Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 6. april 2016 kl. 10

Dato:
President: Olemic Thommessen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 21

Presidenten: Dette spørsmålet, som i utgangspunktet er fra representanten Geir Pollestad til landbruks- og matministeren, vil bli tatt opp av representanten Janne Sjelmo Nordås.

Janne Sjelmo Nordås (Sp) [13:28:52]: «Stortinget har vedtatt en ny jordvernstrategi som innebærer et mål om at mindre matjord skal bygges ned.

Hvordan blir det nye jordvernmålet fulgt opp av regjeringen?»

Statsråd Jon Georg Dale [13:29:08]: Regjeringa la fram jordvernstrategien sin i juni 2015 og er i gang med gjennomføringa av han. Det gjer vi i tråd med Stortinget sine vedtak.

Stortinget behandla denne jordvernstrategien og fatta oppmodingsvedtak i desember 2015, med andre ord for om lag fire månader sidan. Eit samla storting vedtok eit mål om at den årlege omdisponeringa av dyrka mark skal under 4 000 mål innan 2020, og at dette målet skal ein nå gradvis. Stortinget har bede om rapportering på dette i samband med revidert nasjonalbudsjett. Mitt svar må difor sjåast på som foreløpig og ikkje uttømmande. Uttømmande svar vil verte lagt fram for Stortinget i tråd med eige vedtak.

Eg vil også minne om at det i perioden med raud-grøn regjering, altså i åra frå 2004 til 2013, i snitt vart omdisponert 7 600 mål årleg, altså nesten det dobbelte av det nye målet. Omdisponeringa av dyrka mark har dei siste åra vist ein fallande tendens, og var i 2014 på 5 710 dekar, altså under det målet som den førre regjeringa hadde sett, på 6 000 dekar. Det endelege resultatet for 2015 kjem i juni, men foreløpig tyder tala på at vi også i 2015 vil liggje under gjennomsnittet frå den tida då Senterpartiet sat i regjering. Det er eg tilfreds med.

Etter at Stortinget vedtok det nye målet, har eg sendt brev til alle kommunane, fylkeskommunane og fylkesmennene om målet og peika på den rolla som dei har i planlegginga. Eg meiner at eit slikt brev er eit sterkt signal til kommunane og fylkeskommunane om at jordvern er eit viktig omsyn å sikre, og eg har tillit til og forventningar om at dei følgjer det opp.

Eg har allereie gjeve i oppdrag til fylkesmennene gjennom tildelingsbrevet for 2016 å gjennomføre eit skuleringsopplegg for lokalpolitikarar, og eg vil i tida framover møte KS for å følgje opp med omsyn til korleis vi konkret i fellesskap kan samarbeide for å nå dei aktuelle måla.

Eitt av dei aller viktigaste tiltaka for strukturelt å styrkje jordvernets posisjon gjeld spørsmålet om kommunestruktur. Auka fart i endringar av kommunestrukturen vil bidra til i større grad å leggje grunnlaget for å nå jordvernmåla. Eitt eksempel på dette er kommunane Hå, Klepp og Time, som konkret har sett nye forventningar om å sikre jordvernet dersom ein faktisk slår seg saman til éin samla kommune. Dersom Senterpartiet også i praksis er oppteke av jordvernet, er eitt av dei fremste bidraga faktisk å få til ei reformering av kommunestrukturen. Det vil vere eit kjempepositivt bidrag frå Senterpartiet for å bidra til styrkt jordvern. Framfor å stikke kjeppar i hjula for den prosessen som no føregår, kunne svaret ha vore at ein faktisk bidrog. Det hadde vore langt meir konstruktivt.

Janne Sjelmo Nordås (Sp) [13:32:17]: Statsråden var innom flere elementer her. Jeg skal gå til det ene, at Stortinget viste til at man trengte å følge opp overfor kommunene og forvaltningen når det gjelder Stortingets jordvernmål, altså at Stortinget ba statsråden gjøre det.

Det brevet som statsråden selv refererte til, var lite konkret. Vil statsråden, sammen med andre berørte statsråder, sende et mer forpliktende rundskriv – sammen med kommunalministeren?

Statsråd Jon Georg Dale [13:32:50]: Når eg kommuniserer tydeleg i brevet at eg har tillit til at kommunane følgjer opp, er det med ei betydeleg forventning til kommunesektoren. Eg meiner det er meir enn tilstrekkeleg at eg har sendt det brevet, og eg meiner at kommunane med det har fått ei tydeleg bestilling på å sikre det omsynet som Stortinget har bedt om.

Så meiner eg at dersom vi skal gå inn i jordverndiskusjonen litt breiare, må vi også sjå på ein av dei andre tinga Stortinget sa noko om, nemleg forholdet til nydyrking av areal. I 2014 tillét vi nydyrking av tre gongar så mykje areal som vi tillét nedbygt. Det viser at det er ein enorm iver etter å nydyrke areal, fordi det er mange bønder som under denne regjeringa har tru på at det er grunnlag for jordbruksproduksjon i mange år framover og med det satsar på nydyrking. Det må vi også ha med oss i diskusjonen.

Janne Sjelmo Nordås (Sp) [13:33:48]: Statsråden kommenterte selv antallet dekar omdisponert matjord i 2015. Man sammenligner tallet for 2015 med snittet av samlet omdisponering under forrige regjering. Jeg antar at statsråden vet at det er en langsiktig utvikling, og tallene viser at den positive trenden er snudd i negativ retning under denne regjeringen.

Statsråden forklarer at økningen i nedbygging av matjord er en følge av vedtaket om ny kampflybase. Hvor har statsråden tatt ideen om at denne typen prosjekt skal holdes utenfor beregningen? Vet han at denne typen prosjekt må håndteres innenfor Stortingets jordvernmål?

Statsråd Jon Georg Dale [13:34:37]: Premissen for spørsmålet er og vert feil. Når vi har konkrete tal frå utgangen av 2014 som viser at nedbygginga går ned under denne regjeringa, men berre førebelse tal for 2015, har ein ikkje grunnlag for å seie at det no trekkjer i feil retning. Ein må vente på dei endelege tala før ein kan seie noko om det. Eg har sagt at ein del av forklaringa er at vi har gjort eit vedtak i Stortinget, og det er den andre viktige delen av diskusjonen. Stortinget vedtek mange utbyggingsprosjekt, anten det gjeld kampflybase, areal til vegar eller utbygging av logistikk i og rundt dei store byane f.eks. Stortinget gjer faktisk konkrete vedtak om det. Nokre av vedtaka medfører nedbygging av areal, og eg seier at det er ein del av forklaringa, utan at det påverkar det målet som Stortinget har sett. Men i den offentlege debatten må det vere rom for faktisk å peike på nokre av verknadene av Stortingets vedtak i stort, også når dei bidreg til å utfordre dei andre vedtaka Stortinget har fatta.

Presidenten: Da er sak nr. 2 ferdigbehandlet.

: