Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 16. mars 2011 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Harald T. Nesvik (FrP) [11:16:13]: «Det har fremkommet spørsmål om hvorvidt det er mulig å få til en mer samordnet og langsiktig fremleggelse av rutetilbudet i Norge, slik at turoperatører som er helt avhengig av å kunne planlegge i en lengre horisont, vet hvilke ruter som går, og ikke minst når. For en nasjon som Norge med mange fergestrekninger, hurtigbåter og ikke minst mange gode opplevelser ute i distriktet må kunne samordne og planlegge innen samferdselssektoren bedre enn i dag.

Vil statsråden ta et slikt initiativ vedrørende ruteplanlegging?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:16:49]: Eg har forståing for at reiselivsnæringa ynskjer langsiktig ruteplanlegging. Turistar er ein viktig del av kollektivtrafikantane mange stader. Dette må ein ta omsyn til i ruteplanlegginga. Samtidig må kollektivtrafikken innrettast slik at ein kan handtera alle reisande på ein god måte, uavhengig av kven dei reisande er.

Langsiktig ruteplanlegging betyr låsing av ruteplanar over fleire år. Dette fører til ein tregleik som kan hindra naturleg marknadstilpassing og tilbodsutvikling i dei fastsette ruteperiodane.

Dersom ein ruteplan som skal gjelda i eitt år, skal liggja føre eitt år før han trer i kraft, betyr det at ruteplanen er låst for minst to år – eitt år i forkant pluss det året han skal gjelda. Det vil neppe opplevast som fleksibelt av verken lokale styresmakter, lokale brukarar, sentrale styresmakter eller operatørar.

Reiselivet sine behov må difor vurderast opp mot behova til andre næringar og kva som vil vera best for alle reisande, òg dei som ikkje er turistar.

For kommersielle ruter – fly, ekspressbussar og ferjeruter til utlandet – ligg det i driftskonseptet at ein må tilpassa seg marknaden. Det både kan og vil vera naudsynt for operatørane av desse rutene å kunna endra rutene i tråd med endringar i marknaden utan å måtta venta i fleire år for å få høve til å gjennomføra endringane. Ruter tilrettelagde gjennom offentlege kjøp må òg tilpassa seg ruteendringar i den kommersielle marknaden. Dette gjer det krevjande å påleggja alle operatørar i bransjen å koma med nye ruteplanar på ein felles dato.

Eg er ikkje einig i at ruteplanlegginga i samferdselssektoren ikkje er god i dag. Fylkeskommunane, som er ansvarlege for den lokale rutetrafikken i kvart fylke, samordnar alle sine ruter og tilpassar dei til det lokale behovet. Representanten Nesvik nemner ferjer og hurtigbåtar spesielt. Erfaringa er at ruteendringane i ferjesektoren er få og små. Dei fleste kjem av endringar i rutene til annan kollektivtrafikk. I eit lengre perspektiv har trenden i ferjesektoren vore fleire avgangar, som ein del av eit betre tilbod.

Lat meg likevel peika på at ruteplanlegginga og samordninga kan og bør bli betre. Eg vil vurdera om det skal stillast krav til at ruteplan skal fastsetjast og kunngjerast tidlegare i høve til det som blir praktisert i dag. Eg vil sjå dette i samanheng med departementet sitt pågåande arbeid med ein nasjonal reiseplanleggjar. Prosjektet har så langt omfatta utgreiing og forankring av ein organisasjon for etablering av ein nasjonal, konkurransenøytral reiseplanleggjar for kollektivtransport. Fylkeskommunane, transportetatane og kollektivtransporttilbydarane tek del i arbeidet med etablering og drift av reiseplanleggjaren som eit spleiselag og eit samarbeidsprosjekt. Det er konsensus om at det skal etablerast eit nasjonalt datagrunnlag basert på dagens regionale reiseplanleggjarar. Det blir lagt opp til å etablera denne planleggjaren i 2012.

Harald T. Nesvik (FrP) [11:20:01]: Statsråden var den 10. februar i år til stede hos NHO og fikk seg forelagt reiselivets samferdselsløft. Statsråden selv hadde ordet og innledningen i saken. Jeg var til stede og hørte statsråden si at hun nettopp ville se på det som hadde med disse rutefastsettelsene å gjøre. Det er i den forbindelse jeg stiller spørsmål om hva som er gjort, og om man vil gjøre noe, eller om man vil se på det i forbindelse med den nasjonale ruteplanleggeren.

La meg få utfordre statsråden bare på ett punkt. Man sier man skal utvikle en digital nasjonal reiseplanlegger, og den skal gjøres gjeldende fra 2012. Når vil man se utkastet til en slik ruteplanlegger? Og vil man da sørge for at den er nasjonal, dvs. at den ikke er avhengig av fylkesgrenser, som dagens ruteplanleggere er?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:21:03]: Eg kan ikkje her og no gå i detalj om framdrifta, altså når eit utkast vil vera klart. Det som eg kan seia, er at ein er utolmodig etter å få dette på plass. Som eg allereie har sagt: På den eine sida er det visse hinder her både i forhold til tid og i forhold til endringar i marknaden som gjer seg gjeldande for endra rutetider og samordning av rutetider. Samtidig er det heilt openbert at her er det eit behov for ei betre samordning enn i dag. Ein er utolmodig etter å få denne reiseplanleggjaren på plass. Og skal han vera nasjonal, må han gå på tvers av fylkesgrensene.

Harald T. Nesvik (FrP) [11:22:09]: Men hvis den skal gjøres gjeldende fra 2012, må vi forholde oss til 1. januar 2012. Da er det jo på tide at man i hvert fall begynner å se konturene av det arbeidet som er gjort, og ikke minst innspill til hva det skal innbefatte.

Vil man da sørge for at det er et system for billettbestilling i forbindelse med denne reiseplanleggeren? Vil man sørge for at dagens system blir bedre? Hvis du befinner deg i Bodø i Nordland og skal til Tromsø, og legger det inn i 177, får du beskjed om at Tromsø er et ukjent sted fordi det ikke finnes i det fylket, og vice versa. Det viser håpløsheten i dagens system.

Så spørsmålet til statsråden er følgende: Vil det bli opprettet et system for billettbestilling? Og vil man sørge for at man senest i budsjettet kan treffe en beslutning, slik at det gjøres gjeldende fra 1. januar 2012?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:23:12]: Lat meg aller fyrst seia at representanten Nesvik sjølv viser til eit utmerkt eksempel på korleis det ikkje skal vera.

Når det gjeld den detaljerte planlegginga, er det altså fylkeskommunane, transportetatane og kollektivtransporttilbydarane som arbeider i lag. Dette er eit arbeid som no er i full gang, både med sjølve etableringa og dei forpostfektingane som må gjerast der, og korleis drifta skal føregå.

På spørsmål nr. 2, som gjeld budsjettet for 2012, er svaret mitt ja. Min intensjon er at denne planleggjaren er på plass i 2012. Det betyr at her må det vera eit grunnlag for vedtak i statsbudsjettet for 2012.

Presidenten: Stortinget går nå til spørsmål 14.

: