Stortinget - Møte onsdag den 11. juni 2014 kl. 10
Sak nr. 1 [10:00:26]
Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om investeringar i Forsvaret
Votering i sak nr. 1
Komiteen hadde innstilt:
Stortinget samtykkjer i at Forsvarsdepartementet i 2014 kan:
1. starte opp nye investeringsprosjekt, medrekna større eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt, omtala i kapitla 2 og 4 i den framlagde proposisjonen, innanfor dei gjevne kostnadsrammene.
2. endre tidlegare godkjent investeringsprosjekt, omtala i kapittel 3 Tidlegare godkjent eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt – godkjenning av endring av omfang og kostnadsramme, i den framlagde proposisjonen, innanfor den gjevne kostnadsramma.