Stortinget - Møte onsdag den 23. november 2011 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 4
Arne Sortevik (FrP) [11:30:58]: Spørsmålet er som følger:
«Av 15 dødsulykker i trafikken i oktober 2011 er to i Hordaland. Hittil i år er også Hordaland overtydelig representert på statistikken over dødsulykker med 16 drepte av totalt 147. Samlet går antall dødsulykker tydelig ned, men det gjelder dessverre ikke Hordaland. Langt mer av veinettet er nå et fylkeskommunalt ansvar. Jeg går likevel ut fra at regjeringen og statsråden tar ansvar for trafikksikkerheten på både riks- og fylkeskommunale veier, og at man har et spesielt fokus på fylker med mange dødsulykker.
Hvordan?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:31:51]: Dei seinare åra har det vore ein klar reduksjon i talet på drepne og hardt skadde i Noreg. I 2010 vart 208 personar drepne i vegtrafikken. Dette er det lågaste talet på drepne i vegtrafikken sidan 1954. Utviklinga i år tyder på at talet i 2011 vil bli enda lågare. Samstundes har det vore ein viss auke i talet på drepne i Hordaland. Ulukkestala til no i år viser at Hordaland har færre som har mista livet i trafikken, enn på same tid i fjor. Like fullt er fylket framleis eit av fylka i landet med flest drepne, noko eg har fokus på. Når det gjeld hardt skadde, har det vore ein jamn nedgang dei siste ti åra.
Dei fleste dødsulukkene i Hordaland har skjedd på riksvegar, og det blir arbeidt kontinuerleg med tiltak for å betra situasjonen. Det blir òg gjort eit aktivt og omfattande arbeid for å betra trafikktryggleiken på fylkesvegane i Hordaland, og her samarbeider fleire partar.
Trafikktryggleiksutvalet i Hordaland blir leitt av fylkeskommunen, men òg Statens vegvesen og Trygg Trafikk er representerte. I utvalet er det eit godt samarbeid på tvers mellom ulike offentlege verksemder og frivillige organisasjonar. Dei har laga ein handlingsplan for trafikktryggleik som omfattar både vegtiltak og trafikanttiltak.
I Bergensprogrammet samarbeider Statens vegvesen med både fylkeskommunen og Bergen kommune. Her er det laga ein tiltaksplan i tråd med handlingsplanen for trafikktryggleik for fylkeskommunen og den kommunale trafikktryggleiksplanen. På same vis samarbeider Statens vegvesen med fylkeskommunen og Bømlo kommune i Bømlopakken. I Haugalandspakken samarbeider Statens vegvesen og fylkeskommunen med Etne kommune og Sveio kommune, og her blir òg trafikktryggleikstiltak på fylkesvegnettet prioritert. Statens vegvesen, fylkeskommunen, kommunen og politiet samarbeider òg om eit prosjekt på fv. 57 – ut mot Mongstad – i Nordhordland. Statens vegvesen deltek vidare i arbeidet med kommunale planar for å betra trafikktryggleiken i fylket.
Representanten Sortevik har fleire gonger teke opp ulukkessituasjonen på E16 mellom Bergen og Voss. Eg viser til svaret mitt på spørsmål nr. 211 til skriftleg svar.
Rapporten frå arbeidsgruppa som skulle sjå på strakstiltak, er no ferdig. Det betyr at dei prosjekta som er varsla der, vil bli sette i gang i tur og orden.
Staten har eit overordna ansvar for trafikktryggleiken på heile vegnettet, uavhengig av vegmyndigheit. Det er eit statleg ansvar gjennom overføring av tilstrekkelege økonomiske ressursar å gjera fylkeskommunane i stand til både å byggja, drifta og vedlikehalda eit vegnett som er effektivt og sikkert.
Arne Sortevik (FrP) [11:34:54]: Takk for svaret. Jeg er iallfall glad for at statsråden bekrefter at staten har et ansvar. Etter fremleggelsen av denne rapporten knyttet til E16 mellom Trengereid og Voss i forrige uke, som gjør at dette spørsmålet nå først kommer i dag, kunne man jo få inntrykk av at staten og regjeringen bruker som en unnskyldning for en svært bekymringsfull ulykkessituasjon på E16, at det har manglet trykk fra berørt fylke. Jeg forutsetter at staten gjør det som skal gjøres, uavhengig av om trykket fra fylket som låner grunn til en statlig vei, altså en europavei og riksvei, oppfattes som høyt eller lavt. Jeg vil gjerne at statsråden bekrefter at vi faktisk er enige om det, og at man i tillegg til planer som nå er omstendelig beskrevet av statsråden i første svar, også følger med den faktiske utvikling på ulykkessiden og sørger for at det blir gjort grep hvis den utviklingen er uheldig.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:36:00]: Til utsegnene som gjaldt fylket si prioritering av E16: I samband med dei nasjonale transportplanane kjem fylkeskommunen med sin uttale om kva som er viktigast å prioritera. I den samanhengen er det vorte meg fortalt at tidlegare fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg har stadfesta at det er tilfellet. Det har vorte følgt opp òg av min politiske rådgjevar. Eg har ikkje uttalt meg i den lei og kjem heller ikkje til å gjera det. Eg meiner vi skal vera opptekne av notida og situasjonen i notida, og av framtida, kva som kan gjerast for å førebyggja nye ulukker, og det er det som er mi oppgåve å følgja opp no.
Arne Sortevik (FrP) [11:37:05]: Jeg er glad for at statsråden har fokus på å bedre trafikksikkerheten på veiene i Hordaland, både på kort og på litt lengre sikt. Den rapporten som er lagt frem, har en del mangler når det gjelder tiltak på mellomlang sikt. Det som er det langsiktige, er å få bygd en sikrere vei. Når det gjelder E16, er det faktisk sånn at på andre siden av Voss er man i gang med detaljplanlegging for ny tunnel fra Vinje mot Oppheim i Voss kommune. Der ser det altså ut som om man velger en dårlig løsning, en kort tunnel, som fortsatt fører trafikken gjennom Oppheim, istedenfor å velge en lang tunnel, som altså vil gi sikrere transport og sikrere trafikk, fordi man leder trafikken utenfor tettbygde strøk. Man har til hensikt å øke farten på nybygd strekning, men den nybygde strekningen vil delvis gå gjennom tettbygd strøk. Vil statsråden se nærmere på dette?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:38:15]: Lat meg seia aller fyrst at det som er viktig no på kort sikt, er å følgja opp dei 21 tiltaka som arbeidsgruppa har kome fram til for E16. Det var ei litt merkeleg framstilling av dette i delar av media etterpå, der det såg ut som om det ikkje var pengar til desse tiltaka. Men når Region vest får auka sine midlar i 2012 som følgje av vårt budsjettforslag, har dei midlar, og då treng ikkje statsråden koma med nye pengar til Vaksdal – den dagen i førre veke.
Så er det E16 og utfordringane der vidare. Det er viktig å få meir av trafikken over på bane – difor dette samarbeidsprosjektet mellom bane og veg.
Så til E16 på andre sida av Voss. Der er svaret mitt: Det er ei sak som eg kjenner for lite til no, men som eg skal sjå nærmare på.
Presidenten: Neste spørrer er fortsatt Arne Sortevik, men det er helseministeren som skal svare.