Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte torsdag den 10. desember 2015 kl. 9

Dato:
President: Olemic Thommessen

Dokumenter: 

Sak nr. 2 [09.05.32]

Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om svalbardbudsjettet 2016

Votering i sak nr. 2

Komiteen hadde innstilt:

I

På statsbudsjettet for 2016 bevilges under:

Utgifter
1Svalbard kyrkje
1Driftsutgifter4 680 000
3Tilskot til Longyearbyen lokalstyre
70Tilskot til Longyearbyen lokalstyre158 405 000
4Tilskot til Svalbard museum
70Tilskot til Svalbard museum11 924 000
5Sysselmannen (jf. kap. 3005)
1Driftsutgifter52 478 000
6Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)
1Driftsutgifter193 640 000
7Tilfeldige utgifter
70Diverse tilskot1 500 000
9Kulturminnetiltak
1Driftsutgifter1 917 000
11Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard
1Driftsutgifter1 645 000
17Refusjon til Norsk Polarinstitutt
50Refusjon3 432 000
18Navigasjonsinnretningar
1Driftsutgifter6 700 000
19Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen
1Driftsutgifter7 098 000
20Statbygg Svalbard (jf. kap. 3020)
1Driftsutgifter3 811 000
45Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast0
22Skattekontoret Svalbard
1Driftsutgifter3 685 000
Sum Svalbardbudsjettet
Sum departementets utgifter450 915 000
Inntekter
3005Sysselmannen (jf. kap. 5)
1Diverse inntekter200 000
2Refusjonar m.v.2 700 000
3006Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)
1Leigeinntekter0
3009Kulturminnetiltak (jf. kap. 9)
1Diverse inntekter0
3020Statsbygg Svalbard (jf. kap. 20)
1Diverse inntekter0
3022Skattekontoret Svalbard (jf. kap. 22)
1Diverse inntekter280 000
3030Skattar og avgifter
70Skattar m.m.139 300 000
71Utførselsavgift4 500 000
72Utmålsgebyr, årsavgift1 044 000
3035Tilskot frå statsbudsjettet
70Tilskot302 891 000
Sum Svalbardbudsjettet
Sum departementets inntekter450 915 000

II

§ 1 Bruksområde for vedtaket

Dette vedtaket gjeld utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2016 etter føresegnene i lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard. Vedtaket gjeld òg som grunnlag for utskriving av forskot på skatt for inntektsåret 2015, jf. lov om skatt til Svalbard § 5-1.

§ 2 Skatt på formue

Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Personleg skattepliktig og dødsbu:

Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats)

  • b) Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2:

Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.

§ 3 Skatt på inntekt

Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2:

  • Låg sats: 8 pst.

  • Høg sats: 22 pst.

  • b) 27 pst. av den delen av selskapsoverskot som er høgre enn 15 mill. kroner, og som overstig summen av

  • 10 gonger kostnadene til løn som blir skattlagt ved lønstrekk

  • 0,20 gonger skattemessig verdi av anlegg, fast eigedom og annan realkapital som er på Svalbard ved utgangen av inntektsåret.

  • c) Anna inntekt: 16 pst.

Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som er omfatta av c. på 20 000 kroner.

§ 4 Avrundingsreglar

Ved utrekning av skatt skal formue og inntekt avrundast nedover til næraste heile krone.

§ 5 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold

Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

§ 6 Aksjonær i utlandet

Skatt på utbytte m.v. etter skattelova § 10-13, jf. svalbardskattelova § 3-1, er fastsett til 20 pst.

§ 7 Inntekt etter svalbardskattelova § 6-3

For inntekt som blir skattlagt etter svalbardskattelova § 6-3, skal satsen vere 8 pst.

III

Bestillingsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Justis- og beredskapsdepartementet i 2016 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner ut over den totale løyvinga som er gitt under kap. 5 post 1 på svalbardbudsjettet.

IV

Meirinntektsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Justis- og beredskapsdepartementet i 2016 kan overskride løyvinga under

  • 1. kap. 5 post 1 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3005 post 2.

  • 2. kap. 6 post 1 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3006 post 2.

  • 3. kap. 9 post 1 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3009 post 1.

V

Meirinntektsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2016 kan overskride løyvinga under kap. 20 post 1 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3020 post 1.

VI

Meirinntektsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2016 kan overskride løyvinga under kap. 22 post 1 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3022 post 1.

VII

For budsjetterminen 2016 skal det svarast avgift til statskassen av kol som blir utført frå Svalbard, etter følgjande satsar:

1,0 prosent av verdien for dei første 100 000 tonna,

0,9 prosent av verdien for dei neste 200 000 tonna,

0,8 prosent av verdien for dei neste 300 000 tonna,

0,7 prosent av verdien for dei neste 400 000 tonna,

0,6 prosent av verdien for dei neste 500 000 tonna,

0,5 prosent av verdien for dei neste 600 000 tonna,

0,4 prosent av verdien for dei neste 700 000 tonna,

0,3 prosent av verdien for dei neste 800 000 tonna,

0,2 prosent av verdien for dei neste 900 000 tonna,

0,1 prosent av verdien for dei neste 1 000 000 tonna.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.