Stortinget - Møte onsdag den 28. november 2012 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 7
Hans Olav Syversen (KrF) [11:46:29]: Først kan det være grunn til å gratulere både presidenten og statsråden som skal svare, med nominasjonene i går kveld.
Så til spørsmålet:
«Flere uavhengige trossamfunn har fått avslag på sine søknader om statstilskudd fordi de angivelig har kommet i skade for å sende inn en tom CD ved innsending av medlemslister.
Mener statsråden at en slik streng håndtering av søknader om statsstøtte er i samsvar med prinsippet om at uavhengige trossamfunn av hensyn til trosfriheten bør få sin andel av skattepengene innbetalt av deres medlemmer, og vil statsråden ta initiativ til at de berørte trossamfunnene får etterbetalt årets støtte?»
Statsråd Hadia Tajik [11:47:20]: Tilskottsordninga for trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja omfattar meir enn 650 samfunn og rundt 500 000 medlemer. Behovet for framdrift og ein forsvarleg kontroll gjer det naudsynt med ein ufråvikeleg kravfrist. Lista med fødselsnummer for alle medlemer som det vert kravd tilskott for, skal verte send inn saman med kravet.
Det er nedfelt i Forskrift om registrerte og uregistrerte trossamfunn og i det årlege rundskrivet om tilskottsordninga.
I Kulturdepartementet sitt rundskriv om tilskott til trus- og livssynssamfunn 2012 heiter det m.a.:
«Tros- og livssynssamfunnene skal fylle ut vedlagte kravskjema og sende inn en digitalt lesbar oversikt over fødselsnummer for alle medlemmer det kreves tilskudd for på CD-ROM, minnepinne eller eventuelt diskett. Det vil ikke bli utbetalt tilskudd til tros- og livssynssamfunn som ikke sender inn slik medlemsoversikt.
Samfunnene må på forhånd forsikre seg om at CD-ROM-en/minnepinnen/disketten faktisk inneholder en oversikt over fødselsnummer og at filen er lesbar.»
Det heiter vidare i rundskrivet:
«Fylkesmennene kontrollerer ikke om CD-ROM-en/minnepinnen/disketten inneholder en fil eller om den er lese- eller passordbeskyttet. (…) Dersom det sendes inn en tom CD-ROM/minnepinne/diskett, skal kravet om statstilskudd avvises.»
Rundskrivet vart lagt ut på Kulturdepartementet si nettside 1. februar 2012, med andre ord i god tid før kravfristen gjekk ut. Dessutan sende fylkesmennene rundskrivet vidare til trus- og livssynssamfunna.
Me veit at det er viktig for samfunna å få det statlege tilskottet så tidleg som mogleg, og derfor er det lagt opp til at fylkesmennene skal ha betalt ut det statlege tilskottet innan 15. juni. Det er berre mogleg om den fastsette kravfristen ikkje vert fråviken.
Dei innsende medlemslistene er grunnlaget for utbetaling av både statleg og kommunalt tilskott, og til saman utgjer det i underkant av ein halv mrd. kr per år. Det er sjølvsagt heilt avgjerande å ha ein tilfredsstillande kontroll av innsende data. Alle innsende medlemslister vert kontrollerte mot kvarandre for å unngå dobbel medlemskap. Det krev at alle medlemslister er på plass i den augneblinken kontrollen skal gjennomførast.
Me må kunne leggje til grunn at leiarane i samfunna sjølv kontrollerer at så viktig informasjon som fødselsnummer m.m. er korrekt når materialet vert sendt inn.
Av dei om lag 650 samfunna som har sendt inn medlemslister i 2012, har Kulturdepartementet motteke seks klagar over avslag på grunn av tomme CD-ar, dvs. at nesten alle samfunna har sendt inn korrekte CD-ar eller minnepinnar.
Eg forstår at det er utfordrande for eit trussamfunn å få avslag, nettopp fordi denne ordninga er rettigheitsbasert, men av omsyn til likebehandlingsprinsippet må avslaget verte oppretthalde. Eg vil derfor ikkje ta initiativ til å få desse sakene omgjorde.
Hans Olav Syversen (KrF) [11:50:30]: Jeg må si jeg var litt spent på hvordan svaret ville bli, om det var det formalistiske som skulle trekkes fram, eller om det var å tenke at forvaltningen faktisk er til for dem som skal nyte godt av ulike tjenester som den gjør på vegne av oss alle i samfunnet.
Jeg må med skuffelse registrere at statsråden valgte den formalistiske tilnærmingen, og her var det – for å holde meg til terminologien som gjelder trossamfunn - ingen nåde. Dersom man av effektivitetshensyn – når man ser på litt andre ting, er det litt interessant at det verdsettes så høyt akkurat her – ikke kan ta en telefon eller sende en e-post og si at sorry, her ser det ikke ut til at det var noe innhold på CD-en, må jeg si at jeg synes det er å trekke effektivitetshensynet vel langt, men jeg forstår at statsråden ikke synes det.
Statsråd Hadia Tajik (A) [11:51:38]: Eg meiner at først og fremst handlar desse reglane om likebehandling, og det er ei viss rettferd i at ein har tydelege reglar, tydelege rundskriv, som til og med tek for seg heilt konkrete eksempel, som i dette tilfellet viste seg å skje i praksis, altså tomme CD-ar som har vore sende inn. Ein er heilt tydeleg på korleis det skal handterast, at det er trus- og livssynssamfunnas ansvar å sørgje for at den informasjonen dei sender inn, er riktig og korrekt og kan brukast til det formålet det er meint for.
I det lyset meiner eg òg at trus- og livssynssamfunna har fått den rettleiinga som dei treng for å kunne sende inn den informasjonen som skal til.
Hans Olav Syversen (KrF) [11:52:30]: Jeg tror ingen er uenig i at det er klart hva man skal gjøre, og hvilke frister som gjelder. Spørsmålet er heller at når man oppdager at det kanskje ved en tilfeldig feil er sendt inn en CD som er tom, kan man ikke, skjønner jeg, sende en e-post eller løfte opp røret og si at sorry, kan dere sende den en gang til, ellers får dere ikke noe støtte. Det blir for krevende, skjønner jeg, selv om jeg ikke skjønner det.
Jeg kan heller ikke forstå at dette har med likebehandling å gjøre. Alle skal jo få sine kroner, men spørsmålet er om man kan vise litt romslighet, litt fleksibilitet, når det er åpenbart at det her er gjort en feil, og når feilen faktisk kan rettes opp ved hjelp av en telefon eller en e-post. Så jeg får kanskje be statsråden tenke igjennom en gang til om hun kan se om det er mulig å være litt mer fleksibel enn det første svaret ga inntrykk av.
Statsråd Hadia Tajik (A) [11:53:38]: Det er ikkje vanskeleg å ha empati med dei trus- og livssynssamfunna som no opplever at dei har hamna i ein vanskeleg situasjon fordi dei ikkje har sendt inn tilstrekkeleg med informasjon då dei skulle sende det inn.
Eg registrerer at av dei nesten 650 trus- og livssynssamfunna som dette gjeld, har me motteke seks klagar. Det betyr at det overveldande fleirtalet klarer å halde seg til dei retningslinjene som er gitt, og at dei etter alt å døme er tydelege nok.
Det alternativet som representanten Syversen skisserer, vil i praksis eventuelt måtte innebere at fylkesmennene opnar alle CD-ROM-ane og sjekkar om dei inneheld ein fil med fødselsnummer, og deretter skriv til samfunna som har sendt inn ein tom CD, og gir ein frist for innsending av ny CD.
Eit anna alternativ ville ha vore at det vart gjort av Brønnøysundregistra etter at kravfristen er utløpt. Begge alternativa er tidkrevjande, fordi det er snakk om 650 samfunn, omtrent. Det vil forseinka tilskotsordninga, fordi samfunna ikkje kan motta tilskot før alle listene er kontrollerte mot kvarandre. Dermed handlar det både om likebehandling og om at ein forvaltar midlar på vegner av alle saman.
Presidenten: Da er sak nr. 2 ferdigbehandlet.