Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 5. juni 2013 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Elisabeth Aspaker til kunnskapsministeren, vil bli besvart av miljøvernministeren på vegne av kunnskapsministeren.

Elisabeth Aspaker (H) [11:21:27]: Solhjell er sånn superreserve i dag. Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kunnskapsministeren:

«NIFU har nylig presentert en rapport som viser at lærerstudenter gjennomgående får for dårlig digital opplæring. Syv år etter kunnskapsløftet har ennå ikke lærerutdanningene tilpasset sine studietilbud til de kompetansekravene de nye læreplanene krever.

Hva vil statsråden gjøre for å sikre at lærerutdanningene kommer à jour med de kravene som stilles til nyutdannede lærere når det gjelder opplæring av elever i digitale ferdigheter, en av de fem grunnleggende ferdighetene?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:22:08]: Lærarutdanningane er gjennom forskrift pålagde å forberede studentane på opplæring i digitale ferdigheiter. Det er derfor alvorleg at det arbeidet ikkje har kome lenger.

Kunnskapsministeren tek rapporten på største alvor, og det vert no arbeidd med ei oppfølging overfor lærarutdanningane.

Digitale ferdigheiter er, som representanten seier, ei av fem grunnleggjande ferdigheiter. Det er samtidig viktig å understreke at nokre lærarutdanningar arbeidar godt med å styrkje det digitale perspektivet i utdanningane. Det må understrekast at å sikre lærarstudentane digitale ferdigheiter er eit leiingsansvar ved universiteta og høgskulane våre. Senter for IKT i utdanninga er regjeringa si ressurs på IKT-området. Departementet har hatt eit møte med senteret der dei signaliserte at dei er klare til å intensivere sitt arbeid på det. Det fordrar sjølvsagt eit nært samarbeid med lærarutdanningane. Senter for IKT i utdanninga rapporterer at dei har rokert fem årsverk for m.a. å styrkje merksemda om digitale ferdigheiter i lærarutdanningane.

ProTed er landets nyoppretta senter for framifrå lærarutdanning. ProTed består av lærarutdanningane ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø. ProTed samarbeider allereie med Senter for IKT i utdanninga.

Fredag 24. mai gjennomførte ILS, Institutt for lærarutdanning og skuleforsking, sin første digitale eksamen for sine PPU-studentar. Her har Senter for IKT i utdanninga òg vore inne i biletet. Kunnskapsdepartementet er òg kjent med at Senter for IKT i utdanninga er i kontakt med ei av landets største grunnskulelærarutdanningar for å utvikle feltet ytterlegare. Spreiingseffekten av vellykka prosjekt vil kunne gje ein god modell for korleis dei bør organisere lærarutdanninga generelt. Kunnskapsministeren vurderer å gje landets sju lærarutdanningsregionar eit spesielt oppdrag for å gje digital kompetanse eit løft.

Dagens situasjon er uakseptabel og vil krevje tett oppfølging. Kunnskapsministeren er oppteken av at arbeidet med digital kompetanse må verte forankra sterkare i leiinga ved den enkelte lærarutdanning.

Elisabeth Aspaker (H) [11:24:10]: Det hersker ingen tvil om at IKT er et viktig satsingsområde i Norge, og det er viktig for å få – nær sagt – de fleste sektorer i samfunnet til å fungere. I skolen handler det om å ruste lærerne til å kunne både fornye sin pedagogiske praksis og oppfylle de læringsmålene som ligger i mange lærerplaner knyttet til IKT. Lærerutdanningen er nøkkelen til å lykkes bedre. Den forskningsrapporten som har kommet, er relativt sjokkerende. Hvis vi tenker på at det er seks år siden reformen trådte i kraft, men faktisk nesten ni år siden Stortinget gjorde sitt vedtak, skulle man forutsette at norske lærerutdanninger kunne både lese, høre og fange opp politiske signaler og dermed endre utdanningen, slik at de utdanner fremtidens lærere og ikke gårsdagens lærere.

Når statsråden sier at man skal vurdere å gi lærerutdanningen et spesielt oppdrag, ønsker jeg å utfordre statsråden på ikke bare å vurdere å gi, man må gi lærerutdanningen et spesielt oppdrag.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:25:17]: Eg trur representanten Aspaker skal merke seg at det vart brukt omgrepet «dagens situasjon er uakseptabel» i svaret. Det gjev eit veldig tydeleg uttrykk for at det er teke på alvor og må gjerast noko med. Det var i si tid eit framsynt grep, då ein inkluderte digitale ferdigheiter i dei grunnleggjande ferdigheitene. Det tredde i kraft, det er riktig, men det er ingen tvil om at det var ei større nyvinning, ei større endring og ei større utfordring å gjennomsyre skulverket enn kanskje mykje av det andre som låg i reforma. Så viser dette svaret at ganske mykje er gjort, vi har oppretta eit eige kompetansesenter for det. Dei har allereie begynt – på oppdrag frå regjeringa – å jobbe med lærarutdanninga på dette. Men som det kjem fram av svaret, er det behov for å vurdere om ein skal gje eit spesialoppdrag og ikkje minst ytterlegare arbeid overfor lærarutdanningane for å sørgje for at dei klarer å dra det tungt nok inn i opplæringa. Det er veldig viktig i den tida vi går inn i.

Elisabeth Aspaker (H) [11:26:23]: Jeg synes det er veldig bra at Senter for IKT i utdanningen har fått dette oppdraget. Det er – tror jeg – kjempeviktig at departementet også bruker sin autoritet til å få lærerutdanningene til faktisk å forstå at de – jeg holdt på å si – har forsømt seg siden 2004 og siden Stortinget gjorde sitt vedtak.

Det blir ofte sett til hva som skjer i Sverige, og i Sverige har man faktisk laget et modulbasert system som tar lærerne gjennom den digitale kompetansehevingen som trengs, som kan brukes både for de nyutdannede lærerne som er på vei ut i sektoren, og for de mange lærerne som er i skolen fra før. Selv om lærerutdanningen først og fremst handler om de lærerne vi ennå ikke har fått ut i skolen, har vi mange lærere der ute som trenger kompetanseheving på dette området.

Tror statsråden vi kanskje har noe å lære av Sverige på dette området, hvor man faktisk har laget et program som heter «praktisk IT- och mediekompetens» for å heve kompetansen til lærerne?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:27:28]: Vi har heilt sikkert noko å lære av Sverige på både dette og forskjellige andre område. Eg tek det innspelet med meg tilbake til kunnskapsministeren, om det òg kan vere eit interessant grep å vurdere.

Men eg vil først og fremst understreke at dette er eit svar som viser at situasjonen vert teken på alvor, at beskrivinga av kor vi står er alvorleg, at vi i si tid oppretta eit ressurssenter – det var faktisk eg som gjorde det – for IKT i utdanninga som er vorte eit tungt kompetansemiljø som jobbar med desse problemstillingane, og at kunnskapsministeren òg vurderer å gje dei sju lærarutdanningsregionane eit spesielt oppdrag for å gje digital kompetanse eit løft.

: