Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Interpellasjon fra representanten Tor Bremer til forsknings- og høyere utdanningsministeren:
«Fagskulane har ei viktig rolle i utdanningssystemet vårt. På dei fleste fagområda er dei fylkeskommunale og dei private fagskuletilboda komplementære. Fleirtalet av fagskuleutdanningane blir drive av private tilbydarar, og ansvaret for desse fagskulane er nå flytta frå statleg til fylkeskommunalt nivå. Fylkeskommunane står fritt til å avgjere om fagskuletilbodet i fylket skal realiserast i eigen regi eller gjennom finansiering av private tilbydarar. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga har ansvaret for å godkjenne fagskuleutdanningar. Med utgangspunkt i tilbakemeldingar frå ulike fylke virkar det som om dialogen om helse- og sosialfaga ikkje er den aller beste.
Korleis vurderer statsråden at samspelet mellom dei private fagskulane og fylkeskommunen bør utøvast, og kva vilkår og kva rolle bør desse fagskulane ha i utdanningssystemet vårt?»