Stortinget - Møte tirsdag den 16. juni 2015 kl. 10
President: Olemic Thommessen
Dokumenter:
Sak nr. 2 [15:02:29]
Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2015 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2015 mv.)
Votering i sak nr. 2
I
I statsbudsjettet for 2015 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
2315 | 1 | Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet. Driftsutgifter, vert løyvd med | 413 000 000 |
0503 | 70 | Midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde. Tilskot, vert auka med | 8 200 000 |
frå kr 166 200 000 til kr 174 400 000 | |||
II
Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2015 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat i samsvar med forhandlingsforslaget i protokoll av 30. april 2015.
III
For embets- og tenestemenn som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romertall II og difor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsett i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romertall II gjelde. Embets- og tenestemenn som er tekne ut av hovudtariffavtala, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.
IV
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.
Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.