Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte torsdag den 16. juni 2016 kl. 10

Dato:
President: Olemic Thommessen

Dokumenter: 

Sak nr. 3 [14:31:42]

Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2016 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2016 mv.)

Talere

Votering i sak nr. 3

Votering i sak nr. 3

Presidenten: Under debatten har Eirin Sund satt fram et forslag på vegne av Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget bed regjeringa ved neste revisjon av hovudtariffavtalen i 2018 gjennomføre lønsoppgjeret i staten slik at resultatet blir fire likelydende hovudtarifavtalar, slik at det blir éin hovudtariffavtale gjeldande for alle arbeidstakarar i det statlege tariffområdet uavhengig av organisasjonstilknyting.»

Votering:Forslaget fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti ble med 59 mot 41 stemmer ikke bifalt.(Voteringsutskrift kl. 22.04.07)Komiteen hadde innstilt:

I

I statsbudsjettet for 2016 blir det gjort følgjande endringar:

2315Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet
1Driftsutgifter, blir løyvd med1 434 000 000
050221Lønsoppgjeret i staten, tariffavtalte avsettingar. Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under kap. 0502 post 70, blir løyvd med1 000 000
70Tilskot til kompetanseutvikling mv., kan overførast, kan nyttast under kap. 0502 post 21, blir løyvd med16 500 000
71Tilskot til midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde (OU-midlar), blir auka med6 600 000
frå kr 174 400 000 til kr 181 000 000

II

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2016 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av Akademikerne i samsvar med forhandlingsforslaget i protokoll av 1. mai 2016.

III

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2016 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av LO Stat, Unio og Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund Stat i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 26. mai 2016.

IV

For embets- og tenestemenn som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romartal II og III, og difor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsett i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romartal III gjelde. Embets- og tenestemenn som er tekne ut av hovudtariffavtalene, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.

V

Stortinget samtykkjer i at Kongen på vegne av staten kan bringe tvistar i samband med tariffoppgjeret i staten i 2016 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med lov om offentlege tenestetvistar av 18. juli 1958 § 31, andre ledd.

VI

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei av departementet sine postar som har lønsløyving.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.