Stortinget - Møte onsdag den 18. januar 2012 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 3
Arne Sortevik (FrP) [11:06:22]: Det er spørsmål til samferdselsministeren som lyder:
«I NTP 2010–2019 ligger det strategi for å overføre transport av gods fra vei til bane. Målet er å legge til rette for en dobling av kapasiteten til å frakte gods med jernbane innen utgangen av 2019. Mål og strategi understrekes i tildelingsbrevet fra Samferdselsdepartementet til Jernbaneverket vedrørende statsbudsjettet for 2012. I tildelingsbrevet pekes det på samarbeid om å skape gode togtilbud; tett dialog med bl.a. togselskap og andre interessegrupper.
Hvordan følger statsråden opp samarbeidet mellom Jernbaneverket og NSB og mellom disse og brukerne?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:07:15]: Det er opna for konkurranse om godstransport på det norske jernbanenettet. Jernbaneverket har ansvaret med å tildela ruteleiger på jernbanenettet og på godsterminalar etter søknader frå togselskap som har nødvendig tryggleiksklarering frå Statens jernbanetilsyn.
I arbeidet med å leggja til rette for auka godstransport med jernbanen samarbeider Jernbaneverket tett med alle togselskap som har fått tilgang til å trafikkera jernbanenettet. Dette gjeld ikkje minst CargoNet AS som er ått av NSB AS, og som i dag er det største transportselskapet som driv med godstransport på det norske jernbanenettet. Arbeidet med å styrkja konkurranseevna til jernbanen i forhold til vegtrafikken er sentralt for å nå måla for jernbanepolitikken. Dette er m.a. òg understreka i tildelingsbrevet frå Samferdselsdepartementet til Jernbaneverket for 2012-budsjettet.
For å sikra ei profesjonell handtering av leverandør- og kunderelasjonen har Jernbaneverket på fleire nivå styrkt oppfølgingsarbeidet sitt i forhold til kundane. Det er etablert faste møtepunkt mellom Jernbaneverket og togselskapa både lokalt og sentralt for å drøfta tiltak for å betra tryggleiken og kvaliteten i togtrafikken. Jernbaneverket samarbeider difor òg med jernbaneselskapa i deira oppfølging av godskundar for å få best mogleg forståing av behova i transportmarknaden. Samferdselsdepartementet har i sitt tildelingsbrev til Jernbaneverket m.a. presisert at det er viktig å sikra nøytrale og opne prosesser i alle fasar av Jernbaneverket sine leveransar av ruteleiger til godsselskapa for slik å leggja tilhøva betre til rette for å få fleire aktørar på sporet.
Den viktigaste enkeltfaktoren for å gjera jernbanetransporten meir konkurransedyktig er i dag å få til ei meir punktleg og påliteleg trafikkavvikling. For å oppnå dette arbeider Jernbaneverket, i tett samarbeid med togselskapa, systematisk for å betra punktlegheita og regulariteten. Dette arbeidet har så langt vist seg å gje positive resultat.
Samferdselsdepartementet følgjer på si side opp samarbeidet mellom NSB sitt dotterselskap CargoNet, Jernbaneverket og brukarane i eigardialogen med NSB og når det dukkar opp behov som må drøftast særskilt.
Arne Sortevik (FrP) [11:09:53]: Takk for svaret.
Jeg er litt undrende til deler av det, for signalet fra CargoNet er nettopp at på grunn av manglende punktlighet og regularitet varsles det at man flytter gods fra jernbane til vei. Mitt poeng er imidlertid at NSB er langt mer kundebasert, har mer kundebasert fokus, enn etaten Jernbaneverket, noe som er nødvendig for å nå målet om å doble kapasiteten på godstransport på jernbanen innen 2019.
Oppfølgingsspørsmålet er: Hvordan sikrer departementet, og statsråden, at transportbrukerbehov og brukerdrevet investering i jernbane også får gjennomslag hos etaten Jernbaneverket? Det trengs jernbanelinjer for å kunne kjøre tog, og det trengs sikre linjer og god kapasitet for å kunne kjøre mye gods på tog.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:10:53]: Sjølv om vi no ser ei svært positiv utvikling, er ikkje driftsstabiliteten i godstrafikken god nok. Dette har samanheng med mange tiår med manglande vedlikehald og fornying av jernbaneinfrastrukturen. Difor har regjeringa valt å prioritera vedlikehaldet svært høgt. Løyvingane til drift og vedlikehald for 2010, 2011 og 2012 ligg om lag 1,3 mrd. kr høgare enn planramma for tilsvarande periode i NTP 2010–2019.
Til spørsmålet om å få gjennomslag frå Jernbaneverket si side for dette, er det ingen tvil om at Jernbaneverket er i full gang med å realisera betre skjenegang – det er dét dei brukar pengane til. Vi ser òg forbetring månad for månad.
Arne Sortevik (FrP) [11:11:57]: Perspektivet her er frem til 2019, og det er snakk om en fordobling. For å nå det målet må jernbanetilbudet forbedres, utvikles og utvides, også andre steder enn på det sentrale Østlandet. NSB har i sin mulighetsstudie i Bergen pekt på at jernbane mellom Åsane og Flesland, landets nest største flyplass – og om mulig også ny godshavn – vil kunne redusere bruk av privatbil med 20 pst. gjennom Bergen og fjerne 75 pst. av all godstrafikk som i dag kommer over havnen og jernbaneterminalen, og som flyttes over til veinettet i Bergen.
Hvorfor tar ikke statsråden eierstyring på dette prosjektet som NSB gjerne vil ha, men som Jernbaneverket ser ut til å ignorere?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:12:50]: Lat meg understreka ein gong til: Det å få meir gods over frå veg til bane og sjø er eit viktig mål for denne regjeringa. Vi er djupt urolege i forhold til den utviklinga vi no har sett, at når vi byggjer betre vegar, går det meir gods over på veg i staden for mindre. Dette er noko som vi arbeider kontinuerleg med på ulike felt.
Når det gjeld planar i Bergen, må dei inn i ein større samanheng – det kan endåtil vera at det er andre planar frå lokale myndigheiter enn det å følgja opp NSB sine planar. No får vi ei ypparleg moglegheit til drøfting både av Bergen og av andre område i ny Nasjonal transportplan. Samtidig må vi henga på alt vi kan med kortsiktige tiltak.