Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 9. november 2011 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

Åshild Karoline Haugland (FrP) [12:09:53]: Jeg har gleden av å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«I planleggingsfasen av nye veitraseer eller oppgradering av etablerte veistrekninger legges det til grunn en gitt prognose for trafikkvekst. Historisk ser man at prognosen er underestimert i forhold til faktisk vekst, både på kort og lang sikt.

Vil statsråden ta initiativ til å forbedre modellen for beregning av trafikkvekst?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:10:22]: Ein ting er sikker: Framtida er uviss. Likevel må vi som grunnlag for avgjerder om ny transportinfrastruktur ha ei oppfatning av utviklinga langt fram i tid. Til dette nyttar vi transportmodellar som verktøy. Slike prognosar er meinte å vera langsiktige. Variasjonar frå år til år kan vi ikkje fanga opp. Kor gode eller dårlege dei er, må vi difor vurdera i eit langsiktig perspektiv.

Det er rett som representanten Haugland seier, at over tid har desse prognosane – eller grunnprognosane som dei er kalla – vore for låge. Dette kjem m.a. av at transportmodellane og andre grunnlagsdata som vart nytta på siste halvdel av 1990-talet, har nokre svake sider. Prognosar for økonomisk vekst og folkeauke er viktige element i grunnprognosane. Desse prognosane, eller framskrivingane, får vi frå Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå. Til dømes vart den verkelege økonomiske veksten større enn prognosen. Det vart dessutan i hovudsak nytta fylkesvise grunnprognosar som prognose for konkrete prosjekt.

Eg vil presisera at i tillegg til grunnprognosane kjem den trafikkveksten som eit nytt prosjekt kan skapa. Det kan vera anten nyskapt eller overført trafikk og vil avhenge av lokale tilhøve. Overført trafikk kan vera frå andre transportformer eller andre vegruter. Dette kan vurderast under analysen av dei einskilde prosjekta eller ein prosjektpakke.

Så til spørsmålet om kva vi gjer for å betra prognosane. Det skjer heile tida eit utviklingsarbeid i transportetatar og forskingsmiljø. Mellom anna kan vi no laga grunnprognosar for ei vegstrekning, ikkje berre på fylkesnivå. For byar er det viktig å få godt fram korleis belastninga på trafikksystemet varierer over tid. Det er ein tett dialog med Statistisk sentralbyrå og Finansdepartementet om levering av grunnlagsdata. Samla sett meiner eg at det no er eit betre grunnlag for trafikkprognosane enn tidlegare, men at framtida er uviss, kan vi aldri rekna oss vekk frå.

Åshild Karoline Haugland (FrP) [12:12:43]: Trafikkprognosene legges til grunn for å beregne lønnsomheten av veiprosjekter. Det brukes også for å beregne nedbetaling av veiprosjekter gjennom bompengefinansiering, som grunnlag for dimensjonering av veiene og for å beregne trafikksikkerhetsbehovet.

Metoden som benyttes for å lage disse prognosene, ble revidert i 2001. Transportøkonomisk institutt har sammenlignet de årlige trafikkprognosene med faktisk trafikkutvikling i perioden etter at prognosene ble revidert, og konkluderer fortsatt med at trafikkprognosene er for lave.

Er statsråden redd for at framtidig veiutbygging underdimensjoneres i forhold til trafikkvolumet?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:13:27]: Dersom vi går igjennom prognosar for ulike vegar, trur eg vi vil få noko ulikt resultat fordi det er faktorar her som er vanskelege å spå. Men at det er gode eksempel frå prosjekt som nyleg er ferdigstilte, på at prognosane tok feil, altså at prognosane var lågare, er det ingen tvil om. Det er òg derfor det er så viktig å arbeida med modellane uavlateleg – for å leggja eit så godt grunnlag som mogleg for ei avgjerd.

Åshild Karoline Haugland (FrP) [12:14:24]: Dersom trafikkprognosene underestimeres, vil det føre til at veistrekninger blir underdimensjonert. Dette er sløsing med samfunnets ressurser. Det har vært en debatt i dag hvor man viser klare eksempler på hvilke konsekvenser det får når veiene er underdimensjonert. Du får store trafikkutfordringer og sikkerhetsutfordringer. Når det gjelder hjemfylket mitt, Aust-Agder, er jeg veldig redd for at den nye traseen E39 fra Kristiansand vestover mot Stavanger vil bli bygd som en to- og trefeltsvei fordi man antar en urealistisk lav trafikkvekst.

Er statsråden enig i prinsippet om at all utbygging på rute 3 skal bygges som en firefelts vei?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:15:06]: Det er slik at det er ei KVU – konseptvalutgreiing – Søgne–Ålgård som er på høyring i desse dagar, der både departementet og regjeringa skal ta stilling til korleis den vegen skal byggjast. Etter at høyringa er over, vil denne avgjerda i tillegg vera eit av mange grunnlag for prioriteringar i neste Nasjonal transportplan.

Men det eg kan seia, er at det er ulike meiningar om denne vegen – om han skal byggjast som to- eller trefelts – eller firefelts på sikt. Det har eg allereie sett av høyringane. Difor er det viktig med eit så godt grunnlag som mogleg, og det er viktig å lytta til dei som køyrer denne strekninga, og som bur i området.

: