Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 17. november 2010 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Øyvind Halleraker (H) [11:47:14]: Jeg har følgende spørsmål:

«Til tross for tilråding fra et offentlig utvalg nedsatt av samferdselsminister Navarsete, med Senterpartiets Ringstad som leder, går regjeringen imot å etablere et selvstendig og uavhengig veitilsyn. I statsbudsjettet går man inn for et veitilsyn innenfor Statens vegvesens organisasjon med behov for 5–10 nye årsverk.

Mener statsråden at denne bemanningen og organiseringen vil ivareta tilsynsoppgavene like godt som modellen som var anbefalt i NOU 2009:3 På sikker veg?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:47:53]: Som nemnt i representanten Halleraker sitt spørsmål er denne saka omtala i framlegget til statsbudsjett for 2011. Stortinget har fullt høve til å drøfta denne saka nærmare gjennom sitt arbeid med budsjettet. Det reknar eg med at dei òg vil gjera. Eg har lagt fram mitt syn i budsjettproposisjonen. Det er sjølvsagt dette som gjeld i dag.

Lat meg òg visa til at representanten Halleraker saman med andre representantar har lagt fram eit representantforslag, Dokument 8:22 for 2010–2011, som handlar om mange av dei same problemstillingane. Etter det eg har fått opplyst, legg Stortinget opp til at dette forslaget skal behandlast saman med budsjettet for 2011.

Eg er oppteken av å få mest mogleg igjen for dei ressursane vi brukar i samferdselssektoren. Eit tilsyn i vegsektoren skal etter mitt syn slik sett vera effektivt og eventuelt byggjast opp over tid. I proposisjonen står det at fem–ti årsverk vil vera behovet ved oppstart. At ei tilsynseining over noko tid vil kunne bli noko større enn dette, er sannsynleg. Men eg meiner at det ikkje er godtgjort at ein ressursbruk som skissert av fleirtalet i utvalet, er effektiv utnytting av ressursane.

Eit sjølvstendig tilsyn vart av fleirtalet i NOU 2009:3 På sikker veg rekna til å kosta 50–100 mill. kr årleg. I rapporten er det gjeve ei vurdering av kva nytte desse pengane kunne gjort for trafikktryggleiken om dei hadde vorte brukt på tiltak vi veit verkar for å få ned talet på drepne og skadde i vegtrafikken. Eg er oppteken av å få mest mogleg trafikktryggleik for pengane. Eg meiner slik sett at ei løysing som føreslått i statsbudsjettet for 2011 vil vera den beste.

Lat meg også understreka at regjeringa i proposisjonen legg til grunn at tilsyn i vegsektoren skal vera eit risikobasert systemtilsyn. At det er risikobasert, betyr at tilsynet skal ta tak i dei problemstillingane som inneber størst risiko for ulukker. Med systemtilsyn meiner ein at tilsynet skal sjå til at aktørane har etablert og følgjer dei systema som er fastsette for å skapa trygge vegar.

Øyvind Halleraker (H) [11:50:24]: Det er riktig at Høyre har gått inn for et uavhengig veg- og vegtrafikktilsyn. Det har også alle organisasjonene som arbeider med trafikk- og trafikksikringsspørsmål. Disse organisasjonene overses altså fullstendig av regjeringen.

Det er slik at fem–ti årsverk tilsvarer ca. 5–10 mill. kr i lønnsmidler, om man skal bruke samme målestokk. I utredningen som departementet legger fram og begrunner, er det altså 50–100 årsverk som er nødvendig for å opprette et uavhengig tilsyn. Her er det noe som ikke henger sammen. Kan det være slik at statsråden mener at disse merkostnadene absorberes av Statens vegvesens organisasjon uten at dette påvirker uhildetheten og den helt nødvendige fristillingen som troverdigheten for et slikt tilsyn er helt avhengig av?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:51:28]: Eg er litt usikker på kva eg høyrde, om eg høyrde «overkjører» eller «overser», men lat meg ta avstand frå at eg overser eller overkøyrer organisasjonane på dette feltet. Tvert imot varslar eg at det her skal opprettast eit eige tilsyn. Dette tilsynet skal vera risikobasert. Det betyr at det skal setjast inn på spesielle område alt etter kva som det er viktig å føra tilsyn med. Så blir det organisert som ei eining som ligg direkte inn under vegdirektøren.

Av og til kan det høyrast ut som om Statens vegvesen i dag ikkje har noko å halda seg til i høve til korleis ein veg skal sjå ut og fungera. Slik er det ikkje, og slik vil det heller ikkje vera framover.

Øyvind Halleraker (H) [11:52:32]: Jeg registrerer at jeg ikke får svar på spørsmålet. La meg da ha en litt annen vinkling på spørsmålet.

I Aftenposten i dag kan vi lese om tette bånd mellom forskningsinstitusjonene, TØI spesielt, og oppdragsgiverne – eierne – og at rapporter framstår som rene bestillingsverk og bærer preg av å være konsulentoppdrag med bestilt konklusjon, eller i beste fall en «open ending», slik at departementet kan legge inn konklusjonen.

Nå har det seg slik at i utvalget som utredet vegtilsyn, var det et mindretall som fikk viljen sin i departementet. Det mindretallet besto kanskje ikke overraskende av én representant fra Statens vegvesen, én representant fra TØI og én representant fra de øvrige departementene.

Ser statsråden at det er behov for å sette søkelys på departementets måte å styre såkalt uavhengige forskningsinstitusjoner og deres personell på, når slikt, som man i dette tilfellet opplever med Vegtilsynsutvalget, avdekkes?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:53:45]: TØI-rapporten er for så vidt eit anna spørsmål, men lat meg, sidan det vart nemnt, berre seia at det fyrste eg gjorde då eg kom på arbeid i dag, sjølvsagt var å sjekka nærare ut kva som her har skjedd, for slik det er framstilt i Aftenposten, skal det ikkje fungera. Eg må få lov til å koma tilbake med svar på det, rett og slett fordi eg ikkje har fått nødvendig grunnlagsmateriale.

Når det gjeld tette band mellom vegdirektøren og dette tilsynet, lat meg aller fyrst seia at her er det eit mindretal og eit fleirtal. For meg har hovudspørsmålet vore, om eg hadde 50–100 mill. kr: Kva vil eg bruka dei på? Då vil eg heller bruka dei på andre trafikktryggingstiltak enn på eit eige tilsyn. Her får vi altså begge delar – både tilsyn og betre trafikksikring.

Presidenten: Spørsmål 7 er besvart tidligere.

: