Stortinget - Møte onsdag den 13. april 2011 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Spørsmål 4
Borghild Tenden (V) [11:35:35]: Spørsmålet lyder som følger: «E6 gjennom Gudbrandsdalen har vært et av prestisjeprosjektene innen norsk samferdsel den senere tid. 31. mars i år sendte imidlertid statsråden ut melding om at strekningen Ringebu–Otta nå skal utbygges etappevis, og ikke sammenhengende som tidligere anført.
På hvilken måte vil statsråden sikre at planlagte veiutbygginger kan gjøres sammenhengende i stedet for etappevis, og er statsråden villig til i større grad å la seg inspirere av hvordan andre land løser denne type utfordringer?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:36:08]: Eg meiner samanhengande utbygging er viktig. Eg er glad for at vi i dag har gode eksempel på det. No vil vi sjå fleire samanhengande utbyggingar i tida framover.
E6 Ringebu–Otta er ei strekning med mange ulukker. Det er viktig å koma i gang med ny veg. Delar av strekninga er ikkje ferdig planlagde. Prosjektet har vorte vesentleg dyrare. Ved å dela prosjektet i to etappar kan vi koma i gang med Frya–Sjoa som planlagt. Framleis er samanhengande utbygging ambisjonen. Den endelege avklaringa tek vi ved rulleringa av Nasjonal transportplan 2014–2023, altså våren 2013.
Regjeringa har i stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2010–1019 òg vurdert andre tiltak som vil leggja til rette for ei meir langsiktig utvikling av vegnettet. Utviklingskontraktar der drifts-, vedlikehalds-, og utviklingsoppgåver vil inngå i kontraktane, er eit slikt tiltak. Statens vegvesen arbeider no med å leggja til rette for at ein eller fleire slike kontraktar kan takast i bruk for delar av riksvegnettet alt i denne perioden. E6 på Helgeland er eit område der bruken av slike kontraktar kan vera aktuell.
Utviklingskontraktar kan leggja til rette for ei meir samordna langsiktig forvalting og utvikling av eit nærare definert vegnett, bl.a. gjennom at entreprenøren innanfor slike kontraktar vil kunna velja løysingar som reduserer kostnader i den etterfølgjande drifts- og vedlikehaldsfasen. I tillegg vil slike kontraktar leggja til rette for bl.a. betre ressursdisponering for entreprenøren, meir samordna massedisponering, lågare riggkostnader for entreprenøren og lågare byggherrekostnader. Statens vegvesen meiner generelt sett at slike kontraktar kan gje innsparingar i storleiken 10–15 pst.
Statens vegvesen har innretta planleggingsinnsatsen etter prioriteringane i Nasjonal transportplan 2010–2019 og gjennom sitt eige handlingsprogram for denne perioden. Eg meiner likevel det er grunnlag for å sjå på potensialet for å effektivisera planleggingsprosessen. Eg er kjend med at Statens vegvesen har starta eit arbeid for å sjå på korleis planleggingsprosessane kan effektiviserast innanfor gjeldande regelverk. Ambisjonen for arbeidet er at planleggingstida skal bli kortare utan at det set rettane til grunneigarar og viktige samfunnsinteresser i fare. Ei meir effektiv planlegging vil betre kunne leggja til rette for tidleg planavklaring på lengre strekningar som er prioriterte i NTP, og på den måten leggja til rette for meir samanhengande utbygging av lengre strekningar.
Borghild Tenden (V) [11:39:00]: I Aftenposten i november 2010 gikk tidligere samferdselsminister Kjell Opseth ut og kritiserte regjeringens utbyggingstempo og sa at «systemet er blitt et monster i tidsbruk og utsettelser».
I Nationen 11. april stilles spørsmålet: «Får Kleppa slutt på klattingen?»
Der blir det uttalt:
«Systemene for planlegging og bygging er like viktige som milliardene som bevilges. »
Nå merker jeg meg at samferdselsministeren snakker om nye måter å bygge vei på, gjennom utviklingskontrakter, og at planleggingsfasen skal bli kortere. Betyr det som samferdselsministeren sier nå, at vi vil se noe helt nytt fremover, og når vil vi se det?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:39:49]: For det fyrste når det gjeld klatting, er den fremste føresetnaden for å unngå det, meir pengar. Det har regjeringa vist i denne perioden, meir pengar til veg. Difor blir det òg meir samanhengande utbygging. Gardermoen–Kolomoen er eit eksempel, E18 gjennom Vestfold eit anna. Det finst fleire.
Sjølv var eg nettopp ved strekninga Minnesund–Dal, og fekk der sjå korleis prosjektet no kan byggjast – altså 19 km til 2,3 mrd. kr – med ei framdrift som er to år raskare enn ved privat utbygging. Det er forskjellig ein her skal gå gjennom.
Når det gjeld tidsperspektivet, kjem vi til å sjå noko allereie i denne perioden, og så kjem dei store drøftingane i samband med ny NTP, altså våren 2013.
Borghild Tenden (V) [11:40:58]: Analyser fra fagrapportene, som ble presentert 1. februar 2011 som underlagsmateriale i forbindelse med en ny NTP, peker på at det forventes en betydelig befolkningsvekst i byområdene våre. Med en økende befolkning kommer det også et økende transportbehov.
Så mitt spørsmål til samferdselsministeren er: Hvordan tenker statsråden seg at fremkommeligheten på vei og bane vil bli dersom ikke tempoet økes betraktelig? Nå hører jeg at statsråden tenker seg nye måter å bygge vei på. Det synes jeg er kjempespennende, og jeg spør en gang til: Når vil det komme? Vil det komme i rulleringen av NTP nå, eller vil vi se nye måter å bygge vei på først i neste NTP, og vil hun hente inspirasjon f.eks. fra Østerrike?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:42:00]: Fyrst når det gjeld stamnettutgreiingane: Dei har vist oss ei utvikling, og dei har peika på ei retning som det er viktig å vareta. Det betyr kollektivsatsing i byane, og det betyr meir veg i distrikta.
Til tidsperspektivet: Vi vil allereie sjå endringar denne perioden, fordi det no blir tilført meir pengar til veg år for år, og dermed blir det òg eit betre grunnlag for meir samanhengande utbygging.
Så til inspirasjon frå andre land: Ja, vi har bestilt ein eigen rapport til rulleringa, der vi hentar inn erfaringar med organisering og finansiering òg frå andre land. Men nye kontraktsformer kan kome allereie no. Eg nemnde Helgeland som eit eksempel – E6 på Helgeland er inne i inneverande periode.