikke har fått kontroll på denne krabben, som snart spaserer i hovedgatene i enkelte områder oppe i Finnmark, burde man kanskje ha lagt inn noe mer. Som jeg sa – de siste årene har kvotene med kongekrabbe økt betydelig, og det har vært oppnådd en meget høy pris, slik at inntjeningen nå er betydelig høyere enn da premissene ble lagt i 2015. Det burde også vært lagt til grunn. Derfor mener også undertegnede at deltakelsen skulle vært økt.

Jeg merker meg selvfølgelig at forslaget som har kommet på bordet, og innstillingen fra flertallet i næringskomiteen i første omgang ber om en tilslutning til å gi Måsøy tilgang i det kvoteregulerte området allerede fra 2017. Da var det jo en lykke at jeg fastsatte foreløpige, midlertidige kvoter med bakgrunn i respekt for Stortinget fordi jeg forsto det slik at det i desember var flertall i Stortinget for å inkludere hele Finnmark. Derfor fastsatte jeg midlertidige kvoter. Nå skal jeg selvfølgelig etter vedtaket i Stortinget i dag fastsette de fullverdige kvotene for resten av året for å skape forutsigbarhet, og da også ta inn Måsøy.

Jeg mener at kongekrabben har påvirkning på hele Finnmark fylke, og at fartøy fra hele Finnmark burde delta. Nå skal jeg selvfølgelig så raskt som mulig og så godt som mulig utrede og få fram et dokument for Stortinget som gir alle mulige data på bordet når det gjelder konsekvensene av å utvide til hele Finnmark. Da følger jeg opp ønsket om å utrede konsekvensene og – selvfølgelig – utrede og vurdere hvordan aktivitetskravet, økt eller endret, vil slå ut når det gjelder å utvide området, osv.

Så må jeg si til de påstandene som kommer om konsultasjonene med Sametinget, at det i hvert fall er helt sikkert at jeg der har fulgt de nødvendige prosedyrene. Jeg mener faktisk at jeg også har gått utover det som er de pålagte prosedyrene når det gjelder å konsultere med Sametinget. Jeg har hatt to møter dette året, det ene ble dessverre kansellert på grunn av noen strukturendringer i Sametinget. I dette tilfellet har Sametinget selv vært med på en høring i direktoratet, og de har bedt om konsultasjoner med næringskomiteen.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Ingrid Heggø (A) []: Det at alle skal inn i krabbefisket, kan for så vidt vera eit flott prinsipp – eg er einig i det – men det bryt med det som hittil har vore eit overordna prinsipp, nemleg at dei som er mest plaga av kongekrabben sitt innsteg, også er dei som skal ha full kvote for å fiska kongekrabbe. Måsøy er i dag dei som er mest plaga, og som ikkje har tilgang til kongekrabbefisket i dag.

Korleis forklarar statsråden at Høgre og Framstegspartiet er for at alle skal inn, men er imot at dei som er mest plaga, skal få koma inn i fisket?

Statsråd Per Sandberg []: Dette prinsippet ligger fortsatt fast, men det prinsippet inneholder også at dess lenger vest en kommer, dess mindre plaget skal en være. Det har aldri vært sånn at en har ekskludert alle fra å delta i krabbefisket i så måte. Jeg regner med at det er derfor man tar inn Måsøy, fordi de er veldig plaget med kongekrabbe. Og så er det også andre i Vest-Finnmark som har de samme utfordringene med hensyn til krabbefisket. Det blir sagt her fra talerstolen også at man i dag ser at utfordringene med kongekrabben kanskje er større enn det man la til grunn på det tidspunktet da man la dette prinsippet, som jeg faktisk er enig i. Men så er det også andre momenter her, som jeg sa i mitt innlegg: Vi har økt kvotene betraktelig, prisene har økt betraktelig, inntjeningen har blitt betydelig bedre, og når inntjeningen blir betydelig bedre, får en også bedre betalt i forhold til konsekvensene av kongekrabben.

Olemic Thommessen hadde her overtatt presidentplassen.

Ingrid Heggø (A) []: Eg takkar for svaret. Men det naturlege ville vel då vera ei gradering etter kor plaga ein var, og ikkje at alle i Finnmark skulle ha full tilgang. Komiteen har i merknads form støtta hovudprinsippet om kongekrabbeforvaltninga, underforstått at prinsippet om «mest plaga» skal gjelda. Men komiteen er òg samla i synet på ulik gradering av plagene av kongekrabben, og at plagene minkar jo lenger vest ein kjem – akkurat som statsråden òg påpeika.

Kongekrabben er komen til Troms, og havressurslova slår fast at fiskeressursane tilhøyrer det norske folk i fellesskap. Statsråden, Høgre og Framstegspartiet ser bort frå dette med «mest plaga» og går inn for at heile Finnmark skal få sleppa inn i krabbefisket utan at konsekvensane skal synleggjerast. Når ein forlèt prinsippet om «mest plaga», kvifor avgrensa det til Finnmark fylke?

Statsråd Per Sandberg []: Jeg er godt kjent med at til og med fiskere i Trøndelag ønsker å delta i kongekrabbefisket, så jeg har fått kritikk derfra også. Men så vil jeg understreke at dette er et representantforslag som er fremmet av stortingsrepresentanter, og er ikke – som saksordføreren var inne på – et forslag fra undertegnede. Dette er et forslag som er fremmet i Stortinget. Det er klart at man kan gjerne gradere det, men ut fra – og jeg gjentar – den inntjeningen som eksisterte i 2016 kontra det man la til grunn i 2015, og ut fra konsekvensene i forhold til prinsippet om størrelsen på kvotene, som er betydelig større nå, så er det det som ligger til grunn for at man kan utvide i mye større grad.

Ingrid Heggø (A) []: Inntening og høg kvote har nær samanheng, og fjorårets høge krabbekvote vart sett i samråd med forskarane, i motsetning til årets høge kvote, som er sett såpass høgt trass i at forskarane anbefalte eit lågare tal. Kan statsråden seia kva han byggjer årets kvotetal på?

Statsråd Per Sandberg []: Kvotene er godt begrunnet når det gjelder det som er satt for 2017. Det viser også resultatet for 2016, og det vil vise seg også i 2017. Det blir jo gitt uttrykk for også fra talerstolen fra representanter at problemet kanskje er vesentlig større enn det vi faktisk var klar over. Derfor tror jeg også at både departementet og Stortinget har truffet rimelig bra når det gjelder høsting og fangst av kongekrabbe i Finnmark.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Eg forstår det slik på fiskeriministeren at dersom ein er litt plaga i Altafjorden, skal ein kunne dra til Sør-Varanger for å fiske – at det er det som er prinsippa ein legg opp til. Det er grunn til å pirke litt i det. Ministeren er jo veldig opptatt av at grenser skal brytast, av å oppheve grenser på mange andre område innanfor fiskeri, men akkurat her skal fylkesgrensene bestå. Der er det sånn at med ein gong ein kjem på noko som luktar Kvænangen, skal det stoppe opp. Kva er prinsippet statsråden byggjer på – at det skal stoppe akkurat i Finnmark og ikkje gå nedover i Troms?

Statsråd Per Sandberg []: Jeg har ikke fremmet noe forslag her. Det er Stortinget som har fremmet et forslag. Nå skal jeg utrede dette med bakgrunn i det som blir vedtatt i Stortinget i dag, og da kan jeg gjerne også utrede konsekvensene av å gå lenger nedover, og ta med Troms, Nordland – og Trøndelag også for den del – og lage ulike modeller av det. Men i dag følger jeg prinsippet som ligger fast, at det er de som har byrden, som skal ha fangsten.

Så er jeg villig til å trekke det utover og fjerne grensen i Finnmark, fordi jeg ser at også i Vest-Finnmark har man utfordringer og byrder med det, som sier at kvotene har blitt så høye nå, inntjeningen har blitt så høy nå, at man også i Øst-Finnmark vil ha inntjening nok i forhold til konsekvensene man har av kongekrabben. Jeg tror at vi kan bruke noe av inntjeningen opp mot å slippe flere til fra Vest-Finnmark, for at de også skal få en kompensasjon i forhold til de byrdene de har. At man har disse byrdene i Troms i like stor grad som i Vest-Finnmark eller i Øst-Finnmark, er jeg litt usikker på, men det kan jeg gjerne utrede.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Da høyrer eg statsråden sånn at det han sa om at han støtta det med heile Finnmark, det er berre delvis riktig. Han er eigentleg open for å utvide heile området ut ifrå ulempeprinsippet som skal liggje til grunn. Det er vi veldig opptatt av, at her må vi ha ein ordentleg ulempegjennomgang for å sjå på kor store problema er rundt omkring før vi begynner å tøyse til dette.

Men det er éin ting eg lurer veldig på. Kvotane har vist seg å vere for låge, det har fiskarane sagt. Her er det eit samarbeid mellom fiskarar og forskarar som må til. Det er på ein måte kjeldene, det er dei som er i dette kvar dag. Dei har sett at det er altfor låge kvotar. Det ligg føre eit forslag frå partikameratane til statsråden om at ein skal heve kravet for å delta i dette fisket. Men samtidig seier statsråden at vi treng fleire folk til å drive på med dette fisket. Men hever ein kravet, får ein jo ikkje fleire folk. Korleis får ein dette til å hengje på greip?

Statsråd Per Sandberg []: Det henger sammen med det som jeg tror jeg har sagt tre eller fire ganger nå. Som også representanten peker på, har kvotene blitt betydelig større. Inntjeningen har blitt betydelig høyere. Det man eventuelt måtte tape på annet fiske, skal man kompenseres for. Og når inntjeningen har blitt så stor på kongekrabbe, er det lettere å kompensere for det man taper på ordinært fiske. Det gjelder også, mener jeg, i Vest-Finnmark nå.

Og selv om representanten Knag Fylkesnes ønsker at jeg skulle ha sagt det, har jeg ikke foreslått å inkludere Troms, Nordland og Trøndelag. Jeg har ikke foreslått noe i denne saken. Dette er et representantforslag. Jeg har sagt at jeg deler tankene til de representantene som har fremmet dette forslaget om å inkludere Vest-Finnmark.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Når statssekretæren til statsråden går ut og seier at han vil inkludere heile Finnmark, var det sagt som privatperson, eller var det sagt som statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet?

Statsråd Per Sandberg []: Jeg regner med at når statssekretæren har uttrykt under et foredrag at han deler tankene om å inkludere Vest-Finnmark, så står vel statssekretæren bak det.

Presidenten: Dermed er replikkordskiftet omme.

De talere som heretter får ordet, har en taletid på inntil 3 minutter.

Ingrid Heggø (A) []: Komiteen har hatt ein lang dag, og vi er vel faktisk eit kvarter inn i den høyringa vi skulle ha begynt òg, så eg skal vera kort.

Eg vil ta opp det med konsultasjon og Sametinget: Det er heilt riktig at Sametinget bad om at det var komiteen som skulle ha denne konsultasjonen. Dette diskuterte vi i komiteen, om vi – for det første – kunnegjera det i komiteen, og det kom vi fram til at vi kunne, og – for det andre – om vi skullegjera det. Då kom vi fram til at nei, vi ville be regjeringa stå for konsultasjonen. Men dette var før representanten Davidsen kom inn i komiteen, det var medan Bakke-Jensen var medlem i komiteen, så ho er unnskyldt, for ho kunne ikkje vita det.

Komiteen konkluderte som sagt med at det var best og mest riktig at det var regjeringa som stod for dette, og eg må berre tilstå at eg trudde det var gjort, og eg bad om å få ein kopi av protokollen. Det var då vi fekk protokollen, at vi vart klare over at konsultasjonen ikkje var gjennomført på riktig måte, for der går det veldig tydeleg fram at dette måtte verta sett på som ein samtale og ikkje som ein konsultasjon. Den kopien har alle i komiteen fått, så den er det heller ikkje noko problem for Davidsen å få tak i.

Men eg skal ikkje bruka meir tid på å snakka om snøen som fall i fjor. Eg vil berre oppmoda om det som ein samla komité no har sagt veldig klart ifrå om, at for ettertida skal konsultasjon gjennomførast i slike saker, og det er det viktig at ein tek med seg. Då må ein sørgja for at dei formelle krava til ein konsultasjon er oppfylte, for det vart nemleg gjort i kongekrabbemeldinga til Solberg-regjeringa. Der står det heilt tydeleg at konsultasjon er gjennomført, og det må vi òg forventa står i ei ny sak som kjem frå regjeringa si side.

Kirsti Bergstø (SV) []: Denne saken er preget av et salig kaos. Nå er jo ikke blått kaos noe nytt etter tre år med Høyre og Fremskrittspartiet i regjering, men kaoset sprer seg når vår blå åker rammes. Det er få ting som har fått telefonen min til å koke mer enn krabbeflokkene på bunnen av Varangerfjorden enn denne saken, for fiskerne er oppgitt, fiskerne er fortvilt, og fiskerne har vært forvirret. Og det er ikke så rart når statssekretær Berg varsler et representantforslag fra Stortinget på et arrangement i hjemfylket. Jommen sa jeg styring! Det er spesielt når regjeringsapparatet varsler initiativ fra Stortinget, og da er det forståelig at folk blir forvirret. Forslaget ville vært et grunnleggende brudd med et av hovedprinsippene i krabbeforvaltningen, nemlig at de som bærer den største byrden – i form av ødelagte garn, i form av dårligere forhold for fisket – også skal få den største gevinsten.

Da er det ikke rart at fiskere har blitt fortvilt, for de vet så veldig, veldig godt hva det er plass til i fjordene, og hva det ikke er plass til. Krabbefisket fortrenger i dag ordinært fiske, og det er ikke bare på grunn av krabben i seg selv, man vet at også teinene tar plass. Og da er det ikke rart at fiskerne og folk langs fjordene blir oppgitt. For det er et spørsmål om forutsigbarhet, det er et spørsmål om hvilke signaler man skal sende til dem som er interessert i å investere i næringen, og dem som er interessert i å gå inn i yrket.

Så må jeg si at det er positivt at Måsøy innlemmes. Det er i tråd med noe Finnmark SV har jobbet for. Det er bra at komiteen har klart å samle seg om det. Det er også bra at de partiene som tidligere har varslet at de støtter statssekretæren, representantene, regjeringen – alt ettersom hvem som snakker – sitt forslag, nå har sett på fakta, har hørt på fiskerne i øst og snudd. Jeg ønsker å gi en stor takk til de partiene som faktisk har sett de alvorlige konsekvensene forslaget ville gitt.

Så håper jeg at signalene nå kan være entydige, og at det blå kaoset i fiskeripolitikken snart kan stilnes.

Laila Davidsen (H) []: Når det framkommer ukorrekt informasjon fra talerstolen, finner jeg det betimelig å kommentere det. Representanten Heggø har helt siden komiteens innstilling ble fremmet, hevdet at Fremskrittspartiet og Høyre er imot at Måsøy skal få delta i kvotefisket, og det ble også påstått av samme representant i denne salen i hennes replikk til statsråden. Så la meg slå det fast: Både Høyre og Fremskrittspartiet er for at Måsøy skal få delta i dette fisket. I det opprinnelige forslaget ønsket vi at hele Vest-Finnmark skulle få delta – naturligvis da også Måsøy, som er en del av Vest-Finnmark. I den grad Heggø i framtiden vil referere til andre partiers politikk, ville det faktisk vært en fordel at det var korrekt.

Den protokollen representanten Heggø henviser til, har jeg jo lest, og det var vel i nettopp den vi kunne få lov til å se at Sametinget ønsket en samtale med næringskomiteen.

Statsråd Per Sandberg []: Først til representanten Bergstø, som er inne på at det skaper forvirring. Ja, og forvirringen er kanskje skapt av politikere, gjennom bl.a. å gi inntrykk av å støtte et forslag om å inkludere Vest-Finnmark. Det er også enkelte vedtak gjort av politiske partier i Finnmark som har lagt til grunn at man skal inkludere Vest-Finnmark. Som jeg sa i mitt i hovedinnlegg: Da jeg ble kjent med at det var et flertall i Stortinget for å inkludere Vest-Finnmark i desember, satte jeg faktisk midlertidige kvoter i påvente av vedtak i Stortinget, av respekt for Stortinget. Så det er den forvirringen som eksisterer. Det kan jo ikke være forvirrende at to stortingsrepresentanter fremmer et representantforslag. Etter 18 år i Stortinget vet jeg ikke hvor mange representantforslag jeg har fremmet, og hvor mange som blir fremmet, men det er jo demokratiet i så måte.

Når det gjelder å konsultere Sametinget: Jeg har sittet og lest prosedyrer og retningslinjer for konsultasjoner med Sametinget. Jeg kan ikke se at jeg har brutt noe eller gjort noe når det gjelder disse prosedyrene, som skulle være kritikkverdig. Men representanten Heggø har helt rett i at hvis dette hadde vært en sak jeg hadde fremmet, hvis det hadde vært en sak jeg hadde utarbeidet og fremmet for Stortinget, skulle det selvfølgelig bare manglet om jeg ikke skulle hatt konsultasjoner og fått underskrift når det gjelder det.

Dette er et forslag fra Stortinget, og jeg har hatt samtaler – både politisk og administrativt – med Sametinget. Når det gjelder spørsmålene om både utvidelse av området for fangst av kongekrabbe og aktivitetskravet, har Sametinget svart på det i høringen.

Men jeg er jo helt enig med representanten Heggø: Nå gjelder det å se framover. Jeg skal gjøre det som er aldeles nødvendig for at Stortinget neste gang er best mulig forberedt, når det gjelder både kunnskap og konsekvenser knyttet til både å utvide området for å fangste og aktivitetskravet. Da legger jeg til grunn at flertallsinnstillingen får flertall.

Oskar J. Grimstad (FrP) []: Eg må seie det høyrest underleg hult ut når Arbeidarpartiet går på talarstolen og seier at dette har vore ei underleg sak – i alle fall når representanten Heggø skuldar på oss som har vore forslagsstillarar, og behandlinga i departementet. Det var ein periode det var eit fleirtal, og det var då raud-grøn side slutta seg til at Vest-Finnmark skulle vere med. Det gjorde at saka blei utsett, og så enda ho slik ho har gjort. Eg registrerte også at Senterpartiet tok sjølvkritikk i sitt innlegg her frå talarstolen. Då må ikkje Arbeidarpartiet vere så opptatt av å kritisere at ein ikkje adresserer rett, for den adressa som representanten Heggø sende det til, er berre feil. Det blå kaoset, som representanten Bergstø viste til, er det faktisk dei raud-grøne sjølve som har bidrege til. Verken slik eller sånn har det vore frå vår side.

Når ho snakkar om blått kaos og fiskarar som ønskjer seg føreseielege forhold, kan vi forstå det. Verda er i endring. Men det var jo også slik at fiskarar frå aust ønskte velkomen fiskarar frå Vest-Finnmark, så bildet er ikkje så eintydig som ein forsøkjer å gi inntrykk av.

No må SV snart bestemme seg. Representanten Knag Fylkesnes, som gjekk fram hit, sa følgjande: Vi får nesten ikkje fiska nok kongekrabbe. Ja vel, korleis klarer vi å fiske nok kongekrabbe og sørgje for at desimeringa blir verknadsfull, og at ikkje krabben utvidar sitt område? Jo, det er ved at fleire får fiske, eller ved at ein driv eit meir intensivt fiske. Det var bakgrunnen for vårt forslag om å utvide områdetilgangen. Eg trudde at det var eit mål også for SV at den svartelista krabben, som gir både god betaling og gode inntekter, ikkje skulle gå lenger nedover kysten.

Som det har blitt referert til her frå talarstolen, har problemet blitt større og større. Det er ein diskusjon om kva som er realitetane: Er det fiskarane sine skildringar av situasjonen eller er det forskarane sine? Eg registrerer at enkelte snakkar om at vi no må ha kunnskapsorientert forvaltning, og då er det forskarane det blir lagt vekt på. Men denne gongen er det fiskarane det blir lagt vekt på, så ein er ikkje føreseieleg i argumentasjonen når det gjeld kven ein skal stole på med tanke på forvaltninga.

Eg må seie at SV sin måte å argumentere på i denne samanhengen er mildt sagt forvirrande.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Det må eg seie var eit ganske forvirrande innlegg frå Grimstad.

1: Det kjem ein statssekretær for statsråden her og varslar at no skal ein utvide området for deltaking i det kommersielle fisket i aust til heile Finnmark.

2: Det blir presisert at dette forslaget vil ikkje kome frå denne statssekretæren, det vil kome frå andre.

Vi sit spente: Kven kjem det frå? Kjem det frå den representanten, kjem det frå den representanten? Det er full forvirring på Stortinget. Da kan ein tenkje seg korleis det er rundt omkring på bruka langs kysten. Så kjem det fram: To representantar har føreslått omtrent det som det statssekretæren har kome med. Vi lurer på: Er dette politikken til regjeringa? Korleis kan det skje at ein statssekretær plutseleg kjem og varslar at her skal det kome ei sak, og så kjem ho gjennom Stortinget?

Så kjem statsråden her i dag og fortel at slik er demokratiet – slik har det blitt: Statsråden sender statssekretærane ut og varslar at det skal kome saker gjennom stortingsrepresentantar.

Så blir det plutseleg starta ei utgreiing av fiskeriministeren sjølv – parallelt med dette. Etter kvart blir det også innleidd ein konsultasjon med Sametinget, mens vi har dette til behandling – inn mot jula. Finn éin feil i dette! Ein vil finne mange, så forvirringa er komplett og total.

Representanten Grimstad er opptatt å få fiska dette opp. Det har aldri vore slik i norsk fiskeriforvalting at det berre har vore opplysningar frå forskarar som har bestemt korleis forvaltinga skal vere. Ein har alltid brukt også folk på havet som ein del av kunnskapsinnhentinga. Slik er det.

Det er berre éin ting å gjere her. Det er å auke kvotane når ein ser at det rett og slett har blitt for mykje kongekrabbe. Det er problemet – ikkje at det er for få fiskarar. Problemet er at det har vore for låge kvotar.

Berre for å skape enda meir tvil om Grimstads intensjonar: I hans forslag ligg det at ein skal auke kravet for å kunne delta i dette fisket. Det skal altså bli vanskelegare å kome inn i dette fisket. Det skal vere litt større aktørar som skal kome inn i dette, som skal dominere dette fiskeriet. Viss poenget er å få fleire til å fiske kongekrabbe, må ein ha låge krav, og – ikkje minst – da kan ungdomen kome til.

Kva er det som skjer, som statsråden reiser rundt omkring og stolt fortel? Kva er det som no skjer i norsk fiskeri, og spesielt i Aust-Finnmark? Det er ungdomen som kjem inn. Kva er grunnen til det? Kongekrabba er ein enorm grunn til det. La det vere!

Statsråd Per Sandberg []: Bare en kort replikk – kanskje – til representanten Knag Fylkesnes.

Demokratiet består i at de øverste folkevalgte i dette landet i denne sal – jeg gjentar, i denne sal – fremmer forslag. Det er grunnmuren i demokratiet vårt. Så prøver Knag Fylkesnes å gjøre narr av det. En statssekretær fremmer ikke noe forslag i denne salen. Det trodde jeg Knag Fylkesnes visste. Det er representantene i denne salen som fremmer forslag. Hvis representanten Knag Fylkesnes synes at det er ille – ja da er det en utfordring. At en statssekretær signaliserer på et møte et eller annet sted at det kommer et forslag i Stortinget om den ene eller den andre saken, er ikke relevant – hvis man er kjent med at det vil bli fremmet forslag i denne salen. Man kan være kjent med at det blir fremmet forslag fra SV, man kan være kjent med at det blir fremmet forslag fra Arbeiderpartiet. Det som Knag Fylkesnes har problemer med, er at han ikke aksepterer at andre representanter i denne sal fremmer egne forslag, mens han selv kan gjøre det – da er det helt greit.

Han innledet denne debatten med å kalle et forslag fra representanter i denne salen for cowboyforslag. Det sier noe om representanten Knag Fylkesnes, og det sier noe om SVs syn på demokratiet og på dette huset.

Presidenten: Representanten Torgeir Knag Fylkesnes har hatt ordet to ganger tidligere og får ordet til en kort merknad, begrenset til 1 minutt.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Det var eit ganske spesielt innlegg å høyre. Det er statssekretær Berg som lanserte dette forslaget. Sånn var det. Så kom representantane Grimstad og Bakke-Jensen med sitt forslag vesentleg seinare. Det var den store lanseringa. Eg var i det møtet. Sånn skjedde det. Det var ikkje dei folkevalde – som statsråden her er så opptatt av – som lanserte dette. Det var statssekretæren til statsråden. Da treng ein ikkje å vere så ekstremt god i matte for å leggje saman to og to her for å skjøne kvar dette kjem ifrå. Viss det er den typen demokrati ein er ute etter her, at til og med representantforslaga som kjem inn til Stortinget, skal vere styrte av statsråden, da er ein på ville vegar.

Elles ønskjer eg hjarteleg velkomen alle gode representantforslag som skulle kome, spesielt innanfor fiskeri.

Presidenten: Representanten Oskar J. Grimstad har hatt ordet to ganger tidligere og får ordet til en kort merknad, begrenset til 1 minutt.

Oskar J. Grimstad (FrP) []: Representanten Knag Fylkesnes har ei verkelegheitsoppfatning som mildt sagt er underleg. Han beskriv ei verkelegheit basert på sine eigne evner til å tolke både det som blir sagt herifrå, og det som er langt frå realitetane.

Det som er realitetane, er at vi har vore aktivt med i ein debatt om ein skulle utvide fisket vestover, og har konkludert med at det er hensiktsmessig å få tatt opp den debatten i Stortinget. Så vi laga eit representantforslag og orienterte naturlegvis våre folk i departementet om at vi ville fremje eit representantforslag, og at det ville bli ordlagt slik og slik, i tråd med det som er lagt fram. At ein statssekretær då refererer det på eit møte, var vi heilt klar over og syntest var heilt greitt. Å snu om på denne problemstillinga slik som Knag Fylkesnes har gjort i denne saka, det er skamlaust.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.