Stortinget - Møte onsdag den 12. oktober 2011 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 1
Borghild Tenden (V) [11:13:15]: Spørsmålet lyder som følger:
«På NRK Østlandssendingen kom det fram at Follobanen, Oslo–Ski, vil bli 2–3 år forsinket. Årsaken er tilsynelatende at Jernbaneverket skal utrede en ny trasé øst for Oslo S på grunn av historiske kvaliteter i bebyggelsen i området.
Siden disse områdene har vært i området siden middelalderen, derav navnet Middelalderbyen/-parken, hvilke nye forhold er kommet fram som man ikke har hatt mulighet til å ta høyde for da man lagde den opprinnelige tidsplanen for denne togstrekningen?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:13:51]: Nytt dobbeltspor mellom Oslo og Ski, òg nemnt som Follobanen, er utan samanlikning det største samferdselsprosjektet i Nasjonal transportplan 2010–2019. Med utbygginga av Follobanen vil strategien med fire spor innanfor det sentrale Oslo-området vera sluttført på dei viktigaste delane av dei tre hovudkorridorane. Nytt dobbeltspor på strekninga vil gje eit betydeleg betre og meir påliteleg togtilbod, på grunn av både auka kapasitet og redusert reisetid.
Follobanen er eit særs krevjande prosjekt å planleggja, ikkje minst gjeld dette innføringa av den nye banen mot Oslo S gjennom Middelalderparken og Minneparken. Dette er område av stor kulturhistorisk verdi. Det må dessutan takast omsyn til bustader, bygningar, ulike installasjonar under Ekebergåsen, m.m.
Gjennom arbeidet med planprogrammet og konsekvensutgreiinga er det vurdert ei lang rekkje med ulike løysingar. Omsynet til kapasiteten på Oslo S, moglegheita for å nå dei gjennomgåande spora i Oslotunnelen og tryggleiken og punktlegheita i togtrafikken har vore viktige utgreiingstema.
I konsekvensutgreiinga som vart send på høyring våren 2011, vart det lagt fram to ulike alternativ for innføringa av Follobanen til Oslo S. Begge inneber å leggja dagens Østfoldbane og inngåande Follobane i den såkalla Klypen. Utgåande Follobane vart foreslått lagd i dagens Østfoldbanekulvert i eit austre alternativ gjennom Gamlebyen gravlund eller i eit vestre alternativ gjennom busetnad langs Mosseveien.
I høyringa som hadde frist i juni i år, uttala riksantikvaren at begge alternativa vil innebera omfattande konfliktar med kulturminne av stor nasjonal verdi. Det er størst konflikt med det austre alternativet gjennom Gamlebyen gravlund. Riksantikvaren tek derfor atterhald om å fremja ei formell motsegn dersom omsynet til kulturminne ikkje blir vareteke på ein god nok måte.
I det vidare planarbeidet ynskjer difor Jernbaneverket, i dialog med riksantikvaren, å sjå om det er mogleg å redusera dei negative konsekvensane. Jernbaneverket vurderer no m.a. om det kan vera teknisk mogleg å leggja også den utgåande Follobanen gjennom Klypen. Ei slik løysing kan vera problematisk og utfordrande for m.a. Middelalderparken, ikkje minst i byggjetida. Jernbaneverket ser no konkret på kva tiltak som kan setjast i verk for å redusera inngrepa.
For dei reisande i denne korridoren er det sjølvsagt ikkje gunstig at prosjektet av denne grunn kanskje blir opp til eitt år forseinka. Det er likevel viktigare å finna den beste planløysinga for eit så stort prosjekt. Slik eg forstår det, nyttar Jernbaneverket topp kompetanse i utviklinga av Follobanen for å finna dei beste løysingane.
Dagfinn Høybråten hadde her overtatt presidentplassen.
Borghild Tenden (V) [11:16:54]: Jeg takker statsråden for svaret. Det er bra at statsråden her sier at det kanskje bare blir ett år forsinket. Det får vi følge nøye med på, for dette er en veldig viktig strekning. Det er jo sånn at flere statsråder har gått høyt på banen i valgkampen. Da blir det litt underlig at man kommer etter valget og varsler utsettelser, for man har jo hele tiden visst at dette er et veldig krevende område.
Det samme gjelder de rød-grønnes varslede togrevolusjon i 2012, som også er utsatt på ubestemt tid. Det ble også varslet før valget, i 2009. Hvorfor er det sånn at man bombastisk går ut i valgkamper og lover ting, og så kommer man luskende etter valget med utsettelser? Hvor ligger feilen? Er det slik at Jernbaneverket gjør en for dårlig jobb og ikke informerer statsråden godt nok, slik at man får nye opplysninger på et senere tidspunkt?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:18:00]: Til det siste fyrst, som gjeld ny grunnrutemodell: Det vart avklart i fjor at det trongst langt meir omfattande investeringar enn det som var føresett. Så er det ikkje slik at den modellen no er utsett på ubestemd tid. Det er tvert imot slik at vi har varsla at vi seinast i budsjettet for 2012 vil koma tilbake med ein ny dato. Eg reknar med at Borghild Tenden har fått med seg at no er ny grunnrutemodell tidfesta til desember 2014. Det er lagt eit omfattande løp i budsjettet for 2012 for kva som skal investerast for å vera i rute til det.
Eg må i tillegg understreka at sitatet frå Østlandssendinga, om to–tre år forseinking, tek eg avstand frå. Eg meiner det må vera klokt å ta seg dei månadene ekstra, som Jernbaneverket no ber om.
Borghild Tenden (V) [11:19:08]: Jeg takker statsråden igjen for svaret.
Jeg har lyst til å gå videre nettopp med intercitytrianglet, som denne banen er en del av. Flere politiske partier mener at intercitytrianglet bør være oppe å gå innen 2025. NHO har imidlertid regnet ut at med det tempoet vi har i dag, vil det ikke være oppe å gå før tidligst i 2046. Er statsråden komfortabel med dette, eller vil hun se på alternative finansieringer, som f.eks. et representantforslag som Venstre har fremmet i denne sal, eller «Gullsvilla», som Gudleiv Forr skrev om i en kommentar i Dagbladet på mandag?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:19:59]: Det er fint både at det er eit stort engasjement for å få denne banen på plass, og at det her er ei drøfting av ulike finansieringsordningar for å få det til. Mitt råd til Borghild Tenden vil vera å ikkje halda seg til desse påstandane om 2040. Det gjer ikkje eg, og det bør heller ikkje ho gjera. Prosjektleiaren i Jernbaneverket har uttalt at dersom vi startar opp i 2014 og har ei byggjetid på seks–sju år, vil Follobanen vera ferdig i 2019 eller i 2020. Vi vil koma tilbake med tidfesting på dei andre strekningane og på heile intercitytrianglet i samband med ny nasjonal transportplan. Vi legg for tida strekning etter strekning på plass der.